Hopp til innhold

Ukraina har Eurovision-svarteliste

Det blei bråk då ukrainske Jamala vant Eurovision Song Contest i fjor, med ei låt om Stalins deportasjon av krimtatarene i 1944. Nå kan det bli meir bråk.

Jamala vinner ESC 2016

FJORÅRETS VINNAR: Ukrainske Jamala vant finalen i Eurovision Song Contest 2016 i Sverige.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Ukrainske styresmakter seier allereie nå at dei vil nekte ein del russiske artistar å kome inn i landet, dersom dei skulle bli valt.

LES OGSÅ: Eurovision-sjefen: – Jeg har aldri opplevd lignende

– Her i Ukraina har vi ei liste med artistar som er utestengt frå Ukraina på grunn av deira handlingar eller på grunn av deira utsegn, seier den ukrainske visestatsministeren, Ivanna Klympush-Tsintsadze.

Og at russarane ikkje ønsker å provosere, det er ikkje leiar for den norske grand prix-klubben, Morten Thomassen, sikker på.

– Viss russisk tv har så mykje baller som dei truleg har, så er det ein fare for at dei berre for å lage bråk kan finne på å sende ein av desse, seier Thomassen.

Russarane har ikkje bestemt seg for kven dei skal sende til den internasjonale finalen i Kiev, det må dei gjere i løpet av de næraste vekene.

– Det kan bli rekord i pipekonsert

Jon Ola Sand, som er sjef for det som er verdas største musikkonkurranse.

– Eg ser ikkje nokon grunn til å nekte nokon artistar inngang til Ukraina. Eg har ingen tru på at våre medlemmer vil sende artistar med eit rulleblad som gjør at de ikkje kan komme inn i Ukraina. Det har eg ikkje tro på.

Morten Thomassen

FRYKTAR PIPEKONSERT: Leiar for den norske grand prix-klubben er redd det kan bli pipekonsert i Kiev viss Russland sender feil artist.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Morten Thomassen førebur seg på pipekonsert, som det også blei då Aserbajdsjan gav 12 poeng til Russland for tre år sidan.

– Enten så kan dei sende ein artist som er bannlyst og ende med at dei ikkje får lov å sende han og trekke seg og lage bråk ut av det. Eller så får dei lov å delta. Og då syns ein jo synd i den artisten som kjem til eit land der han ikkje er velkommen. Då trur eg det blir rekord i pipekonsert, seier Thomassen.

For på scenen i Kiev skal alle konfliktar leggjast til side.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.