Hopp til innhold

Wassmo på sitt aller beste

20 år etter det alle trudde var slutten på ein trilogi, kjem Wassmo med eit fjerde bind om Dina, hennar liv og tid. Halslaus gjerning; slikt kan gå skikkeleg gale. Men her skjer det motsette, i «Den som ser» overgår Wassmo seg sjølv. Dette er kort og godt stor litteratur.

Herbjørg Wassmo

Herbjørg Wassmo går vidare innover frå der ho er på sitt aller beste i romanen «Den som ser».

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

  • TITTEL: Den som ser
  • FORFATTAR: Herbjørg Wassmo
  • FORLAG: Gyldendal

Bok fire hektar seg elegant på dei tre føregåande bøkene, utan å gjere noko nummer av den grove forseintkominga. Her er dei tre generasjonane Grønelv på plass: barnebarnet Karna, sonen Benjamin, og den formidable mater familias Dina, som sørga for å leggje føringar for komande generasjonar før ho vandra frå jordelivet og hamna på havsens botn.

Men den døde har ikkje full kontroll; å sende Karna på sinnsjukehus i København var neppe meininga. For romanen er dette likevel ei heldig vending, handlinga får dermed spele seg ut både i det urbane borgarskapet i storbyen, på innsida av eit asyl der gamle og nye metodar for behandling av sinnslidande står mot kvarandre, og på verftet og Reinsnes som er kjende adresser for lesarar av det som til no har vore Dina-trilogien.

Kva styrer eit liv?

Herbjørg Wassmos "Den som ser"

«Den som ser» er bok nummer fire i det som til no har vore Dina-trilogien.

Dina misser kontrollen når ho døyr, og for dei levande er det heller ikkje så lett å manøvrere. Her går Wassmo inn i eitt av dei store spørsmåla som stadig dukkar fram i dette forfattarskapet: Kva er det som styrer eit menneskeliv? Er det lagnaden? Viljen? Eller er det pasjonen, for ikkje å gløyme klassebakgrunnen? Kva med overgrep og andre erfaringar ein dreg med seg? Kanskje er det til sjuande og sist tilfellet som rår: Ein mann forsøv seg ein dag, og livet blir aldri det same.

Wassmo kjem klokeleg nok ikkje med eintydige svar, men ho følgjer tett på eit knippe personar og studerer korleis dei seglar på livets hav. Og nei, det er ingen klisje, for her seglar dei bokstavleg talt, og nordnorske brottsjøar ligg som ein bassgang gjennom heile boka, ikkje minst i replikkane som smell mellom personane på klingande dialekt, slik at lesaren formeleg høyrer samtalen.

Fridom kjem med ein pris

Vi er på 1890-talet og spørsmål om kvinners rett til å bestemme over eige liv står sentralt. Sympatien ligg ikkje overraskande hjå kvinnene i slike spørsmål, sjølv om dei ikkje alltid er like gode til å forvalte den fridommen dei har – dei heller.

Når eg kjekt hevda innleiingsvis at Wassmo overgår seg sjølv, er det ikkje fordi ho fornyar seg, men fordi ho går vidare innover frå der ho er på sitt aller beste: I skildringa av kjempande menneske som har fått prøve både livet og havet, ein stad på nordlandskysten for nokre generasjonar sidan.

Meir!

Denne gongen er personane i det store dramaet endå meir samansette interessante. Romanen held på energien heile vegen, før han tettar seg til eit forrykande drama på fleire arenaer i avslutninga og det einaste ein lesar kan ønskje etter endt dyst er ei bok til. For det er vel inga meining i å avslutte med så mange trådar hengande og flagre for ver og vind?

  • Fleire meldingar frå NRK:
Bokforside, jente på stranden
Foto: Samlaget

«Den dunkle dottera» av Elena Ferrante: Elena Ferrantes nye bok på norsk er en thriller. Hovedfortellingen kan synes banal, men romanen inneholder de samme store spørsmålene som foldet seg ut i Napoli-kvartetten.

Maria Parr "Keeperen og havet"

«Keeperen og havet» av Maria Parr: Allerede før utgivelsen var Maria Parrs oppfølger til «Vaffelhjarte» solgt til ti land. Det vil garantert bli flere, spør du meg.

Bokomslag

«Fri vilje» av Helga Hjorth: Helga Hjorth går hardt til verks i sitt litterære motsvar til søsteren Vigdis Hjorth. Vil hun ha krig, skal hun jammen få krig, kan det synes som forfatteren har tenkt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.