Skodespelaren Ernest Borgnine er død

Arkivbilete av Ernest Borgnine frå 2008. Her viser han fra ein Golde Blobe- og ein Oscar-statuett.
Foto: Ric Francis/ApDen amerikanske skodespelaren Ernest Borgnine er død, 95 år gammal, melder nyheitsbyrået AP.
Publisert 08.07.2012 23:38. Oppdatert 08.07.2012 23:57.
- Skriv ut

Ernest og Tova Borgnine fotograferte i oktober 2010.
Foto: Matt Sayles/ApErnest Borgnine var fødd Ermes Effron Borgnino 24. januar 1917 i Hamden i Connecticut i USA. Han vann ein Oscar for rolla si som Marty Piletti i filmen «Marty» i 1955. Han har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han gifte seg med norskfødde Tova Træsnæs i 1973, og ho var den femte kona hans, ifølgje Store Norske Leksikon, snl.no/Ernest_Borgnine.
Tova Træsnæs Borgnine (70) grunnla kosmetikkselskapet «Beauty by Tova», ifølgje Wikipedia.
Borgnine tenestegjorde i mange år i marinen før han byrja på teaterskule, og han vart lagt merke til då han debuterte på Broadway i 1947. Han filmdebuterte i 1951, og etter gjennombrotet som den vonde sersjanten i «Herfra til evigheten», gjorde han gode skurkeroller i «Johnny Guitar» i 1954 og «Bad Day at Black Rock».
Seinare har han spelt folkelege og tidsvis brutalefigurar i filmar som «Vera Cruz», «The Dirty Dozen» og «The Wild Bunch». Han har også spelt i fleire fjernsynsseriar. For norske seere huskes han kanskje best fra serien «Airwolf».

Publikums 17. mai-bilder






















