23.05.2013

McCartney 70 år i dag

Paul McCartney 70 år

  • Paul McCartney fyller 70 år i dag, 18. juni.
  • Paul McCartney og John Lennon på The Beatles sin første USA-turne.
  • Paul McCartney på pressekonferanse i samband med lanseringa av plata 'Kisses on the Bottom'.
  • Paul McCartney på pressekonferanse i 2007.
  • McCartney fekk endeleg spele i Kreml, Russland i 2003. The Beatles vart derimot bannlyst frå å spele her.
  • Sir Paul spelte på Grammy Awards i 2006.
  • Paul McCartney saman med kona Linda McCartney. Ho døydde av brystkreft i 1998.
  • McCartney saman med si andre kone, Heather Mills. Dei skilde seg i 2006.
  • The Beatles i ung alder: John, George, Paul og Ringo.
  • Ringo Starr og Paul McCartney, dei to gjenlevande frå The Beatles.
  • Paul McCartney er ivrig dyrevernsaktivist og vegetarianar. Her med ekskona Heather Mills og ein selunge.
  • Paul McCartney har besøkt Noreg fleire gongar. Her syng han under Nobelkonserten i 2001.
  • Eit av dei mest kjente albumcover gjennom tidene: 'Abbey Road' av The Beatles.
  • The Beatles under sin første USA-turne i 1964.

Han har vore premissleverandør for popmusikken i nesten 50 år. Fans over heile verda hyllar Sir Paul McCartney på den store dagen.

Han har prega popmusikken dei siste fem tiåra, som komponist, musikar og songar. I dag feirar Sir Paul McCartney 70-årsdagen sin, og med han feirar fans og musikarar over heile verda.

– Vi finn ikkje ein person som har hatt større påverknad på dagens popmusikk enn Paul McCartney. Då tenkjer eg ikkje på livsstilen, men musikken og den musikalske utviklinga han står for, seier Bård Ose, NRK-journalist i P.I.L.S. og forfattar av boka «Beatles hele livet».

Blir ståande

Paul McCartney står bak over 50 topp ti-låtar, med og utan The Beatles, og det er meir enn nokon annan popkomponist. Sidan han vart med i The Beatles i 1957, har han gleda fans med stadig nye hits, både i The Beatles, Wings og som soloartist. I ein alder av 70 år er han framleis aktiv.

SJÅ DOKUMENTARAR I NETT-TV:

Beatlesspesialist Ose trekkjer fram «Yesterday» som eit høgdepunkt, fordi låten vart eit vendepunkt både for McCartney og populærmusikken.

– Då «Yesterday» kom ut i 1965 var det ein populærkomposisjon frå eit rockeband som foreldregenerasjonen måtte innrømme var god. Den var eit bevis på at denne musikken kunne ha kvalitet som varte, og slik starta ein ny tidsalder i populærmusikken, meiner Ose.

– Så kan ein seie, med rette, at utan John Lennon hadde ikkje McCartney klart å kome dit han er i dag. Men McCartney har halde på i 50 år, utan å gå ned i kvalitet, og er den som blir ståande, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ed Sullivan og The Beatles øver før The Beatles første opptreden i USA. (AP)

Ed Sullivan og The Beatles øvar før The Beatles sin første opptreden i USA.

AP

Aktiv 70-åring

Linda Engebråten er president i Norwegian Wood - Den norske Beatlesklubben, som har cirka 700 medlemer. Ho feirar dagen med musikk, vegetarmat (Paul McCartney er vegetarianar og dyrevernsaktivist) og andre Beatles-frelste.

– Eg vil trekkje fram komponisten Paul McCartney, som leikar med alt frå tradisjonell britisk vaudeville-musikk, til avantgardistisk og eksperimentell musikk. I tillegg har du multiinstrumentalisten, som kan spele på alt han tar i, sjølv om han framleis ikkje les notar, seier ho entusiastisk.

LES OGSÅ: Slik har du aldri sett McCartney

Ho er glad i både Beatles-, Wings- og soloperioden.

– Han har bidratt gjennom alle tiåra, og vart mellom anna nominert til Grammy for beste alternative album i ein alder av 59!

Engebråten framhevar også den store songaren, som stadig vinn prisar for beste pop- og rockevokal.

Feirar med coverlåt

Paul McCartney (Foto: MICHEL EULER/AP)

– Aktiv i ein alder av 70 år. Held han framleis same nivået?

– I den kulturelle konteksten vil musikken hans aldri ha same meining som den hadde på 1960- og -70-talet. Men han gir framleis ut musikk med den høgste kvalitet, meiner Linda Engebråten.

Dei britiske avisene er fulle av stoff om den store popkomponisten i dag. The Guardian har publisert eit stort nyheitsarkiv med store augneblink frå hans liv.

Fans over heile verda hyllar Sir Paul, og artisten Paul Weller har spelt inn ein cover av The Beatles «Birthday» frå 1968, til ære for han. Låten er eksklusivt i sal ut dagen, og alle inntektene går til War Child Organization.

HØYR: Paul Weller - «Birthday»

Paul McCartney

  • Navn: James Paul McCartney
  • Født: 18 juni 1942, Liverpool, England
  • Genrer: Rock'n'Roll, Rock, Pop, Psykedelisk Rock, Klassisk
  • Yrke: Vokalist, låtskriver, komponist, musiker
  • Instrumenter: Bass, Piano, Orgel, Gitar, Trommer, Perkusjon, Ukulele
  • Aktiv: 1957-
  • Plateselskap: Parlophone, Capitol, Apple, CBS, EMI
  • Band: The Beatles (og forgjengere), Wings
  • Offisiell webside: www.paulmccartney.com

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Facebook Threat (Foto: Paul Bilodeau/Ap)

En smakløs sangtekst eller oppfordring til terror? Cameron Dambrosio, som rapper under navnet 'Cammy Dee' har vært fengslet siden begynnelsen av mai på grunn av en Facebook-oppdatering.

Foto: Paul Bilodeau/Ap

Skrev om Boston-bombing på Facebook – risikerer 20 års fengsel

Den 18 år gamle amatørrapperen Cameron Dambrosio risikerer en langvarig fengselsstraff etter å ha kommet med bombetrusler på Facebook.

Harry potter og de vises sten førsteutgave (Foto: WILL OLIVER/Afp)

En førsteutgave av 'Harry Potter og de vises sten' med håndtegnede illustrasjoner og notater fra forfatteren J.K Rowling ble solgt for en rekordsum på auksjon denne uken.

Foto: WILL OLIVER/Afp

«Harry Potter» solgt for rekordsum

En unik førsteutgave av J.K Rowlings «Harry Potter og de vises sten» ble solgt for over 1,3 millioner kroner under en veldedighetsauksjon i London tirsdag kveld.

Norsk Tipping (Foto: Norsk Tipping/Try reklamebyrå)

«Fredrik» la ut hele sitt forrige liv på Finn.no, og delte ut biler, utstoppede elghoder, møbler og innbo. Det hele var et reklamestunt for Norsk Tipping.

Foto: Norsk Tipping/Try reklamebyrå

Norsk Tipping bøtelagt

Lottomillionæren «Fredrik» ga bort alle sine ting på Finn.no, og mange tusen mennesker meldte seg på. Men «Fredrik» var bare en reklamefigur for Norsk Tipping, og nå må Norsk Tipping betale.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.