19.06.2013

«Kvit makt»-rørsle i framgang

Svenske nazister (Foto: Borgen, Ørn E./NTB scanpix)

Svenske nynazistar blir stoppa på grensa, på vei til konsert i Noreg. No blir fleire og fleire høgreekstremistiske konsertar arrangert.

Foto: Borgen, Ørn E./NTB scanpix

Etter fleire år i nedgang, er den høgreekstremistiske musikkrørsla i vekst i Sverige og Noreg. – Musikken gir eit større nedslagsfelt enn dei ville fått med sin reint politiske bodskap, meiner norsk ekspert.

Shoaib Sultan i Islamsk Råd Norge  (Foto: Paal A. Svendsen/NRK)

Shoaib Sultan, rådgjevar ved Antirasistisk Senter, bekreftar at ein ser same tendensen i Noreg som i Sverige.

Foto: Paal A. Svendsen/NRK

Det nynazistiske bandet Nothung var eit av fem band som spelte på ein konsert arrangert av nettstaden Frihetsrock i Jönköping førre helg. Festivalen gav seg ut for å vere ei bursdagsfeiring, men viste seg å vere eit treff som samla rundt 300 nynazistar frå mellom anna Sverige og Tyskland.

David Lagerlöf i det svenske antirasistiske tidsskriftet Expo bekreftar at scena for «kvit maktmusikk» er i framgang, og viser til fleire invitasjonar frå arrangøren Frihetsrock og blogginnlegg frå konsertgåarar.

– Musikken er ein enkel måte å treffe folk på, og knyte nye kontaktar. Det er ein stad der dei kan rekruttere folk, uttaler han til Sveriges Radio.

Ifølgje Lagerlöf blir konsertane brukt som salsstad for framandfiendtleg materiale. Han meiner den høgreekstreme rørsla igjen har innsett krafta som ligg i musikken for å lokke til seg folk.

Større resonans i befolkninga

– Ja, vi ser same tendensen i Noreg, bekreftar Shoaib Sultan, rådgjevar med fokus på ekstremisme i Antirasistisk Senter, til NRK.

– Det dreier seg om ei ny høgreekstremistisk rørsle. Men akkurat som tidlegare, så ser vi at miljøa i Sverige er større, betre organisert og gjennomgåande meir profesjonelle, seier Sultan.

– Korleis vil du karakterisere dei norske miljøa?

– Dei er små og fragmenterte. I forhold til tidlegare høgreekstreme grupperingar har dei mykje større resonans i befolkninga. Likevel har vi ikkje sett den heilt store masseorganiseringa. Dei har ikkje heilt klart å få det til, seier Sultan.

LES: Ekstremister lukes ut av Wikipedia

Fleire menn i dress

I fleire år har «kvit maktmusikk», musikk som spreier ein raseideologisk bodskap, vore i tilbakegang. «White Power» kom først til Noreg i 1994.

– Musikken og konsertane skaper eit samhald og fellesskap. I tillegg så hjelper det dei med å få eit større nedslagsfelt enn det dei elles ville fått med sin reint politiske bodskap, seier Shoaib Sultan.

Han ser fleire likskapar mellom «kvit makt»-rørsla og høgreekstremismen på 80- og 90-talet.

– Vi ser igjen den typiske høgreekstremisten, men vi finn fleire med betre utdanning, som framstår vellukka og i meir strigla form. Vi finn fleire menn i dress no enn før, seier han.

– Desverre så handlar mykje av forskjellen på gruppene frå 90-talet og gruppene i dag berre om innpakning og retorikk. Veldig mykje går på kven som snakkar, måten å snakke på, korleis dei ser ut og at dei rett og slett er meir stovereine, seier Sultan.

LES: Nytt nettsted om radikalisering

Nasjonalistiske band

På nettstaden til arrangøren Frihetsrock kan ein lese om nasjonalistiske band.

«Vi vill att frihetsrocken återigen skall växa och det är på god väg. Vi märker att intresset finns!» skriv arrangøren, som i løpet av det siste året har stått bak fleire konsertar i Jönköping.

Den siste veka har svensk media meldt om fleire samanstøt mellom konsertgåarar og medlemer av den antifascistiske rørsla AFA. Mellom anna fekk ein 20 år gammal mann, som deltok på konserten i Jönköping, ei røykbombe kasta inn i bustaden sin.

David Lagerlöf fordømmar angrepa frå AFA, men meiner det er svært bekymringsfullt at «kvit kamp»-rørsla no held på å vekse seg større.

LES OGSÅ:

Norsk gruppe deltar på treff i Stockholm

– Når det gjeld den raseideologiske rørsla, så handlar det om personar som vil skape eit etnisk reint Sverige. Om det er formålet med desse konsertane, i og med at dei sel det materialet dei gjer, så ser eg ingenting positivt i dette, seier Lagerlöf.

Shoaib Sultan bekreftar at det er mykje kontakt mellom dei svenske og norske miljøa.

