Hopp til innhold

No får vi vete om det er fugleskit på «Skrik»

Den kvite flekken har vore eit mysterium i ei årrekkje. Er det fugleskit eller vart den målt av meisteren sjølv? Ny teknologi skal gje oss svaret på kva som skjuler seg i det verdskjende måleriet.

En avansert maskin skal i løpet av 60 timer skanne seg frem til svaret. Flekken har vært et mysterium i over hundre år.

SJÅ VIDEO: Ekspertar har i ei årrekkje diskutert kva den kvite flekken i biletet er. No kan ei unik røntgenmaskin gje oss svaret.

– Nokre trur det er fugleskit, andre trur det kan vere stearin eller ein målingsflekk, seier Tine Frøysaker, professor ved Universitetet i Oslo.

Den kvite flekken er vanskeleg å sjå på avstand, men når ein kjem nærare måleriet er det ein tydeleg flekk på olbogen til «skriket».

– Det er tatt prøver av flekken før, men dei var veldig vanskelege å analysere. Snart​ får vi svaret, og då treng ikkje nokon å lure på det lenger, seier Frøysaker.

Skannar etter svar

Tine Frøysaker

SPENT PÅ SVARA: Professor ved Universitetet i Oslo Tine Frøysaker trur skanninga vil gje svar på korleis «Skrik»-måleriet såg ut då det vart måla i 1893.

Foto: Petter Olden / NRK

I kjellaren på Nasjonalmuseet heng den første utgåva av «Skrik»-måleriet frå 1893. Framfor måleriet står røntgenapparatet som skal gje svar.

– Vi kan skanne måleriet ved å sende små strålar mot overflata av biletet. Slik får vi svar på kva materiale Edvard Munch brukte, seier Dr. Geert Van der Snickt frå Universitetet i Antwerpen.

Han er i Noreg for å demonstrere korleis apparatet fungerer. I 60 timar skal den unike røntgenmaskina dokumentere kunstverket millimeter for millimeter.

– Dette vil gje oss svar på korleis biletet såg ut då Munch måla det. Vi kan finne ut kva fargar han opphavleg brukte, og korleis desse har forandra seg med åra, seier Frøysaker.

– Viktig for framtida

Fortvilelse - Skrik, Edv Munch 1893

SKRIK: Måleriet er skittent og har aldri blitt reinsa. Det vart målt på ei papplate, og i løpet av åra har dei opphavlege fargane endra seg.

Foto: Wikipedia

Den nye teknologien skal òg gjere det lettare å ta vare på Noregs kunstskattar for framtidige generasjonar.

– Skrik er eit veldig skjørt bilete. Derfor gjev dette oss viktig informasjon om korleis vi skal gå vidare med konservering og bevaring, seier konservator ved Nasjonalmuseet, Thierry Ford.

Måleriet er eit av dei mest undersøkte bileta ved Nasjonalmuseet. Fram til no er det berre teke prøver av små område i gongen, der ein fysisk har måtte fjerne små delar av måleriet for å analysere dei.

– Dette gjev oss svar utan at vi må ta fysiske prøver. Det er det som er så fint med denne nye teknologien, seier Ford.

Det er Universitetet i Oslo som leiar prosjektet, der «Skrik» og fleire andre måleri skal bli analyserte.

Og om nokre dagar får ein svaret på om det er fugleskit på det verdskjende kunstverket.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters