40 redaksjonelle årsverk skal bort i Aftenposten. Dei tilsette blei orientert om kuttplanane på eit allmøte i dag, skriv avisa.
Aftenposten mista berre i fjor 133 millionar kroner i driftsinntekter. Det er særleg annonseinntektene som har svikta.
– Annonsering på papir går dramatisk ned, både når det gjeld prisar og talet på annonsørar, seier sjefredaktør Espen Egil Hansen.
Digital oppgang
Samtidig har avisa over lang tid mista mange abonnement på papir. Då er det ei mager trøst at talet på digitale abonnement har teke seg kraftig opp.
– Vi skulle ha feira den store auken av digitale abonnement, men dei er på langt nær mange nok til å vege opp for dei tapa vi har på papir, seier Hansen.
- Les:
- Les:
Aftenposten har i dag 200 redaksjonelle medarbeidarar. Avgangane skal i første omgang skje gjennom tilbod om tidlegpensjon og frivillige sluttpakkar. Dersom dei ikkje kjem i mål med dette, vil avisa gjennomføre ei nedbemanning.
– Dramatisk
Klubbleiar i redaksjonsklubben til Aftenposten, Frank Lynum, seier kutta er dramatiske og overraskande høge.
– Dette er ein trist dag for Aftenposten. Det er mange som er urolige for framtida. Vi visste at vi skulle bli færre, men ikkje kor mange færre. Eit kutt på 40 årsverk er eit dramatisk høgt tal.
Aftenposten har vore gjennom fleire store kuttrundar dei siste åra. I 2012 blei det vedteke kutt i kostnadane på 200 millionar kroner. Og også i 2014 fekk dei tilsette tilbod om sluttpakkar.
Kutt i Adresseavisen også
Tidlegare i dag blei det også kjent at opp mot 75 av 230 årsverk skal bort i Adresseavisen dei neste åra. Der skal dei spare mellom 110 og 130 millionar kroner fram mot 2020. Mykje av kuttet må takast allereie til neste år.
- Les:
Også her blir kutta forklart med nedgang i annonseinntekter både på papir og digitalt. Men samtidig som det blir kutt, arbeider dei også for å auke inntektene.
Totalt skal aviskonsernet Polaris, som Adresseavisen er ein del av, kutte 300 millionar kroner.