19.05.2013

Forsov du deg i dag?

sleeping girl (Foto: Illustrasjonsfoto: Vasiliy Koval)

I det minste sov du ikkje i 200 år, som dei originale sjusovarane.

Foto: Illustrasjonsfoto: Vasiliy Koval

Då har du ei god unnskyldning: i dag er sjusovardagen.

Mange av oss har problem med å ta vekkarklokka seriøst om morgonen. I dag har me ei tynn unnskyldning for å koma seint på jobb: det er den internasjonale sjusovardagen.

Sjusovardagen 27. juli er ein av merkedagane på primstaven. Men, ordet «sjusovar» har ingenting med å sove til over klokka sju, som kanskje mange trur.

Sov i 200 år

Namnet kjem i frå helgenane som blir kalla «dei sju heilage sovarane», dei har vore feira både innanfor kristendommen og islam, opplyser Den Katolske Kyrkja på sine heimesider.

Hovudpersonane i legenda er sju unge kristne menn frå Efesos, i dagens Vest-Tyrkia. Dei nekta å ofra til dei romerske gudane, og vart som straff mura inne i ei hole av keisaren Decius.

Gud lét dei sju falla i ei djup søvn, så dei ikkje kjente tørst eller svolt. 200 år seinare vart hola opna igjen, då vakna dei sju sovarane i trua på at dei berre hadde sove ei natt.

Historia er blitt gjenfortalt som eit døme på keisar Decius si forfølging av kristne. Ein versjon av legenda er teke med i Koranen, noko som gjer at historia er utbreidd også i den muslimske delen av verda.

Ei vêrteikn

«Sjusovar» er blitt eit omgrep i dei skandinaviske språka for folk som søv for lenge. Omgrepet finn ein også i tysk («Siebenschläfer») og ungarsk («hétalvó»), skriv Den Katolske Kyrkja.

Etter gamal tru har datoen mykje å seia for vêret. Om det regner i dag, så kjem det til å regna sju veker framover. Blir det fint vêr denne dagen, så har ein godt vêr i vente dei neste sju vekene.

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss har inga tru på dette vêrteiknet, og har tidlegare sagt til NRK:

– Eg vil gjerne forklara veret ut frå nokre fysiske omgrep om dei skal ha meining.

Les meir: Like godt å holde sengen?

Nyeste bildegallerier

Siste kultursaker

Bangladesh (Foto: Scanpix)

Helly Hansen er det første norske merket som forplikter seg til den femårige Accord-avtalen. Avtalen skal hindre katastrofer som da Rana Plaza kollapset i Bangladesh i april, og over 1000 mennesker mistet livet.

Foto: Scanpix

Helly Hansen gjør som H&M - skriver under på historisk avtale

Helly Hansen er det første norske klesmerket som skriver under på den forpliktende avtalen for brannvern og sikre tekstilfabrikker i Bangladesh.

Damien Hirst (Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos)

KUNSTNAR: Det er usikkert om Damien Hirst sjølv kjem til Flø, men dette blir andre gang han har utstilling i den vesle bygda på Møre-kysten.

Foto: Prudence Cuming Associates/Courtesy of White Cube/Pa Photos

Damien Hirst blir festivalkunstnar på Flø

Kunstnaren Damien Hirst blir festivalkunstnar under kunstivalen Go With the Flø på Flø i Ulstein i slutten av juni.

Siste musikksaker

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i New York i 2009 (Foto: Evan Agostini/AP)

Richie Havens på en veldedighetskonsert i anledning Pete Seegers 90-årsdag i Madison Square Garden i New York, 2009.

Foto: Evan Agostini/AP

Woodstock-veteranen Richie Havens er død

Den amerikanske folkmusikeren og gitaristen Richie Havens døde mandag, opplyser Havens manager.

Miles Davis  (Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons)

Miles Davis (1926–1991) var ein av 1900-talets viktigaste musikalske pionerar og ei av jazzens største stjerner. Her tidleg i karrieren.

Foto: Tom Palumbo/Wikimedia Commons

«So What» kåra til tidenes jazzlåt

«So What» fekk flest stemmer i NRKs kåring av tidenes beste jazzlåt. Miles Davis hadde med seg eit stjernespekka mannskap då han spelte inn låten i New York våren 1959.

Siste underholdningssaker

True Blood Sesong 4 (Foto: HBO)

Velger Sookie Eric eller Bill? Eller går hun i stedet for den snille bareieren og hamskifteren Sam? fasiten står i siste bok, til flere leseres enorme fortvilelse.

Foto: HBO

Drapstrues av misfornøyde lesere

I aller siste bok velger Sookie Stackhouse endelig én av sine tre beilere. Det har fått misforsnøyde lesere til å drapstrue forfatteren og returnere ferdigleste utgaver.

Sindre Østgård er nettsjef i NRK. (NRK)

Uansett om du har Iphone, nettbrett, eller PC skal du få glede av NRKs nye nett-TV. Det mener juryen Nordiske Mediedager setter standarden for hvordan tv-avspillinger på nett skal fungere. Her er NRKs nettsjef Sindre Østgård med nettspilleren i bakgrunnen.

NRK

Pris til NRKs nye nettspiller

NRKs nye nettspiller vant prisen for «Årets digitale innovasjon» under prisutdelingen på Nordiske Mediedager i Bergen.