24.05.2013

Idrettsutøvarane sine ritual – til hjelp eller berre overtru?

Tiger Woods (Foto: Paul Kitagaki Jr./Ap)

Kvifor har Tiger Woods på seg ei raud skjorte på Søndagar? På grunn av horoskopet sitt vel.

Foto: Paul Kitagaki Jr./Ap

Toppidrettsutøvarar har naturlegvis vinnarinstinktet på plass og er villig til å gjere mykje for å nå til topps. Men rituala nokon av dei har innarbeida kan få ein til å klø seg i hovudet.

Menneske er vanedyr, blir det sagt. Men nokre av våre idrettsstjerner er meir opptekne av sine vanar enn oss andre.

John Terry  (Foto: IAN KINGTON/AFP)

Chelsea-kaptein John Terry har eit spesielt forhold til songaren Usher.

Foto: IAN KINGTON/AFP
rafael nadal shorts (Foto: veroyama/Flickr)

Rafa må alltid pirke seg bak.

Foto: veroyama/Flickr

Golfstjerna Tiger Woods har alltid på seg ei raud skjorte på den siste dagen av ein golfturnering. Dette har han visstnok gjort sidan han var åtte år gamal.

Woods forklarar dette med at mora hans sa at han etter horoskopet er ein Steinbukk og ville ha mest styrke når han brukar raudt.

Difor sparar han dette «trikset» til den siste dagen i ei turnering.

Må ha alle shortsane i NBA

Basketballspelaren Jason Terry frå Dallas Maveriks søv i shortsen til motstandaren natta før ein kamp mot dei.

Han har klart å skaffe seg ein shorts frå kvart lag i NBA, og om eit lag byter uniform, ja så må Terry få tak i ein ny shorts.

Fotballspelar John Terry, kaptein for Chelsea og England, må visstnok høyre på den same Usher-CD-en på veg til ein kamp. Han brukte også dei same leggbeskyttarane i over ti år.

Verdstoar i tennis, Rafael Nadal, må setje drikkeflaskene sine ned nøyaktig der han tok dei frå under ein tenniskamp.

Han har også ein vane med å dra shortsen ut av rumpa før han server, uansett om shortsen har «sett seg fast» eller ikkje.

(Saka held fram)

Jason Terry  Dallas Mavericks (Foto: Mike Stone/Reuters)

Me kan vere nesten heilt sikre på at Jason Terry frå Dallas Mavericks sov med ein Los Angeles Lakers-shorts natta før dette biletet vart teke.

Foto: Mike Stone/Reuters
Serena Williams (Foto: Miguel Medina/Afp)

Serena Williams.

Foto: Miguel Medina/Afp

Sure sokkar

Og det finst fleire eksemplar frå tennisverda også.

Andre Agassi måtte alltid ta tre dusjar før ein kamp, i tre forskjellige dusjar. Og nåde den som rørte tennisbagen hans.

Serena Williams brukar berre eitt par sokkar under ein turnering.

Ho må også ha med seg badetøflene sine på kampar, og må knyte skolissene sine på ein spesiell måte. Før fyrste serve sprett ho alltid ballen fem gonger.

Om du tenkte at å ikkje byte sokkar var uhygienisk, så finst det verre eksempel. Sumobrytarar kan ikkje vaske «beltet» dei har rundt livet, fordi dei trur at då blir all erfaring dei har vaska vekk.

(Saka held fram)

sumobryting (Foto: JIJI PRESS/Afp)

Ein sumobrytar sin «mawashi» må ikkje bli vaska, for då vaskar ein vekk livserfaring, meiner dei.

Foto: JIJI PRESS/Afp
Camilla Herrem (Foto: Anders Werner Øfsti/NRK)

Camilla Herrem brukte blå naglelakk i VM.

Foto: Anders Werner Øfsti/NRK
Tom Hilde (Foto: Bendiksby, Terje/Scanpix)

Tom Hilde.

Foto: Bendiksby, Terje/Scanpix

Naglelakk og tyggis

I Norge er fleire av handballjentene overtruiske. Camilla Herrem brukte blå naglelakk og maskara i alle VM-kampane etter at Norge tapte for Tyskland i den fyrste kampen.

