Hopp til innhold

Elektronisk musikk trugar mangfaldet

Den elektroniske musikken fortrenger rocken under musikkbransjefestivalen Bylarm. Programsjefen meiner det er for enkelt å lage musikk på ei datamaskin.

Kygo

Suksessen til Kygo og andre artistar innan elektronisk musikk har ført til at Bylarm får færre rockedemoar.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Denne veka samlar musikkbransjen seg til bransjefestivalen Bylarm med seminar på dagtid og konsertar på kveldstid. I år har det kome inn 1200 demoar frå artistar og band som gjerne vil spele under festivalen. Men svært få av desse er tradisjonelle rockeband med trommer, bass og gitar.

Bookingsjef Joakim Haugland i byLarm

Programsjef Joakim Haugland synest den elektroniske musikken har blitt for dominerande.

Foto: Gitte Johannessen/NTB

Programsjef Joakim Haugland i Bylarm meiner det at det er så enkelt å lage musikken på datamaskin må ta noko av skulda for dette:

– Det blir berre enklare og enklare å spele inn musikken sin heime, og det høyrest bra ut. Men skal du spele inn eit band, krev det mykje. du må ha øvingsrom, du må ha eit studio med mykje utstyr, og det må miksast. Det blir fort veldig dyrt.

Elektronisk dominans

Dei siste åra har den elektronisk musikken dominert hitlistene. Artistar som Avicii, Calvin Harris og Kygo har vore trekkplaster til store festivalar. Men Haugland fryktar dominansen skal fortrenge mangfaldet i musikken:

– Eg synest det er mykje elektronisk musikk no. Det er for lite mangfald, og det er mangfald vi vil ha.

Vokalist i Honningbarna, Edvard Valberg

Honningbarna med Edvard Valberg i spissen vann Urørt-finalen i 2011.

Foto: Jørn Gjersøe / NRK

Også i P3 er rocken no på vikande front. Der er det elektronisk og urban musikk som dominerer. Musikksjef i P3, Mads Borch Bugge, meiner det ikkje er kanalen si oppgåve å halde rocken i live:

– P3 skal spegle den unge kulturen. Og om det vil seie urban og elektronisk musikk, så speler vi det. Men vi skal også vise breidda i det som eksisterer, særleg i Noreg, og det opplever eg at vi gjer.

Han viser blant anna til arbeidet som har blitt gjort med Urørt, der vi finn mange gode norske rockeband. I år er finalen ein del av Bylarm.

– Rocken er i ein bølgedal

Audun Molde

Musikkvitar Audun Molde er ikkje uroa på rockens vegne.

Foto: Privat

Musikkvitar og førstelektor ved skulen Westerdals Oslo ACT, Audun Molde, er heller ikkje med på at rocken no er avliden:

– Alt går i bølger. Akkurat no er rocken inne i ein bølgedal, medan den elektroniske musikken er på topp. Vi hadde noko av den same debatten på 90-talet med dj-kulturen. Men rett etter år 2000 kom rocken tilbake med band som Limp Bizkit, Foo Fighters og Queens of the Stone Age.

Han trur rocken kjem til å kome tilbake. Men populærmusikken går i dag på tvers av sjangrar. Det vil difor vere opp til musikarane å avgjere kva som blir den nye rocken, seier Molde:

– Rocken frå 60- og 70-talet er ein historisk sjanger. Kva vi definerer som rock vil endre seg heile tida. Og det håper eg også det vil halde fram å gjere i framtida.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.