Dette syns turistane om «Skrik»: –Mindre enn ein trur

Amerikanske Ariel Seidman-Wright trur at 'Skrik' verkar mindre i røynda.
Foto: Maren Kvamme Hagen/NRK«Skrik» er i søkjelyset som aldri før. Turistane flokkar til Munch-museet, men ikkje alle er like interessert i verdas dyraste måleri.
Publisert 21.07.2012 21:41.
- Skriv ut
– Det liknar på eit pærehovud. Men det er fint!
Andrea Nordseth Stubberud står utanfor Munch-museet, der ho nettopp har vore og sett verdskjende «Skrik». Det fekk tittelen «verdas dyraste måleri seld på auksjon» tidlegare i år, då det gjekk under hammaren på Sotheby's for 689 millionar norske kroner.
Fakta om «Skrik»
Foto: Sotheby's- Edvard Munch malte sitt første «Skrik» i 1893. I alt finnes det fire versjoner, tre er utstilt på Munch-museet og i Nasjonalgalleriet. Det siste verket selges av forretningsmannen Petter Olsen.
- Det har vært i familiens eie i over 70 år.
- Verket gikk under hammeren hos auksjonshuset Sotheby's i New York 2. mai.
- Versjonen som selges, er en av to laget i pastell på papp. De to andre versjonene er malt i olje.
- Etter en tolv minutter lang budrunde ble vinnerbudet på rekordhøye 689 millioner norske kroner, som gjør "Skrik" til det dyreste bildet solgt på auksjon.
- Wall Street Journal skrev 11. juli at Leon Black var mannen som stod bak det hemmelige budet, og er dagens eier av "Skrik".
Kilder: Munch-museet, Sotheby's og Nasjonalgalleriet
Totalt finst det fire versjonar, to av dei på museet i Oslo. I turistsesongen blir pastellversjonen (som det blir rekna med er den eldste) bytta ut med sjølve gullegget, som har lege og godgjort seg i magasin over vinteren - oljemåleriet frå 1910.
Av konserveringsomsyn må måleria kvile litt i mørket innimellom.
– Her kan ein framleis sjå ein vassskade frå tjuveriet, seier informasjonssjef Sture Portvik og peikar på ei lita stripe i oljemåleriet.
Kunstverket vart som kjent stole frå museet i 2004, og då det kom til rette i 2006, prøvde kuratorane å finne ein måte å fikse skaden på. Men det vart rekna som for risikabelt, og difor er tjuveriet no permanent skissa inn i det dyrebare måleriet.
LES: Angrer ikke på at han stjal Skrik
Ser effekten av Sotheby's-auksjonen
Eit tredje «Skrik» heng på Nasjonalgalleriet, medan det fjerde altså er i private hender. Munch-museet har sett effekten av Sotheby's-auksjonen som gjekk føre seg i starten av mai.
LES: Derfor sel Petter Olsen «Skrik»
– Vi har merka stor pågang frå internasjonal presse. Veka «Skrik» vart seld var det 6000 presseoppslag om «Skrik», Munch eller Munch-museet. I løpet av eit vanleg år er talet som regel 1300-1500 artiklar, seier Portvik.
I mai hadde museet ein vekst på 15 prosent samanlikna med i fjor, medan dei såg ein tilbakegang på cirka fem prosent i juni.
– Vi hadde eit utstillingsskifte som var planlagt eit halvt år i forveien, før vi visste om «Skrik»-salet. Difor måtte vi halde stengt ei veke. Samtidig uteblei cruiseskip frå Oslo, på grunn av streik, forklarar Portvik tilbakegangen med.
Så langt i juli har auken i publikumsbesøk vore på åtte prosent samanlikna med i fjor.
(Artikkelen held fram under biletet)

Inger-Lise Nordseth Stubberud med borna Andrea og Mailin, saman med Lena Groth og dottera Mina Groth Hansen utanfor Munch-museet i Oslo.
Foto: Maren Kvamme Hagen/NRK– It's crazy!
– To tredjedelar av dei som kjem hit er utanlandske turistar. Vi ser ei overvekt av japanarar, tyskarar, franskmenn og spanjolar, seier Portvik.
Men lever «Skrik» opp til forventningane, etter all presseomtalen og tittelen som «verdas dyraste måleri»?
Jean og Monique Jasienski har tatt turen til Oslo frå Belgia.
– Måleriet er veldig sterkt og uttrykkjer sterke kjensler. Men «Skrik» må sjåast i samanheng med Munchs andre arbeid og liv, seier dei.
LES: – Munch likte eit godt mord
Dei kom ikkje for å først og fremst sjå «Skrik», men for å forstå Munch betre og lære meir om barndommen og livet hans.
– Kva syns de om at ein annan versjon av «Skrik» vart seld som verdas dyraste måleri?
– It's crazy! Men kanskje er det eit symbol på menneskeheita i dag, seier Monique.
(Artikkelen held fram under biletet)

Slik såg det ut då 'Skrik' vart auksjonert bort i mai i New York.
– Vil bli minnt på Munchs andre verk
Amerikanske Ariel Seidman-Wright har sett «Skrik» for fleire år sidan, men er på veg inn i museet for å sjå det på nytt.
– Som med dei fleste kjende måleri, «Mona Lisa» til dømes, er det sikkert mindre enn ein trur. Du er overbevist om at du veit korleis kunstverket ser ut, men kanskje er det meir tekstur i måleriet, seier ho om forventningane.

Leon Black skal vere mannen som har kjøpt 'Skrik' for svimlande 689 millionar kroner.
Foto: MIKE SEGAR/REUTERS– Eg vil bli minnt på Munchs andre verk. På ein måte er det ikkje rettferdig at dei fleste berre kjenner til «Skrik», meiner ho.
Førre veke avslørte Wall Street Journal det alle lurte på: Den amerikanske forretningsmannen Leon Black er den hemmelege eigaren av «Skrik»-måleriet som vart seld i New York.
Ser positivt på amerikansk eigar
Om det stemmer, ser Munch-museet svært positivt på den nye eigaren.
– Vi vil at fleire skal få oppleve Munchs kunst. Det er viktig at han også er til stade i USA. At Black sit i styret til MOMA, verdas største kunstmuseum, er genuint kunstinteressert og kunstsamlar, gir oss eit håp om at han ønskjer å vise fram «Skrik». Det er mykje hyggelegare enn om det skulle ligge gøymt hos ein privat samlar, seier Sture Portvik.
LES: «Skrik» på vei mot stort publikum
Ariel Seidman-Wright syns det er spanande om måleriet kjem til USA, men:
– Det burde eigentleg vere der det høyrer heime, i Oslo. Samtidig kan kanskje fleire fatte interesse for det om det blir stilt ut i USA. For min eigen del er det fint om det endar opp i New York, seier newyorkaren.
Munch-museet hadde 126.000 besøkande i fjor. Med vandreutstillinga «Det moderne øyet» og Munch-jubileumet i 2013 rett rundt hjørnet håpar dei på fleire besøkande både i år og neste år.
LES: Kongeleg Munch-opning i London

I sommarutstillinga 'Pubertet' er 'Skrik' plassert saman med 'Angst' og 'Fortvilelse'. Dette er oljemåleriet frå 1910, som vart stole i 2004.
Foto: Maren Kvamme Hagen/NRK
Publikums 17. mai-bilder