– Eg tok på meg naglelakken før kampen mot Kina. Sidan me berre har vunne etter det må eg bruke blå naglelakk resten av meisterskapen, sa ho den gong.

Her heime spelar ho med det same undertøyet i kvar kamp for Byåsen.

Landslagvenninne Marit Malm Frafjord har også eit spesielt forhold til naglelakk. Men ho kan ikkje bruke same fargen to dagar på rad. Og ho varmar alltid opp med tyggis.

Hopper Tom Hilde pleier å skru av og på lysbrytaren i skiftebua ti gonger og hoppe på alle kumlokk han ser, før han set utfor.

Kastar blekksprut

Det finst nok av sære publikummarar også. Tilhengarane til hockeylaget Detroit Redwings i NHL hiv bitar av blekksprut på isen kvar gong laget skårar på heimebane.

Det starta i 1952 då laget måtte ha åtte sigrar for å vinne Stanley Cup. Blekkspruten har jo som kjent åtte armar. Og laget vant.

(Saka held fram)

Detroit Red Wings (Foto: Bruce Bennett/Afp)

«Lykkeblekksprut» må bli fjerna i ein Detroit Red Wings-kamp.

Foto: Bruce Bennett/Afp
Kjetil Rekdal (Foto: Arild Pettersen/NRK)

Kjetil Rekdal.

Foto: Arild Pettersen/NRK

Kvifor gjer dei det?

Kjetil Rekdal hadde mange ting han «måtte gjere» då han var fotballspelar.

– Eg hadde mange ritual då eg spelte. Det kunne vere alt frå å ta av og på meg skjorta eller vere sistemann ut på bana. No er det litt meir tilfeldig. Litt sånn «Det gjorde me sist, og då gjekk det jo bra», seier trenaren til AaFK.

Om rituala har effekt eller ikkje er ikkje hovudpoenget, meiner han.

– Om det er innbilling eller ikkje, er ikkje så nøye. Det har med eigne følelsar å gjere, ein kjenner seg meir roleg og trygg, seier Rekdal.

Duehjerner

Fleire psykologar har prøv å finne forklaringa på kvifor menneske blir overtruiske.

Den amerikanske psykologen Burrhus Frederic Skinner gjorde eit eksperiment der duer fekk mat frå ein automatisk matstasjon kvart 16 sekund.

Duene utvikla forskjellig oppførsel alt etter kva dei hadde gjort før fyrste gongen dei fekk mat.

Ei av duene gjekk tre gonger rundt seg sjølv, for så å sjå håpefullt mot matstasjonen. Ei anna kunne slenge med hovudet mot eit hjørne i buret.

Maten kom kvar gong, og duene trudde det var på grunn av noko dei gjorde fyrst.

Skinner meinte at det var slik overtru utvikla seg. Menneske er sjølvsagt smartare enn duer, men teorien er at me framleis har noko av dette i oss. Me utviklar vanar eller overtru fordi hjernen vår prøver å gjenta det som førte til suksess førre gong.

Rutinar og ritual

Frank Eirik Abrahamsen (Foto: Olympiatoppen)

Frank Eirik Abrahamsen.

Foto: Olympiatoppen

Frank Eirik Abrahamsen har doktorgrad i idrettspsykologi og seier det er fleire teoriar om kva det var som skjedde med duene til Skinner.

Men at me menneske ofte leitar etter årsak og verknad, altså ein samanheng mellom det som har skjedd og det som skjer, er han samd i.

– Me skil mellom rutinar og ritual. Ein rutine blir brukt for å kome inn i ein modus og førebu seg på det ein skal gjere, som til dømes å sjekke om utstyr fungerer, seier han.

– Eit ritual er noko ein gjorde før som ein gjentek, som til dømes å ete ein spesiell middag før eit meisterskap.

Kan vere til hinder

Utgangspunktet for både rutine og ritual er å skape tryggleik, fortel Abrahamsen.

Men ritual har det ved seg at dei ofte blir lenger og lenger. Og av og til kan dei vere til hinder for fokus, som til dømes når nokon stel «lykkeunderbuksa» di.

