Breakdance møter ballett i Operaen
NETT-TV: Opptak frå prøvene til framsyninga «KingWings vs Nasjonalballetten».
KingWings Crew hadde suksess i Norske Talenter – no møter dei ballettdansarar på scenen i Operaen. – Vi elskar å sjå folk gjere ville ting, seier påtroppande ballettsjef Ingrid Lorentzen.
Publisert 20.06.2012 18:45. Oppdatert 20.06.2012 20:06.
- Skriv ut
Denne veka er det duka for ei ny oppleving ikkje berre for KingWings Crew, men for det norske dansepublikummet, når framsyninga «KingWings vs Nasjonalballetten» har premiere med innslag av både breaking, battling og tåspissdans.
– Har ein vanvettig effekt på kvarandre

Ingrid Lorentzen.
Foto: Lucian Muntean/NRK
Patrick King.
Foto: Lucian Muntean/NRK
Bao Andre Nguyen i KingWings.
Foto: Lucian Muntean/NRKIngrid Lorentzen er ballettsjef ved Den Norske Opera & Ballett frå 1. august, og får ikkje for alvor sett sitt preg på repertoaret før i sesongen 2013-2014, men det opna seg altså ei luke til å påverke programmet:
– Det var ei opning i sommarprogrammet, og for meg var det soleklart kva eg ville fylle den med, seier Ingrid Lorentzen til NRK.
Ideen til framsyninga oppstod under Olympiatoppens samling hausten 2011, der dansarane møtte kvarandre.
– Her har vi ei blanding som er heilt fantastisk. Folk i alle aldrar vert heilt slått ut når desse formene møtest – det klassiske mot det ekstremt tekniske. Vi elskar å sjå folk gjere ville ting, og blir imponert. Vi miksar ikkje formene berre for å mikse – men fordi dei har ein vanvettig effekt på kvarandre.
– Viktig og modig gjort av Operaen
Dansaren og koreografen Patrick King har utforma konseptet og regisserer framsyninga, som inneheld scener frå ballettklassikarar som Giselle og Svanesjøen.
– Eg synest det er veldig viktig og modig gjort av Operaen å invitere gatedansen inn på den store scenen, seier Patrick King.
– Eg håper publikum går ut frå framsyninga med eit stort smil om munnen og lyst til å danse!
Bao Andre Nguyen, ein av KingWings-dansarane, synest samarbeidet er lærerikt, og understrekar verdien av å jobbe med dansarar med ulik bakgrunn:
– Det er to heilt forskjellige verder og uttrykksformer som møtest, og både styrkane og veikskapane våre kjem raskt fram. Dei har ting eg ikkje har, og eg har ting dei ikkje har. Dette gjer at eg som person, menneske og dansar utviklar meg.

Stine Østvold Aamodt i aksjon saman med dansarar frå KingWings.
Foto: Lucian Muntean/NRK– Eg har prøvd eit par triks

Stine Østvold Aamodt.
Foto: Lucian Muntean/NRKOgså på ballettsida av samarbeidet er entusiasmen tydeleg:
– Vi utfyller kvarandre – vi har det grasiøse og estetiske, medan dei har det veldig dynamiske og eksplosive, seier Stine Østvold Aamodt, ballettdansar ved Nasjonalballetten.
– Vi har nokre delar som vi gjer kvar for oss, og nokre som vi gjer i lag. Det er utruleg spennande når vi får danse i lag, og uttrykka passar veldig godt saman!
Stine Østvold Aamodt kom til dansen frå rytmisk sportsgymnastikk, og har ingenting mot å blande ulike uttrykk:
– Som dansar føler eg det er viktig å vere open for alle stilartar, eg har prøvd å vere så allsidig som mogleg. Eg skulle gjerne lært meg litt av det dei får til – eg har i alle fall prøvd eit par triks!

Publikums 17. mai-bilder






















