18.05.2013

Rekonstruerer Finansdepartementet rute for rute

Statsbygg skrur saman Finansdepartementet

  • Målarmeister Truls Bratfoss viser fram rammer frå Finansdepartementet som vart øydelagt 22. juli.
  • Så mykje som mogleg skal bli tatt vare på, fordi bygget er verneverdig. Mesteparten blir rekonstruert og sett inn i bygget att. Men desse delane er ikkje merka og ingen veit kvar dei høyrer til. Det er opp til Riksantikvaren å bestemme kva som skal skje med dei.
  • Møbelsnekkar Henrik Lind viser fram eit handtak som skal festast på vindauget.
  • Knust blyglass. Dette er noko av det mest tidkrevjande å sette saman att.
  • Noko av blyglasset er tatt vare på, men det må supplerast med spesialbestilt glas frå Europa.
  • Skadane på Finansdepartementet er store. Statsbygg reknar ikkje med å vere ferdige med arbeidet før neste sommar.
  • Truls Bratfoss er målarmeister og prosjektleiar for rekonstrueringsarbeidet.
  • Knust glas frå Finansdepartementet. Dei fleste vindauga hadde sikkerheitsfolie på innsida, noko som har redda mange liv.
  • Riksantikvaren ville ha tilbake den opprinnelege fargen på bygget (nederst). Då hadde bygget sett annleis ut enn før 22. juli. Kompromisset vart at statsrådens kontor og møterom blir i desse fargane. Resten blir som før.
  • Arbeidet er flytta ut på grunn av sommarvarmen. Her blir mellom anna gammal måling fjerna.

Når snekkarar og målarmeistrar skal skru saman det verneverdige Finansdepartementet igjen, må dei tenkje som om det var 1904.

I ein gammal tobakksfabrikk på Ensjø i Oslo blir det hamra, pussa, bora og saga. Her blir Finansdepartementet skrudd saman att etter øydeleggingane 22. juli. Eit stort lag av møbelsnekkarar og målarmeistrar passar på at bygget skal tilbake slik det var før bomba gjekk av julifredagen i fjor.

Finansdepartementet er nemleg eitt av fire bygg frå Regjeringskvartalet som er verneverdige. I tillegg var to bygg i ferd med å bli utreda for vern før 22. juli, og har difor også fått status som verneverdige bygg.

Finansdepartementet

  • Ligg i G-blokka i Regjeringskvartalet, i Akersgata 40.
  • Stod ferdig i 1906. Arkitekt: Henrik Bull.
  • Verneverdig bygg.
  • Er bygd i jugendstil.
  • Omtalast som Gamle Regjeringsbygg.
  • Vart skadd under terrorangrepet 22. juli. 300 vindauge må rekonstruerast. Det er Statsbygg som står for dette arbeidet.

Kjelde: Statsbygg

Det vil seie at alt som høyrer til desse bygga, det vere seg skruar, vindaugsrammer og glas, er verneverdig og skal takast vare på.

– Det har vore ein vanskeleg rekrutteringsprosess, møbelsnekkarar veks ikkje på tre. Vi har henta nokre frå Polen og Sverige, men det er også nordmenn som jobbar her, fortel Truls Bratfoss, målarmeister og prosjektleiar.

Han er sjef for dei 18 snekkarane og målarane som jobbar her.

LES: Regjeringskvartalet er ryddet

– Ei tolmodsprøve

Dei byrja arbeidet i oktober med å sortere alle vindauga og rammene. Restar og glas vart samla i åtte store conteinarar.

– Heldigvis var 90 prosent av romma merka på førehand. Det vil seie at det står nummer på rammene som forklarar kva vindauge som høyrer til kva rom, forklarar Bratfoss.

Først fjerna dei målinga, eit kontinuerleg arbeid som dei enno ikkje er ferdige med. I januar byrja dei for fullt med rekonstrueringa, som blir utført av snekkarane og glasmeistrar.

Møbelsnekkar Henrik Lind kom frå Sverige for å vere med på arbeidet. Det vart meir komplisert enn han hadde trudd.

– Det er ei tolmodsprøve, men tolmod har ein når ein er møbelsnekkar, smiler han.

– Den største utfordringa er at det ikkje er fabrikkprodusert, men handverk. Det er ingen vindu eller beslag som er like, eigentleg. Ein må ta vindu for vindu. Vi forsøker å spare på så mykje som mogleg og reparerer med nye bitar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik Lind (Foto: Maren Kvamme Hagen/NRK)

Møbelsnekkar Henrik Lind viser kvar det gamle handtaket skal sitte. Ingen handtak eller vindauge er like, noko som gjer dette til ein omfattande jobb.

