Forhandlingane mellom Telenor-eigde Canal Digital og Discovery om kor mykje Discovery-kanalane skal koste førte ikkje fram sist helg. Det førte til at over ein million husstandar mista 13 tv-kanalar over natta.
Men dersom kundane til Canal Digital vil skifte tv-leverandør, er ikkje det så enkelt. I dag er det slik at det er ei tvungen kopling mellom breibandabonnementet og tv-pakkane hos kabelselskapa. Det vil seie at det er eit krav at du kjøper begge produkta hos ein tilbydar.
Vil la kundane få velje
Forbrukarombodet har i eitt år forhandla om å oppheve denne koplinga, og i løpet av året er det meininga at dette vilkåret skal falle bort. Forbrukarombod Gry Nergård meiner difor Canal Digital allereie no bør vurdere å la kundane sine velje bort tv-avtalen, om dei ønsker det.
– Denne konflikten viser kor urimeleg det er å krevje at folk skal kjøpe breiband og tv saman. Vi har no bede Canal Digital, når dei likevel skal avvikle denne tvungne koplinga, om å vurdere om kundane allereie no kan få seie opp tv-abonnementet.
– Ikkje gjort over natta
Før helga tok Nergård dette opp med Canal Digital. Men dette er ifølge informasjonssjef i Telenor, Tormod Sandstø, teknisk komplisert å gjennomføre. Det er difor ikkje mogleg å tilby dette over natta
– Det er ein ganske stor jobb vi må gjere for å få dette til. Og den skal vi sjølvsagt gjere på ein skikkeleg og god måte. Og så skal vi vere klare med eit nytt oppsett på tv og breibandprodukta i løpet av året.
Kundane må difor vente til Telenor opphevar bindingane i løpet av året. I mellomtida er striden mellom Telenor og Discovery framleis fastlåst, og det er usikkert når kundane kan få tilbake kanalane dei har mista.
– Vi vel å ikkje kommentere forhandlingane. No lar vi dei gå på arenaene dei går føre seg, men vi jobbar for å få til ei løysing. Og vi håper det kan skje raskt, seier Sandstø.