Hopp til innhold

«Louder Than Bombs» kåra til beste nordiske film

Spelfilmen «Louder Than Bombs» får filmprisen til Nordisk Råd for 2016. Det er første gong ein norsk film får prisen.

Det blei på tredje forsøket for regissør Joachim Trier. To gongar tidlegare har han vore nominert til filmprisen til Nordisk Råd. Tysdag kveld kunne han endeleg ta imot prisen for filmen «Louder Than Bombs» saman med manusforfattar Eskil Vogt og produsent Thomas Robsahm.

Filmen handlar om korleis ein familie går i oppløysing i åra etter at ei mor og ein ektefelle har gått bort. Filmen har Gabriel Byrne, Isabelle Huppert og Jesse Eisenberg i leiande roller.

– Kompleks forteljing

Louder Than Bombs

Filmen «Louder Than Bombs» handlar om korleis ein far og to søner taklar at ei mor og ektefelle dør.

Foto: Motlys

I grunngjevinga si skriv juryen blant anna at Joachim Trier og teamet hans tek forteljarkunsten til eit nytt nivå:

– Den komplekse oppbygginga, den kjenslemessige djupna og evene til å splitte opp klisjear burde gjere dette verket til fast pensum på filmskular over heile verda.

Joachim Trier takkar juryen for prisen:

– Eg vil spesielt takke dei for å heidre filmen med denne nordiske prisen trass i at han har engelsk tale. For meg er det bilda, eller sjølve filmspråket, som er det mest personlege i arbeidet mitt. Og filmspråket kjenner ingen grenser, seier han.

Etter utdelinga sa Trier til NRK at han var veldig glad for prisen:

– Uansett kor mange gongar eg har sagt at det ikkje går an å konkurrere i kunst, må eg innrømme at eg blir innmari glad for å vinne ein pris. Norsk film har lenge hatt kompleksar, og vi har opplevd at vi ligg bak svensk og dansk film historisk sett. Difor er det godt å kjenne at vi no er ein del av gjengen.

Louder Than Bombs

Joachim Trier (t.h.) saman med Gabriel Byrne (t.v.) og Isabelle Huppert under Cannes-festivalen i fjor.

Foto: VALERY HACHE / Afp

Cannes-premiere

«Louder Than Bombs» er den tredje langfilmen til Joachim Trier. Filmen hadde verdspremiere i hovudkonkurransen under filmfestivalen i Cannes i fjor. Filmen blei også vist under filmfestivalen i Toronto under Special Presentation-programmet i september.

Filmen har tidlegare hausta prisar som Kanonprisen for beste regi og Amandaprisen for beste manus.

Det er 13. gong filmprisen til Nordisk Råd blir delt ut. Blant dei tidlegare vinnarane finn vi «Jakten» (2013), «Antichrist» (2009) og «Kunsten å gråte i kor» (2007).

I år får vinnarane av prisane til Nordisk Råd 350.000 kroner og prisstatuetten «Nordlys».

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters