Det tidlegare Beatles-medlemmen har inngått eit samarbeid med Skype om å komponere musikk og lydar til emojiane videosamtaleteneste lanserer i samband med Valentines Day. Emojiane er teikn og figurar som brukarane kan bruke digitalt for å uttrykke ei kjensle.
I ein video på heimesida si, fortel McCartney at han først syntest spørsmålet var litt rart:
– Eg syntest dette først var eit rart forslag, og spurde meg sjølv om dette var noko for meg. Men så tenkte eg: kvifor ikkje? Dette er moro, hyggeleg og nytt.
Utfordrande
Videoen viser McCartney arbeide i studio for å lage korte snuttar til 20 kjensler. Lydsnuttane spenner frå harde gitarriff til mjuke xylofontrillar.
McCartney seier det var ei utfordring å lage dei korte snuttane.
– Det er som å løyse eit stort kryssord med mange ulike løysingar. Samtidig var er snuttane melodiske, så det var ein måte for meg å øve meg i studio også.
Likar å eksperimentere
73-åringen har lenge vore kjent som ein artist som likar å eksperimentere og prøve nye ting.
Paul McCartney er velkjend som popsnikkar med Beatles-songar som «She Loves You» og «I Wanna Hold Your Hand» på samvitet.
Men McCartney har også vist seg å vere inspirert av avantgardistiske samtidskomponistar som John Cage og Karlheinz Stockhausen. Teknikkar brukt i «Fool on the Hill» og «Tomorrow Never Knows» er eksempel på dette.
Dei siste åra har han også jobba i ulike sjangrar. Han har blant anna skrive orkestermusikk, electronicamusikk og musikk til ballett. Han har også samarbeidd med yngre artistar, som med rapparen Kanye West og R & B-stjerna Rihanna i fjor.