Hopp til innhold

Kan stikke av med to brageprisar

Det har aldri skjedd før at ein forfattar er nominert i to Bragepris-kategoriar samstundes. Når Ingvild H. Rishøi no er blitt dobbelnominert, meiner ho sjølv at det er litt flaks.

Ingvild H. Rishøi

Ingvild H. Rishøi tolkar seg sjølv som nesten usympatisk stolt over å vere nominert to gonger med same bok.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Det er veldig stas og ærerikt. Eg er kjempeglad og stolt, så stolt at det nesten er litt usympatisk, ler forfattaren som er nominert både i klassen for skjønnlitteratur og i open klasse, med samlinga Vinternoveller.

Brageprisen blir delt ut i dei fire kategoriane barne- og ungdomsbøker, sakprosa, skjønnlitteratur og open klasse for noveller og essays. Han blir rekna som éin av Noregs viktigaste og mest prestisjetunge litterære prisar.

Sjå heile lista over dei nominerte.

Har drukke champagne og gruar seg til å vente

Nokre timar etter at nominasjonane til årets Bragepris er klare, har Rishøi rukke å sprette champagnen og ta seg eit glas saman med forlaget. No reflekterer ho over sin eigen reaksjon så vel som det ho har i vente. Det verste med å vere nominert er nettopp ventetida, meiner ho.

– Sist gong eg var nominert var det så skummelt og nervepirrande å sitje i salen og vente på å kanskje få namnet sitt ropt opp, seier forfattaren.

For tre år sidan var ho nominert i den skjønnlitterære klassen med novellesamlinga Historien om fru Berg. Då gjekk prisen til Tomas Espedal og romanen Imot naturen.

– Litt flaks med gode odds

Vinternoveller

- Ei tynn, men god bok, meiner forfattaren sjølv om novellesamlinga.

Foto: Gyldendal

Denne gongen har ho statistisk ein større sjanse enn resten av kandidatane når prisane skal delast ut i Dansens hus i Oslo 18. november.

– Ja, eg har jo betre odds. Eg har vel litt flaks med kategoriane òg, det er ikkje alle som skriv noko som kan passe inn i fleire klassar, meiner Rishøi.

Men jamvel om ho meiner det ikkje framstår særleg sympatisk å vere så glad for kredibiliteten både éin og to nominasjonar gir, forsikrar ho om at ho ikkje skammar seg.

– Eg synest sjølv at dette er den beste boka eg har skrive, eg er innmari nøgd med henne. Det er moro at andre også liker det eg har skrive, trass i at Vinternoveller er ei ganske tynn bok, seier forfattaren.

Måtte leggje frå seg skremmande god konkurrent

Ho møter verdig motstand i begge kategoriane, meiner ho sjølv.

– Min generelle favoritt er Mikkel Bugge, boka hans er kjempebra, seier Rishøi om forfattarkollegaen som er nominert i open klasse med Tauet.

I klassen for skjønnlitteratur trekkjer ho fram Rune Christiansen, som har fått mykje god kritikk og no ein nominasjon for romanen Ensomheten i Lydia Ernemans liv. Rishøi har så langt nøgd seg med ein smakebit, men ikkje fordi ho syntest boka var dårleg.

Eg las éi side, og fann ut at boka rett og slett var for bra. Det er hard konkurranse, ja, seier ho.

– Nominasjonane er vel fortente

Favoritten deler Rishøi med NRKs bokmeldar Anne Cathrine Straume, som meiner Christiansens roman er stillferdig og nesten gammalmodig i stilen.

– Boka er skrive i eit språk så kontrollert og finstemt at det er ein fryd. Forfattaren bruker òg alt eksisterande litteratur på ein produktiv og dynamisk måte. Det er sjeldan å sjå så himmelropande begeistring hos meldarane som for den boka, seier Straume. Ho meiner elles at nominasjone til Rishøi er vel fortente.

– Rishøis noveller er veldig gode, moro for henne å vere nominert i to kategoriar! Men det er vanskeleg å spå om kven som vinn, synest ho.

Hanne Ørstavik og Kjartan Fløgstad er også nominerte i skjønnlitteraturklassen, med høvesvis På terrassen i mørket og Magdalenafjorden.

Artikkelen held fram under bildet.

Hanne Ørstavik og Kjartan Fløgstad
Foto: Linda B. Engelberth/Julie Pike / Oktober/Gyldendal

– Overraskande barneboknominasjon

Straume er ansvarleg for barnebokmeldingar i NRK, og ho undrar seg noko over kategorien for nettopp barne- og ungdomsbøker. Der er Oda Faremo Lindholms Bullshitfilteret blant kandidatane til å vinne.

– Det er overraskande at Lindholms sakprosabok er nominert i denne klassen, meiner Straume. Ho understrekar at Lindholm har skrive ei tøff bok som etter hennar syn dessverre er nødvendig.

Bullshitfilteret er retta mot unge jenter som blir tuta øyra fulle av kroppsfiksering og kjønnsdiskriminering, seier bokmeldaren.

Anne Cathrine Straume

NRKs bokmeldar Anne Cathrine Straume meiner lista over dei nominerte til Brageprisen har nokre overraskingar.

Foto: Hilde Bjørnskau

I same klasse trekkjer ho fram Lisa Aisatos En fisk til Luna, som Straume synest opnar for undring og er god for auget.

– Aisato er tydeleg inspirert av Shaun Tan, som er ein av verdas fremste bildebokskaparar, seier ho.

Mindre overraska er ho over sakprosanominasjonane, som inkluderer Alf van der Hagens biografi om Kjell Askildsen. Boka har fått jamt over strålande kritikk, og er eit viktig kulturhistorisk dokument, meiner Straume. Van der Hagen konkurrerer med Bjørn Godøy, Ida Jackson og Marte Michelet, som på ulike vis tek oppgjer med skammeleg fortid.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters