Får tre nyskrivne trompetkonsertar

Tine Thing Helseth, her under ein konsert i Trefoldighetskirken i Oslo.
Foto: Lise Åserud/NTB ScanpixEin dansk, ein svensk og ein norsk komponist skal skrive nye trompetkonsertar for Tine Thing Helseth, for urframføring neste år. – Det er eit privilegium å få vere med på å utvikle trompetrepertoaret, seier Tine Thing Helseth.
Publisert 12.06.2012 13:30.
- Skriv ut
Tine Thing Helseth (24) kan mange trompetkonsertar frå før, men neste år må ho øve inn minst tre nye. Kringkastingsorkestret har stått for bestillinga av konserten frå norske Alfred Janson (75), som blir spelt for første gong 27. april neste år.

Alfred Janson.
Foto: Erling Wicklund/NRK
Bent Sørensen.
Foto: PresseKonserten av svenske Britta Byström (35) får premiere først, med Nordiska Kammarorkestern i februar, medan ein ny konsert av danske Bent Sørensen (53) vert å høyre både i Bergen, Göteborg og København i løpet av sesongen 2013/2014.
– Viktig at det ikkje blir sport
Mange stjernesolistar gjennom tidene har brukt høvet til å vise fram sine fremste tekniske finessar med nye konsertar, men Tine Thing Helseth har klart for seg kva som er viktigast for henne når ho får musikk skrive spesielt for seg:
– Det viktigaste er at det blir musikk for musikken si skuld, seier ho til NRK.no.
– Det er ikkje om å gjere å spele det raraste ein kan finne på for instrumentet. Viss det er snakk om verkemiddel i musikkens teneste er det ok, men det er viktig at det ikkje blir sport – blir det berre «show-off», er eg ikkje så happy for det.
– Alle skriv for min måte å spele på
Frå før har Stig Nordhagen skrive ein trompetkonsert for Tine Thing Helseth, som ho urframførte med Luftforsvarets Musikkorps og blåsarar frå Trondheim Symfoniorkester i mars.
– Det er eit privilegium å få vere med på å utvikle trompetrepertoaret. Dei ulike komponistane skriv jo forskjellig, men alle skriv for min måte å spele på. Dermed får min spelestil spreiing i nye konsertar som vert skrivne.
Trompetarar har færre solistkonsertar å velje mellom enn til dømes fiolinistar og pianistar, men Helseth synest likevel ho har mykje å velje i:
– Vi har ein del repertoar, men ikkje mykje som er så godt kjent – andre instrument har nok fleire konsertar som publikum kjenner. Når eg spelar utanlands, vert eg ofte spurt om å spele nyare musikk, også verk som ikkje er skrivne for meg – og dei vert glade om eg spelar norsk musikk.

Publikums 17. mai-bilder






