Les meir: Antirasistisk Senter sin rapport om høgreerstremisme i Noreg.

–Det har vi sett heilt sidan 80- og 90-talet. Det skal vere ei større samling av kontrajihadistiske rørsler i Stockholm 4. august, der vi forventar at også ei større gruppe frå Noreg skal delta.

HØYR RADIOSAK OM WHITE POWER-MUSIKK:

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

hellas ERT orkester (Foto: STRINGER/Reuters)

Greske musikere reagerer etter å ha fremført den greske nasjonalsangen under fredagens avskjedskonsert- Alle mister jobbene sine etter at regjeringen bestemte seg for å legge ned rikskringkasteren.

Foto: STRINGER/Reuters

Kringkastingsorkester i tårer

Musikerne i Det greske nasjonale symfoniorkester og kor er blant de 2700 menneskene som brått mistet jobben da regjeringen stengte rikskringkastingen ERT i forrige uke. Nå får de støtte av Kringkastingsorkesteret.

NRK Supers nett-tv (Foto: Faksimile: tv.nrksuper.no/NRK)

Fra og med i dag blir det mulig for barna å komme direkte inn på NRKs barnearkiv, uten å gå veien om den voksne nett-tvspilleren.

Foto: Faksimile: tv.nrksuper.no/NRK

Nå kommer barnas nett-TV på nettbrett

Fra i dag slipper ungene å gå om NRKs «voksne» Nett-TV for å se Barne-TV.

Bokhøsten 2013 (Foto: Fotomontasje: NRK)

Karl Ove Knausgård, Vigdis Hjorth, Dag Solstad, Tomas Espedal, Merethe Lindstrøm og Jon Michelet er alle bokaktuelle i høst.

Foto: Fotomontasje: NRK

Disse bøkene kan du lese i høst

Sommeren har så vidt begynt, men du kan allerede glede deg til bokhøsten. Vi gir deg et glimt av det du har i vente.

Mårbacka (Foto: Fred Olav Vatne/NRK)

Nobelprisvinner Selma Lagerlöfs hjemsted Mårbacka i Sunne i Sverige er omgitt av en diger hage. Her et sted, plantet de to forfatterne et tre.

Foto: Fred Olav Vatne/NRK

Her skjedde Lindells egen lille "forbrytelse"

Krimdronning Unni Lindell snek seg inn i denne hagen, sammen med forfatterkollega Anne B. Ragde.

Joseph O`Connor (Foto: Hilde Bruvik/NRK)

Søsteren og sangerinnen Sinead O'Connor, er en av de som har inspirert Joseph O`Connor til å skrive hovedkarakteren Molly i sin nye bok «Nattlys».

Foto: Hilde Bruvik/NRK

– De skjulte seg godt for omverdenen

– Dette er en kjærlighetshistorie, løst basert på virkelige personer, sier den kjente irske forfatteren Joseph O'Connor om sin nye bok «Nattlys».

Siste musikksaker

David Lynch og Lykke Li (Foto: Anti Wendel/ Francois Lo Presti/AFP)

David Lynch har samarbeidet med den svenske artisten Lykke Li på sitt nye album.

Foto: Anti Wendel/ Francois Lo Presti/AFP

David Lynch og Lykke Li gir ut låt sammen

Lykke Li synger på multikunstneren David Lynch’ nye album «The Big Dream».

Siste underholdningssaker

Yr.no-journalist Kamilla Pedersen (Foto: Asle Hella/NRK)

Yr.no-journalist Kamilla Pedersen får mailer fra fornøyde svensker som bruker den norske værtjenesten Yr.no.

Foto: Asle Hella/NRK

Svenskene får særbehandling av Yr.no

Yr.no har over 800 000 brukere i Sverige. Nå skriver værtjenestens journalist egne nyheter for svenskene.

Strikking (Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Først tok vi toget. Deretter t-banen. Så ble det Hurtigruta, laksefiske og kanalbåttur, før veden tok fyr tidligere i år. Det neste minutt for minutt-prosjektet på NRK skal handle om: Strikking.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

NRK-sjefen avslørte strikkeprosjekt

Amerikanernes fascinasjon for sakte-TV er så stor at Wall Street Journal ba om å få eksklusivitet på nyheten om NRKs neste minutt for minutt-prosjekt: Strikking.

Elisabeth Grønvigh, Sindre Leganger og Barack Obama (Foto: KEVIN LAMARQUE/Sindre Leganger/Reuters/Privat)

Sindre Leganger (26) og Elisabeth Grønvigh (26) skulle bare kjøpe seg noe å spise på Charlie's Sandwich Shoppe. Det skulle president Barack Obama også.

Foto: KEVIN LAMARQUE/Sindre Leganger/Reuters/Privat

Sindre fikk frokostmøte med Obama

Sindre Leganger og kjæresten Elisabeth Grønvigh er på ferie i Boston og skulle bare spise frokost på en liten café i nabolaget. Så kom president Obama inn døren.