Hopp til innhold

Forbyr lettkledde modellar på kinesisk spelmesse

Ei av Kinas største spelmesser, Chinajoy, har slått ned på hovudattraksjonen: Lettkledde jenter på utstilling. Fansen rasar.

Chinajoy

Chinajoy forbyr bikinikledde modellar, og noko som gjer at kostymekledde fans får uønska merksemd.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / AFP

Chinajoy er ei av Kinas største spelmesser og går av stabelen kvart år i Shanghai med mange tusen spelnerdar. I eit forsøk på å finpusse imaget bestemte arrangørane seg i år for å forby bikinikledde modellar på utstilling.

Mangelen på bar hud har fått både kvinnelege og mannlege fans til å reagere med sinne.

– Nerdane har ingenting å ta bilete av

Sidan media ikkje har bikinikledde jenter å ta bilete av, har dei snudd fokuset mot dei kostymekledde deltakarane i staden for.

16 år gamle Chen Yanyan, som var kledd i miniskjørt under årets messe, meiner at mangelen på halvnakne modellar set fokuset på henne og andre deltakarar.

– Nerdane har ingenting å ta bilete av, så dei fotograferer meg i staden for, seier ho til Wall Street Journal.

LES: Iransk dataspelkrig mot vesten

19 år gamle Yao Xiaofeng, som skildrar seg sjølv som ein videospel-galning, meiner at fansen likar bikinijenter og videospel, og at Chinajoy fylte det behovet.

– Kvifor er det eit så stort problem? spør han.

(Artikkelen held fram under biletet)

CHINA

Chinajoy er ei av verdas største spelmesser. No har arrangørane sett ned foten for lettkledde modellar.

Foto: MING MING / REUTERS

Får ikkje lov å ta av seg skjorta

Arrangørane bak Chinajoy har innført restriksjonar på kor mange modellar det kan vere per salsbod, og kva dei kan ha på seg. Dei nye reglane forbyr showjentene å vise meir enn halvparten av ryggen, og mannlege modellar får ikkje lov å ta av seg skjorta.

Spelselskapa får heller ikkje plassere logoar på «sensitive» plassar på modellane.

LES: Spiller EA «homokortet»?

– Vi vil ikkje ha sexy bikinijenter som ein del av vårt image. Dette er ei profesjonell messe, med spel- og internettbusiness verdt millionar. Vi vil at messa skal vere morosam og populær, men vi vil ikkje at ho skal sjå «tacky» og smaklaus ut, seier Yu Kun, ein av arrangørane bak Chinajoy.

Bikinikledde modellar blir vanlegvis brukt for å trekkje fleire gjestar på spel- og bilmesser over heile verda.

Dei som fekk mest merksemd på Chinajoy i år, var menn kledd som kvinnelege spelkarakterar, ifølgje Wall Street Journal.

Kulturstrøm