Hopp til innhold

Bokmelding: Å selje sex for å berge sjela

Går det an å finne seg sjølv gjennom å ha sex med ukjente menn for pengar? Forfattaren kastar sosialantropologen Paula ut i det ukjente, ein stad Ørstavik-lesarar kjenner ganske godt etterkvart.

Hanne Ørstavik

Ørstavik er på sitt beste når ho gyv laus på rå og usminka kjensler med eit insisterande og borande intellekt, skriv bokmeldar Marta Norheim om «På terrassen i mørket».

Foto: Linda B. Engelberth / Oktober

Den som opnar ein Ørstavik-roman, må rekne med å bli ført inn i sjelelege irrgangar og eksistensielle spørsmål. Så også i romanen av året: sosialantropologen Paula har vore gjennom eit opprivande samlivsbrot og dreg til Spania på stipend for å få såra til å gro og kanskje kome vidare i livet. Ho skal utforske eskortetenester gjennom sjølv å utføre slike tenester.

At romanen påstår at nokon faktisk gjev stipend til slike prosjekt skal eg la liggje og heller konsentrere meg om den personlege sida ved prosjektet: Kvifor trur ho at sex med ukjende mot betaling kan verke frigjerande?

Akkurat her er romanen ganske tydeleg: Ekskjærasten Jostein levde ut begjæret sitt saman med ukjende. Samlivet mellom han og Paula var nært, men bortimot platonsk. Dette er temmeleg øydeleggjande for henne men ikkje for han, og oppdeling av det intime livet i soner framstår etter brotet som ein mogleg strategi for Paula som har eit problem med avgrensing: Ho misser seg sjølv inn i dei ho elskar, anten det gjeld far hennar eller Jostein. Problemet var der altså før den store kjærleiken kom og forsvann.

Kompromiss og svik

Eskorteprosjektet blir ein del av det store prosjektet som handlar om å leve i samkvem med andre utan å misse seg sjølv. Eit spørsmål som går att, er: dersom ein må stålsetje seg for ikkje å bli såra av dei ein elskar, har ein då kompromissa med den store kjærleiken? "Kompromiss" rimar på "svik mot ideala" i Paulas verd; der er ho i slekt med fleire av sine forgjengarar i Ørstaviks romanunivers.

Alternativa blir då anten total kommunikasjon på alle bølgjelengder, eller totalt fråver av kjærleik. Det siste alternativet kan ho eventuelt kombinere med å selje begjæret sitt for pengar, ei løysing som verkar meir tiltrekkjande enn å prøve å presse det på ein høgt elska mann som ikkje vil ha det.

Teori, praksis og tabu

Dermed utfordrar Paula lesaren på fleire punkt: Kan sal av sex vere ei løysing på noko som helst? Kan det vere ein ide å satse på små og avgrensa kjærleiksprosjekt med fleire når den store kjærleiken er over? Sosialantropologen dissikerer dei ulike komponentane i det vi kallar "kjærleik" og prøver å få sett saman eit liv der dei ulike komponentane kan levast ut i samver med ulike personar. Målet med dette er å bli heil som person og ikkje misse seg inn i dei ho elskar.

Det moralske aspektet er fråverande i dette privatantropologiske feltarbeidet. Då ho tilfeldigvis ser eit glimt av ein av kundane sine med barnevogn, er hennar første tanke at han har eit ansiktsuttrykk som ho ikkje har sett før, og så sporar ho raskt over til å tenkje på kor viktig det er for henne sjølv å bli sett, og at ho strengt tatt ikkje er blitt sett nok av dei ho elskar. I si store sorg gjer Paula resten av verda til eit laboratorium der ho skal finne den rette formelen for eit liv i harmoni med seg sjølv og omverda, eit liv der ho blir sett og møtt som den ho er. Det verkar ikkje som ho ser paradokset.

Totem og trommer

Parallelt med dette feltarbeidet analyserer ho også ulike berømte par som har gått frå kvarandre, med spesielt blikk på kva kvinnene gjer etter brotet. Som ein ekte sosialantropolog kombinerer ho teori og praksis. Og så kjem det til ein tredje dimensjon:

Før ville jeg forstå alt, og trodde at hvis jeg bare forsto, så var det det som var nødvendig for forandring. Jeg vil fortsatt gjerne forstå, men jeg vet ikke lenger om det er det som er nøkkelen, tror ikke på atskilte avstengte rom lenger, tror mer på bildene, drømmebildene, fornemmelsene, bevegelser, drag, og å følge dem, og at noe flyter over i hverandre på nye måter. Noe sånt..

Hanne Ørstavik / På terrassen i mørket

Forskaren Paula erfarer at vitskaplege rammer og dagklare analysar vert for snevre og tyr til totemdyr og trommereiser for å kome til sans og samling.

Jakta på utopien

Spenninga mellom det å gje seg heilt til eit anna menneske og på same tid skjerme om seg og sitt, er eit kjent tema i bøker av kvinner om kvinner. Ørstaviks bidrag er å gje temaet form av ei djuptgripande og nådelaus undersøking av drifter, kåtskap, sjaulsi og den bitre, skammelege kjensla av å få for lite att samanlikna med det ein sjølv har gjeve. Eller investert, for no å bli i den økonomiske terminologien. Paula slektar på mange tidlegare Ørstavik-personar i det at ho har ein visjon eller ein utopi om eit liv som er heilt, der det er samsvar mellom ord og det orda skal uttrykkje, der kropp og sjel forstår kvarandre og der andre menneske ser kven ein verkeleg er.

Topografien

Når ein skal snakke om indre og sjelelege spørsmål er ein avhengig av metaforar eller symbol. Ørstavik bruker begge deler, totemdyra er tydelege symbol, medan ho har valt landskapet som metaforkjelde, og den indre reisa går gjennom dalrenner og søkk og grøfter og fjellsider. Det krev ein viss kondis å henge med gjennom alle desse formasjonane som trass i at dei er konkrete framstår som underleg abstrakte. Korleis ser eit søkk ut, sånn heilt for seg sjølv? Men viss ein greier å orientere seg i dette landskapet, byr Paula på ei granskingsferd som både er opprivande, provoserande og gripande.

Ørstavik er på sitt beste når ho gyv laus på rå og usminka kjensler med eit insisterande og borande intellekt.