Må sju år i fengsel for karikaturteikning på Facebook

Det tunisiske flagget er innsmurt i blod på denne Facebook-sida frå 2011, starta av regimekritiske studentar. Sosiale medier spela ei viktig rolle under den arabiske våren, men no kan islamkritiske innlegg på Facebook føra til rettsleg forfølging i Tunisia.
Foto: MAL Langsdon/ReutersJabeur Mejri publiserte ein karikatur av Muhammed på Facebook. Som straff får han sju og eit halvt års fengsel i Tunisia.
Publisert 25.06.2012 10:54.
- Skriv ut
Jabeur Mejri og kameraten Ghazi Beji frå Tunisia publiserte ein karikatur av profeten Muhammed på Facebook.
For dette vart dei dømt til sju og eit halvt års fengsel i mars i år. Saka vart anka, men denne vart avvist i dag, seier ei kjelde i det tunisiske rettsystemet til nyheitsbyrået AFP.
– Dei får straffa fordi dei kryssar moralske grenser, dei injurierer og forstyrrar offentleg ro, sa talsmann for det tunisiske Justisdepartementet, Chokri Nefti, til Al Arabiya News.

Jabeur Mejri og Ghazi Beji får støtte på Facebook.
Foto: Skjermdump, FacebookVenen torturert
Kameratane er begge i slutten av tjueåra. Ghazi Beji har flykta frå Tunisia til Hellas, melder Tunisia Live. Jabeur Mejri vart fengsla i mars i år.
– Eg er blitt fortald at Jabeur Mejri nemnte namnet mitt då han vart torturert. Då eg høyrde kva som hende med venen min, visste eg at eg måtte flykta, seier Ghazi Beji til Tunisia Live.

Radikale islamistar laga uro i Tunisia etter kunstutstilling for to veker sidan.
Foto: ZOUBEIR SOUISSI/ReutersOpptøyar etter kunstutstilling
Dette er ikkje første gong karikaturar har skapa oppstand i Tunisa. Hundrevis av islamistar demonstrerte mot ei kunstutstilling for to veker sidan.
Eit av bileta som vart utstilt viser Guds namn stava med hjelp av insekt. Opptøyane var dominerte av radikale islamistar og førde til portforbod over heile landet.
Gnisten til den arabiske våren starta i Tunisia, då ein gateseljar sette fyr på seg sjølv i protest mot lokale styresmakter. Landet vart kvitt president Zine El Abidine Ben Ali i januar 2011, han hadde då styra landet i 23 år.
Moderate islamistar fekk fleirtal etter valet til nasjonalforsamling i mars 2011, internasjonale observatørar omtala valet som fritt og rettferdig. Mange kritiserer no styresmaktene for å ikkje ta eit oppgjer med salafistane, ei radikal islamistisk rørsle.
Tunisia
- Topplaus-feministar i fengsel
- Pupperettssak i Tunisia utsatt
- Amina er i fengsel for nakenprotest
- Bråk mellom salafister og politi
- Frykter hevn etter toppløsprotest
- Antatt politiker-drapsmann tatt
- Skal danne ny tunisisk regjering
- Arresterte drapsmistenkt i Tunisia
- Tunisias statsminister trekker seg
- Ingen ny regjering i Tunisia
- Begravelse ble politisk markering

NRKs sommerbåt er på vei

























