Hopp til innhold

Han skal spele Jan Baalsrud

Rapparen og programleiaren Thomas «Fingern» Gullestad skal spele motstandsmannen Jan Baalsrud i filmen «Den tolvte mann» av Harald Zwart.

Thomas Gullestad skal spille Jan Baalsrud i filmen "Den 12. mann"

Gullestad er kjent frå gruppa Klovner i kamp. Han har også vore programleiar for fleire tv-program saman med bandkamerat Espen «Dansken» Selvig. No skal han også prøve seg som skodespelar.

I ti år har Harald Zwart arbeidd med ein film om motstandsmannen Jan Baalsrud si flukt gjennom Troms til Sverige i 1943 etter eit mislykka oppdrag. No er finansieringa på plass, og i førre veke var Zwart i Troms for å sjå på stader å spele inn filmen.

Jack Fjeldstad som Jan Baalsrud i Ni Liv

Jack Fjeldstad spelte Jan Baalsrud i den Oscar-nominerte filmen 'Ni liv' i 1957.

Foto: A/S Fotorama

I 1957 laga Arne Skouen filmen «Ni liv» basert på historia til Baalsrud, med Jack Fjeldstad i hovudrolla. Filmen blei nominert til Oscar for beste framandspråklege film det året. Og er også kåra til den beste norske filmen gjennom tidene.

– Stor ære

Gullestad seier det blir ei utfordring å skulle gi seg i kast med nye oppgåver, men han gler seg også.

– Det er ei stor ære å få spele Jan Baalsrud. Han er ein person vi ikkje må gløyme. For meg blir det ein stor overgang. Dette er noko eg aldri har gjort før. Men dette er ei utfordring eg gler meg til å gå laus på.

Thomas "Fingern" Gullestad

Thomas Gullestad må ned 15 kilo før han skal spele Jan Baalsrud på film.

Foto: Harald Zwart & Petter S. Holmsen

Baalsrud var ifølge dei som kjende han ein varm person med glimt i auget. Det var karaktertrekk det var viktige for Harald Zwart når han skulle finne rett mann til rolla:

– Vi prøvde mange kandidatar før vi gjorde valet. Det var viktig å finne nokon som har same personlegdom som Baalsrud. Gullestad måtte gjennom mange testar og prøver, og no er eg heilt sikker på at han er den beste til å spele Jan Baalsrud.

Må ned i vekt

1955 Krigshelten Jan Baalsrud, (1917-1988) hvis historie ble udødeliggjort i filmen "Ni liv" i 1957.

Jan Baalsrud gjekk kraftig ned i vekt, og måtte amputere fleire tær medan han var på flukt under krigen.

Foto: Scanpix / SCANPIX

No er Gullestad i gang med å lese manus og slanke seg til rolla. På slutten av flukta var Baalsrud berre 35 kilo. Men så langt ned kjem ikkje «Fingern» til å gå:

– Eg skal ikkje så langt ned, men ved å gå ned i vekt trur eg at eg kjem til å kjenne meir på korleis han hadde det. Eg trur det blir sterkt også å spele inn filmen i dei områda dette skjedde.

Innspelinga av filmen startar i Troms i april, og så held dei fram med filminga til vinteren igjen. I denne filmen kjem historia til dei som hjelpte Baalsrud til å stå meir sentralt enn i «Ni liv».

– Dette er ei historie som fortener å bli fortalt igjen. Nye generasjonar treng å få vite kva forfedrane har gått gjennom for at vi skal ha det som vi har det igjen, seier Zwart til NRK.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober