Hopp til innhold

Dramatisk jamn fektekamp vart avgjerande

– Under heile kampen tenkte eg at det kunne gå begge vegar, seier fjerde deltakar ut av Anno.

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (9:30)

Sjå den dramatiske fektekampen her.

– Eg var usikker på kva eg skulle gjere i haust, så eg tenkte – kvifor ikkje? seier Charlotte Fossum (20) om deltakinga i Anno.

Som den yngste deltakaren i 1537 følte Rykkinn-jenta at ho hadde litt å bevise, og etter tre harde veker skulle ho møte Katja Kålheim i sin første duell:

– Eg gleda meg til den fektekampen. Eg følte under kampen at det heile tida kunne gå begge vegar, men det var berre å ta det som det kom!

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (9:30)

Sjå den dramatiske fektekampen her.

Den dramatiske fektekampen svinga fram og tilbake mellom ho og Katja, som til slutt gjekk av med sigeren 10-9, og sende Charlotte heim.

Blei svimmel av mobilskjermen

– Det var veldig deileg med ein gong, berre å kome ut. Endeleg kunne eg ete kva eg ville, og leve eit vanleg liv, seier ho.

Då ho skrudde på mobiltelefonen for første gong vart ho svimmel. Det skarpe lyset hadde alt rukke å bli såpass uvant. Men nokre ting er 2017 betre på:

– Maten, den saknar eg ikkje, seier Charlotte, før ho tenkjer seg litt om.

– Eller, Anne-Berit laga ein god rødbetesalat. Det hadde vore fint å få den servert av «mormor» igjen.

Charlotte og Katja klemmer

Charlotte og Katja kom godt overeins i 1537.

Foto: NRK/Strix

Charlotte beskriv seg sjølv som eit veldig sosialt menneske, og ei lukka verd der ein kun er saman med 13, så 12, så 11 andre folk vart spesielt tøft. Heldigvis var det alltid nokon ho kunne snakke med, og nettopp Katja var ein av dei.

– Ein kan jo bli sliten av maset til Katja, men slikt kan jo skje alle. Der inne kunne vi snakke om alt.

– Veldig tøft, lite mat, og lite søvn

Charlotte er aktiv som cheerleader for Charmers All-Stars, og har også vore på landslaget i cheerleading – men den første veka vart ho dels sett ut av ei betennelse i handa som følgjer av steinhugginga til sveinestykket.

Charlotte gråte og Per trøster

Som born hadde Charlotte barneleddgikt, og under opphaldet i Erkebispegården tok imot ho legehjelp for betennelsa i handa.

Foto: NRK/Strix

Etter å ha røke ut mot Katja etter tre veker i 1537, er det nokre ting heimesjukepleiaren skulle ynskje ho hadde fått vist betre fram:

– Det ser kanskje ut som eg skryt på meg at eg var sterk og hadde gode fysiske eigenskapar. Det kom kanskje ikkje så godt fram, seier ho, som også dreiv med styrkeløft då ho gjekk high school i Texas.

– Eg er glad eg ikkje tok fektekurs på førehand. Då vart det berre å gjere så godt ein kan, å hoppe ut i noko heilt nytt. Slik var eigentleg alt der – masse nytt som ein kaste seg ut i.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters