One Direction er saman med Justin Bieber kjent som dei artistane som får ungjentene til å hyle høgst. No er det truleg ein del unge fans som fell ein tåre eller to. One Direction går frå fem til fire medlemmar.
– Vil leve normalt
På Facebook så skriv Zayn Malik at han vil leve eit normalt liv som ein vanleg 22-åring som kan slappe av og ha eit privatliv ute av rampelyset. Han skriv i tillegg at han orsakar til fansen om han har svikta nokon. Bandet skriv vidare at One Direction vil fortsette som band og at turneen går etter plana.