Hopp til innhold

Musikarens beste ven

Blåkval, hund, eller hane? Her er ti låtar som er fylt med dyrelydar.

Dyr og artist fotokollasje

Nederst frå venstre: Pharrell Williams (N.E.R.D.), The Beatles og Missy Elliott har alle brukt dyrelydar i musikken sin.

Foto: Fotomontasje / Ap/AFP/Reuters

Det finst artistar som tar namn etter dyr, og det finst musikarar som syng om dyr. Men nokre tar det eit steg lenger og lagar musikk ut av bjeffing, uling og kvitring.

– Å bruke dyrelydar i musikk er ein eldgammal tradisjon. Det ligg i botn av vår bevisstheit, seier musikaren Sinikka Langeland, som mellom anna har transkribert ulvehyl til saksofon.

I 2014 urframførte ho «Mysticeti – Messe for blåkvalen», som inkluderte ein duett for saksofon og knølkval. Lydane frå ein kval blei omsett til tonar, og saksofonisten spelte dei oppå opptaket.

Sinikka Langeland

Sinikka Langeland skreiv ei messe for blåkvalen i 2014.

Foto: Robert Rønning / NRK

I radioprogrammet Sommer i P2 fortel Langeland om første gongen ho kom over eit lydopptak av ein kval på Internett.

– Eg blei slått i bakken av ærefrykt, og fekk ei kjensle av å bli dratt tusenvis av år tilbake i tid.

Andre gongar handlar det rett og slett om å bruke eit kult bjeff som rytme. Her er ti andre musikkstykke med dyrelydar i:

1. N.E.R.D., «She wants to move» (2004)

Dyr: Hund.

Menneskets beste ven får æra av å opne denne kjempehiten med eit bjeff, før trommene og stemma til Pharrell Williams tar over. I musikkvideoen er ein oransje-manipulert schæferhund med blå auge godt synleg, men han blir verande taus resten av låten.

2. Various artists, «Songs of the Humpback Whale» (1970)

Dyr: Knølkval.

Dette er rett nok eit album, og når det står various artists her, så betyr det faktisk ei samling knølkvalar, som blei plateartistar i 1970. Forskarane Roger Payne og Scott McVey stod bak LP-en, som blei det mestseljande naturopptaket nokon sinne. Seinare har artistar som Kate Bush, Judy Collins, Lou Reed og David Rothenberg brukt opptaka i musikken sin.

3. Neil Young, «Mother Earth» (2016)

Dyr: Frosk, bie.

Tore og regn tar oss inn i denne låten, der ein får kjensla av å vere på new age-camp. «Oh mother earth, with your fields of green,» syng den innbitne rockaren og aktivisten, som har lansert eiga nettside for miljøvern. Den relativt rolege låten endar i eit kakofoni av surrande bier. Og slik held det fram på resten av albumet («Earth»), som er prega av natur- og dyrelydar. «Det distraherer mer enn det funker, kanskje fordi det blir i overkant mye av det,» skreiv Dagbladet om plata, medan Rolling Stone gav ho fire av fem stjerner.

4. The Beach Boys, «Caroline, No» (1966)

Dyr: Hund.

Etter tittelen å døme har den legendariske plata «Pet Sounds» få dyrelydar. Men på sistesporet, «Caroline, No», har Brian Wilson lurt hundane sine, Banana og Louie, inn i studio. Dei bjeffar oppå lyden av eit tutande tog medan musikken ebbar ut. Wilson, som elles er kjent for impulsive påfunn, skal også ha ynskja å få ein hest inn i studio. Svaret blei «neigh», skriv BBC. Det hjelpte ikkje at han argumenterte med at hesten var tam.

5. The Smiths, «Meat is Murder» (1985)

Dyr: Ku.

Dette er eit eksempel på bruk av dyrelyd for å få fram eit politisk poeng. Kyr rautar, kanskje medan dei er på veg til slakting? Det er i alle fall biletet som Morrissey og resten av The Smiths målar i «Meat is Murder». «This beautiful creature must die / And the calf that you carve with a smile / Is murder,» syng Morrissey, som er kjent for sitt engasjement for dyr. Han har fleire gongar kravd forbod mot kjøt på spelestadar, og i 2009 gjekk han av scena på Coachella-festivalen fordi han lukta grilla kjøt.

6. Missy Elliott, «Work It» (2009)

Dyr: Elefant.

Missy Elliott er omsverma av veps i starten av musikkvideoen, men det er i høgste grad elefanten som spelar hovudrolla i denne låten. «If you got a big (*ELEFANTBRØL*), let me search it,» syng Missy, og lar snabelen tale for seg.

7. Olivier Messiaen, «Turangalîla-symfonien» (1948)

Dyr: Fugl.

Den franske komponisten var ornitolog, og brukte fuglesong i fleire av musikkstykka sine. Ofte transkriberte han fuglesong for orkester, og i notane noterte han kva type fugl det var, samt kvar dei kom ifrå. Han skal ha sagt om sitt eige verk «Fuglane vaknar» at musikkutøvaren burde gå seg ein tur i skogen for å gjere seg kjend med fuglesongen før han skulle spele.*

8. Pink Floyd, «Cirrus minor» (1969)

Dyr: Fugl.

Henta frå bandets tredje studioalbum. Fuglekvitter og ein gauk som gjel ligg som eit teppe under David Gilmour si stemme gjennom heile låten. Etter kvart blandar eit orgel seg inn og gir det heile ei mystisk, psykedelisk stemning. Ein vemodig låt.

LES OGSÅ: Den forbanna musikken

9. The Beatles, «Good morning good morning» (1967)

Dyr: Hane, fugl, katt, hund, hest, sau, løve, elefant. Med meir.

Dette er eit spor på «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band», den banebrytande plata som fyller 50 år. Her tar det heilt av! Ein einsam hane gjel i starten av låten, men mot slutten har The Beatles henta inn heile dyreriket.

10. Ratatat, «Wildcat» (2006)

Dyr: Wildcat

Ja, kva dyr er det eigentleg snakk om her? Det finst mange ulike villkattar i verda. Lyden og albumcoveret gir ein viss peikepinn om at dette er ein større, tøff type. Uansett så er dette ein elektronisk klubbhit som viser at dyrelydar fint kan brukast som effekt gjennom ein heil låt.

NB: Nokre gongar er det ikkje så lett å høyre forskjell på instrument og dyr. Sjå berre denne meldingsutvekslinga med det norske bandet Young Dreams:

Facebook-melding
Foto: Skjermdump / Maren Kvamme Hagen

Kjelder: BBC, *«Ekko2» av Audun Molde og Geir Salvesen (2000, Gyldendal norsk forlag).

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober