Sjå dei beste reisefotografia frå heile verda
Verdas beste reisefotografar har blitt kåra. Dei spektakulære bileta frå «Travel Photographer of the Year»-konkurransen blir stilte ut i London i sommar.
Publisert 21.06.2012 17:28.
- Skriv ut

Foto: Thomas Kokta, Tyskland/www.tpoty.com
Besøkjande av «Travel Photographer og the Year»-utstillinga i London får seg ein tur rundt jorda gjennom linsene til nokon av dei beste reisefotografane i verda.
Både amatørar og profesjonelle var med i konkurransen, som samla bidrag frå over 90 land.
- Sjå alle vinnarane på www.tpoty.com

Foto: Malgorzata Pioro, Polen/www.tpoty.com
Ung og gamal
«Travel Photographer of the Year» er ein av dei gjævaste fotokonkurransane i verda.
Den vart innført i 2003 og er open for både amatørar og profesjonelle. Frå alle land og i alle aldrar.
Den eldste deltakaren som har vore med var 88 år, den yngste, berre fem.
Fotografar frå 35 forskjellige land har hittil vunne konkurransen.
I år fekk norske Johnny Haglund heiderleg omtale i to av kategoriane.
- LES OGSÅ: Erik Johanssons umoglege fotografi
Mange kategoriar

Foto: Louis Montrose, USA/www.tpoty.com
Det er forskjellige kategoriar i konkurransen, til dømes «Kultur og tradisjon», «Eksotisk» eller «Eventyr».
Nokre av kategoriane er for portfoliar, og nokre er for enkeltbilete.
Med mange kategoriar, og fleire bilete i portfoliane, blir det mange vinnarar, andreplassar, og mange heiderlege omtale.
Men ein fotograf stikk av med tittelen «Travel Photographer of the Year 2011», og i år vart det amerikanske Louis Montrose.
Utstillinga har gratis inngang og blir å finne på Royal Geographical Society (with IBG) i London frå 22. juni til 19. august 2012.
- LES OGSÅ: Dette er ikke fotografier
- LES OGSÅ: Fotografen som vart gløymt

























Vinnarbilete frå Travel Photographer of the Year
Publikums 17. mai-bilder




