Foto: Maren Kvamme Hagen/NRK

Måtte tenkje som i 1904

Mange av beslaga til vindauga mangla, så dei måtte rett og slett finne gamle verktøy som kunne lage gamle beslag. Mellom anna må skruane skruast inn for hand, og dei er spesialbestilt frå Tyskland. Finansdepartementet stod ferdig i 1906, og er i jugendstil.

– Hovedutfordringa var å tenkje slik som dei gjorde i 1904-1906, då dei bygde dette. Vi må gå tilbake i tid og tenkje slik som snekkarane gjorde på den tida, seier Truls Bratfoss.

Dei har sett på bilete, lest i bøker og tatt utgangspunkt i det som står igjen for å danne seg eit bilete av korleis bygget såg ut.

(Artikkelen held fram under biletet)

Finansdep (Foto: Larsen, Håkon Mosvold/NTB scanpix)

Det er no opna opp inn mot Finansdepartementet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold/NTB scanpix

Sikring på vindauga redda liv

Kvar fredag leverer dei fire rom, som tilsvarar 26 rammer. Til saman er det 300 vindauge som skal på plass. 40 rom står så langt ferdige.

– I det tempoet vi køyrer no, så har vi enno eitt år att før Finansdepartementet står ferdig, seier Erling Nordsjø.

Han er prosjektleiar i Statsbygg, og var med i arbeidet frå og med den 24. juli.

Nordsjø jobba med sikringsarbeidet i Regjeringskvartalet før 22. juli - sikringsarbeid som kan ha redda liv. På innsida av vindauga var det nemleg sikkerheitsfolie, som gjorde at glaset ikkje datt ut av ramma.

På yttersida av vindauget, derimot, var det ikkje slik sikring og alt glaset vart spreidd utover. I nokre av romma satt det seks millimeter glasbitar i veggen.

– At glaset ikkje datt ut av ramma, berga mange liv. Sikkerheitsfolien vil på ny bli lagt på igjen i alle rom, seier Nordsjø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statsbygg (Foto: Maren Kvamme Hagen/NRK)

Noko av det mest tidkrevjande arbeidet er å sette saman desse vindauga.

Foto: Maren Kvamme Hagen/NRK

Puslespel av glas

Rekonstrueringa er gjort i tett samarbeid med Riksantikvaren. Til og med glasbitar blir tatt vare på. I eit hjørne ligg store blyvindauge, som nærmast liknar på store glasmåleri.

– Dette er rimeleg tidkrevande arbeid for glasmeisteren. Her må vi støpe om blyet og sette saman glasbitane på nytt, forklarar Bratfoss.

For å skaffe glas som passar, har dei måtte leita utanfor noregsgrensene.

Statsbygg og Riksantikvaren har vurdert om bygget skal tilbake slik det var i byrjinga - eller i den nye versjonen som stod før 22. juli. Riksantikvaren ønskte mellom anna å bruke den opprinnelege fargen på bygget, som er litt mørkare enn den som var før 22. juli.

– Om vi skulle tilbakeføre til den opprinnelege fargen hadde vi fått eit problem med dei som er der no, Finansdepartementet. Vi kom fram til eit kompromiss om at Statsrådens kontor og møterom skulle få ha dei opprinneleg fargane. Men vi får bruke fargane som var før terrorangrepet på resten av bygget, seier Nordsjø.

I eit hjørne ligg delar frå containaren, delar som det ikkje har vore mogleg å slå fast kvar høyrer til.

– Kva som skal skje med dei? Nei, det veit vi ikkje enno, seier Bratfoss.

Men alt skal bli tatt vare på.

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Bangladesh (Foto: Scanpix)

Helly Hansen er det første norske merket som forplikter seg til den femårige Accord-avtalen. Avtalen skal hindre katastrofer som da Rana Plaza kollapset i Bangladesh i april, og over 1000 mennesker mistet livet.

Foto: Scanpix

Helly Hansen gjør som H&M - skriver under på historisk avtale

Helly Hansen er det første norske klesmerket som skriver under på den forpliktende avtalen for brannvern og sikre tekstilfabrikker i Bangladesh.

Damien Hirst (Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos)

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.

Sindre Østgård er nettsjef i NRK. (NRK)

Uansett om du har Iphone, nettbrett, eller PC skal du få glede av NRKs nye nett-TV. Det mener juryen Nordiske Mediedager setter standarden for hvordan tv-avspillinger på nett skal fungere. Her er NRKs nettsjef Sindre Østgård med nettspilleren i bakgrunnen.

NRK

Pris til NRKs nye nettspiller

NRKs nye nettspiller vant prisen for «Årets digitale innovasjon» under prisutdelingen på Nordiske Mediedager i Bergen.