– Me rår utøvarar til å ha ein plan B for når det skjer ikkje føresette ting. Ein alternativ rutine eller ritual som likevel kan skape den tryggleiken, seier Abrahamsen.

Kva skjer med utøvarar når dei bryt desse rutinane og rituala?

– Om det går gale i kampen så tek nokon det som eit teikn på at dei må gjere det, at det er derfor dei vinn. Om det går bra sjølv om dei ikkje har gjort som dei plar gjere, så var det ikkje så viktig og dei kan endre rutinen og gjere noko nytt, seier han.

Nokre idrettsutøvarar går bevisst inn for å innarbeide eit ritual for å betre konsentrasjonen.

Og om det er slik at ritualet har ein funksjon, så kan den vere viktig for kva utfallet av kampen eller golfslaget blir.

Vart straffa

Men av og til er eit ritual slett ikkje til hjelp. Som då Arsenal-spelar Kolo Toure kom for seint til andre omgang av kampen mot Roma i 2009.

Toure måtte nemleg vere sistemann ut frå garderoben.

Før andre omgang venta han på at den siste lagkameraten skulle gå ut. Men han fekk legebehandling, og kampen starta utan dei.

Då Toure endeleg kom på bana, fekk han gult kort fordi dommaren ikkje hadde gitt han lov.

Slik kan det gå.

Kolo Toure  (Foto: Dylan Martinez/REUTERS)

Kolo Toure vart straffa for sin overtru.

Foto: Dylan Martinez/REUTERS

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Varner og Voice  (Foto: Scanpix)

Både Varner og Voice produserer klær i Bangladesh, hvor klesindustrien har vært rammet av en rekke ulykker det siste året. Ingen av de norske kleskjedene hadde produksjon på Rana Plaza (bildet), hvor over 1000 mennesker omkom.

Foto: Scanpix

Varner-gruppen og Voice har ikke underskrevet Bangladesh-avtale

Norges to største klesselskap har begge klesproduksjon i Bangladesh. Foreløpig har ingen av dem skrevet under på avtalen som skal sørge for at tekstilarbeiderne får tryggere arbeidsforhold.

Facebook Threat (Foto: Paul Bilodeau/Ap)

En smakløs sangtekst eller oppfordring til terror? Cameron Dambrosio, som rapper under navnet 'Cammy Dee' har vært fengslet siden begynnelsen av mai på grunn av en Facebook-oppdatering.

Foto: Paul Bilodeau/Ap

Skrev om Boston-bombing på Facebook – risikerer 20 års fengsel

Den 18 år gamle amatørrapperen Cameron Dambrosio risikerer en langvarig fengselsstraff etter å ha kommet med bombetrusler på Facebook.

Harry potter og de vises sten førsteutgave (Foto: WILL OLIVER/Afp)

En førsteutgave av 'Harry Potter og de vises sten' med håndtegnede illustrasjoner og notater fra forfatteren J.K Rowling ble solgt for en rekordsum på auksjon denne uken.

Foto: WILL OLIVER/Afp

«Harry Potter» solgt for rekordsum

En unik førsteutgave av J.K Rowlings «Harry Potter og de vises sten» ble solgt for over 1,3 millioner kroner under en veldedighetsauksjon i London tirsdag kveld.

Norsk Tipping (Foto: Norsk Tipping/Try reklamebyrå)

«Fredrik» la ut hele sitt forrige liv på Finn.no, og delte ut biler, utstoppede elghoder, møbler og innbo. Det hele var et reklamestunt for Norsk Tipping.

Foto: Norsk Tipping/Try reklamebyrå

Norsk Tipping bøtelagt

Lottomillionæren «Fredrik» ga bort alle sine ting på Finn.no, og mange tusen mennesker meldte seg på. Men «Fredrik» var bare en reklamefigur for Norsk Tipping, og nå må Norsk Tipping betale.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

Wallis Simpson og Edward (NTB Scanpix)

Edward VIII ble avlyttet i opptakten til kjærlighetskandalen som førte til at han abdiserte. Her er han med Wallis Simpson etter at de giftet seg.

NTB Scanpix

Regjeringen avlyttet kong Edward VIII

Storbritannias kommende konge, Edward VIII, ble avlyttet av den britiske regjeringen i dagene før han abdiserte.

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.