Hopp til innhold

Vil Kate lukkast like bra?

Brudekjolen til prinsesse Diana står igjen som eit ikon. Kvifor er den rojale brudekjolen så viktig? Ei ny utstilling gir oss svaret.

Når prins William giftar seg med sin Kate Middleton i Westminister Abbey vil alle auge vere på kjolen ho har på. Det er knytt store forventningar til kva den moteriktige komande prinsessa vil kle seg i, men det er framleis ein løyndom.

På Kensington Palace i London er rojale brudekjolar frå dei siste 200 åra på sjeldan utstilling. Seniorkurator Joanna Marschner, sjef for samlinga og forfattar av boka «The Royal Wedding Dresses» meiner brudekjolane viser endring i synet på kongelege bryllaup.

– Spegla politiske alliansar

– Ser ein tilbake på historia var kongelege bryllaup ein del av utanrikspolitikken. Giftarmåla spegla politiske alliansar og diplomatiske foreiningar. På den måten kunne brudekjolen vise kva inntrykk det gav av nasjonen, seier Marschner til nettstaden til museet.

Sjå videoen her:

Kjolane er vanlegvis oppbevart på Kensington Palace, men har blitt offentleggjort for media i samband med det kongelege bryllaupet i England.

– Kongelege brudekjolar har alltid sendt ut meldingar. Sjølv dei enklaste kjolane kunne gje mangetydige bodskap, seier Marschner og brukar dronning Victoria som døme.

Dronning Elizabeth og Prins Philip

Dronning Elizabeth gifta seg i etterkrigstida og hadde få materialar å velje mellom. Ho gjekk for engelsk design.

Foto: AP / AP

Ho var den første som gifta seg i kvit kjole i 1840, med Albert Saxe-Coburg. Tidlegare hadde svart vore ein vanleg farge på brudekjolane. Kjolen Victoria bar var enkel, men likevel full av meining. Den var av engelsk silke, vevd i Spitalfields, aust i London, og dekorert med engelske blonder, spesialbestilt frå landsbyane Honiton og Beer, vest i England, noko som fekk mykje merksemd på den tida.

– På bryllaupsdagen sin ropte Victoria faktisk ut høgt kva Storbritannia hadde å vere stolte av, med valet av kjole, seier Marschner.

LES: Slik har de kongelige giftet seg

Symbolsk

Også prinsesse Alexandra av Danmark såg kva signal ein brudekjole kunne sende ut. Ho gifta seg med prins Albert Edward, seinare Edward VII, i 1893, i ein kjole i engelsk silke, laga av ein London-designar. På kjolen var det roser, kløver og tistlar, kvart symbol ein representant for England, Irland og Skottland.

Marschner meiner kjolane frå det tjuande århundret viser kor viktig det er å ikkje trå feil med brudekjolen. Då den noverande dronninga, Elizabeth, gifta seg i 1947 hadde det nett vore to verdskrigar. Det var ei tid med rasjonering av klede, få materialar å ta av og færre moglegheiter i val av brudekjole.

Saman med designaren Norman Hartnell lot Elizabeth seg inspirere av måleriet «Primavera» av Botticelli, som førestiller vårgudinna. Brudekjolen vart slik eit teikn på fornying og betre tider, med silke og blomsterbroderi.

Britain Royal Wedding Royal Dresses

Dronning Victoria var den første som gifta seg i kvitt i 1840, i denne kjolen.

Foto: Richard Lea-Hair / Ap

Brudekjolane veks i volum

Prinsesse Diana heldt ikkje mykje tilbake i sitt val av brudekjole. Kjolen, som var designa av Elizabeth og David Emanuel, har blitt eit ikon og er kopiert tallause gongar sidan. Stor og bølgjande, med eit langt kvitt slep, typisk for brudemoten på 80-talet.

– Framveksten av massemedia har hatt enorm påverknad på brudekjolane. Dei måtte vekse i takt med forventningane frå media. For eksempel har utplassering av kamera overalt i Westminister Abbey betydd at kjolane må leve opp til lokalet og vere av eit slikt designkaliber at dei toler den uendelege granskinga dei blir utsett for, forklarar Joanna Marschner.

– Kjolane skal vere store, prangande og gje ei melding. Dei blir feira og debattert, både av pressa og folket, seier ho.

Mette-Marit

Kronprinsesse Mette-Marit fekk skryt for kjolen sin i 2001. Blomsterbuketten var det verre med.

Foto: Pedersen, Terje / SCANPIX

Kritikk for blomsterbukett

Også her i Noreg har dei kongelege brudekjolane blitt debattert heftig. Kronprinsesse Mette-Marit fekk mykje skryt for brudekjolen sin, som vart laga av Ove Harder Finseth i 2001. Den var av 125 meter silkecrepe, hadde lange armar og eit seks meter langt slør. Diademet var frå 1910 og ei gåve frå kongeparet. Kjolen skal ha vore inspirert av dronning Maud.

Men den lange blomsterbuketten ho bar med seg vekte ikkje like stor begeistring blant moteekspertane. Det er altså ikkje berre i val av brudekjole dei kongelege må vokte seg for å trå feil. Fredag får vi svaret på om Kate Middelton og brudekjolen hennar går inn i historia som ein suksess eller eit feilsteg.

LES ALT OM DET KONGELEGE BRYLLAUPET HER

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.