Sean Combs
Foto: Noam Galai / Getty Images for MTV

Frå ville festar til grove skuldingar

Puff Daddy klatra til toppen av musikkbransjen. No er han skulda for trafficking og gruppevaldtekt.

September 2023:

Rapparen løftar gullstatuetten med høgre hand. Han bøyer seg fram mot mikrofonen.

– Eg såg på MTV som liten og drøymde om å stå her ein dag. Eg visste ikkje om det kunne gå, seier han, tydeleg rørt.

Gjennom åra har han brukt ulike artistnamn: Puff Daddy, Puffy, P. Diddy, Diddy. No kallar han seg Love.

Love tørkar fjeset. Publikum jublar. Prisen han akkurat har fått overrekt av dottera si, er MTVs «Global Icon Award», ein ærespris for lang og suksessrik karriere.

PRISVINNAR: Rapparen Sean «Diddy» Combs tek imot prisen «Global Icon Award».

PRISVINNAR: Rapparen Sean «Diddy» Combs tek imot prisen «Global Icon Award».

Foto: Evan Agostini / AP

– Love wins, y’all. Love wins, seier han.

To månadar etter hyllinga sprekk nyheita. Mannen som kallar seg «Kjærleik» er skulda for sexslaveri og valdtekt.

Her er fem spørsmål og svar om skuldingane, rykta og spekulasjonane som tårnar seg opp mot den kjente rapparen.

Korleis slo han gjennom som artist?

Mannen bak alle artistnamna heiter eigentleg Sean Combs.

Sean vart født i Harlem, New York i 1969. Då han var to år gammal, vart faren skoten og drepen under ein narkotikahandel i Central Park. Den farlause guten fekk kallenamnet «Puff» fordi han brukte å «huff and puff» (puste og pese) når han vart sint.

Han slo gjennom med eit brak då han slapp debutalbumet «No Way Out» i 1997. Albumet inneheldt hitsingelen «I'll Be Missing You» som handla om artistens avdøde kamerat Christopher Wallace, betre kjent under aliaset The Notorious B.I.G.

Notorious B.I.G og Sean Combs

KARRIEREBOOST: Både signeringa av rapparen Notorious B.I.G. til selskapet Bad Boy Records og låten han laga etter vennens død, var viktige for starten på Puff Daddy-eventyret.

Foto: Nitro / Getty Images

Songen fekk enorm merksemd og vart den første rap-songen i historia som fauk rett til topps på den amerikanske Billboard-lista. Songen var også den som låg lengst på toppen av norske VG-lista i 1997.

Sidan har han gitt ut hittar på rekke og rad. Det er likevel rolla som produsent og bakmann som har gjort artisten til det ikonet han er i dag.

Korleis vart han ein av musikkbransjens mektigaste?

Heilt sidan ungdomstida har Sean vore kjent for å arrangere nokre av dei villaste festane på det amerikanske kontinentet.

Fleire gongar har det gått heilt over styr, som då han som 22-åring var ein av arrangørane bak ein kjendis-basketballkamp der det ble sluppet inn 5000 tilskodarar på ein arena som berre hadde plass til 2730. Resultatet?

Åtte personar vart klemt til døde i botnen av ei trapp.

Faksimile Newsday og New York Daily
Faksimile: Newsday og New York Daily

Den tragiske hendinga sat ingen stoppar for Seans grenselause pågangsmot. I 1993 grunnla han plateselskapet Bad Boy Records og skapte den eine superstjerna etter den andre.

Mary J. Blige, The Notorious B.I.G. og Usher kan alle takke Sean for dei eventyrlege karrierane sine.

Sean Combs, Biggi, Usher og Mary J. Blidge.
Foto: NTB Scanpix

Ifølge Vanity Fair er Sean Combs verdas første påverkar. Han løfta hip-hop opp frå undergrunnen og fekk sjangeren og estetikken til å bli ein global livsstil på 1990-talet. Han gjorde hip-hop stuereint.

Sidan gjennombrotet på 1990-talet har Sean gjort suksess på alle arenaer som han har prøvd seg på. Han har sitt eige klesmerke, sin eigen parfyme og sin eigen TV-kanal. Han har mektige vennar og er ifølge magasinet Forbes god for over 1 milliard dollar.

Litt av pengane har han nytta på luksusvillaer i Miami og Los Angeles. I mars 2024 skjedde det noko der som sjokkerte naboane og heile USA.

Kva er skuldingane mot Sean Combs?

Det var som ei filmscene. Då to av eigedomane til Sean Combs vart ransaka, sparte ikkje politiet på noko.

Tungt væpna menn i grøne uniformer sprang inn forbi bassenga og over velpleidde plenar.

Massivt oppbud av tungt bevæpna politifolk under raid 25. mars 2024 i Los Angeles.

Det var oppbod av tungt væpna politifolk under raidet på Diddys eigedom i Los Angeles 25. mars 2024.

Foto: Eric Thayer / AP
Mengder av folk fra politiet og Homeland Security Investigations raider Diddys eiendom på Star Island på Miami Beach i Florida.

Det var også mengder av folk frå politiet og Tryggingsdepartementet ved Diddys eigedom på Star Island på Miami Beach i Florida same dag.

Foto: Rebecca Blackwell / AP
Agenter henter ut beslaglagt materiale fra Diddys eiendom i Florida.

Her ser vi agentar hente ut beslaglagt materiale fra Diddys eigedom i Florida.

Foto: GIORGIO VIERA / AFP
Sean 'Diddy' Combs sine eiendommer ble raidet - stort presseoppbud.

Og ja: Pressa fekk ferten i dette ganske raskt og raida toppa alle nyheitssendingar.

Foto: Carlin Stiehl / Reuters

For å forstå kvifor politiet gjekk til den dramatiske aksjonen 25. mars i år, må vi sjå på skuldingane musikkstjerna står overfor.

I november 2023 kom det første søksmålet for mishandling, seksuelt slaveri og valdtekt.

Saksøkar var Cassandra Ventura, kjent som artisten Cassie. 19 år gamal vart ho kjærast med den 17 år eldre Sean Combs, som ho hevdar kontrollerte livet hennar i elleve år.

Met-gallaen 2017 Diddy og Cassie Ventura

KJENDISPAR: Diddy og Cassie på Met-gallaen i 2017, året før forholdet mellom dei tok slutt.

Foto: Charles Sykes / INVISION

Saka vart løyst ved forlik dagen etter. Det er ikkje kjent kva sum Cassandra Ventura fekk.

Men skuldingane slutta ikkje der. Før 2023 var omme, var Sean Combs hovudperson i tre søksmål til.

Dei handla om valdtekt, filming av seksuelle overgrep, trafficking og ei gruppevaldtekt. Ugjerningane skal ha skjedd i 1990/91 og 2003.

Sean Combs har avvist alle skuldingane. I desember 2023 la han ut dette på Instagram:

Diddy på Insta etter anklager

INSTAGRAM: «La dette vere klart og tydeleg: Eg har ikkje gjort nokon av dei forferdelege tinga som eg blir skulda for. Eg vil kjempe for namnet mitt, familien min og sanninga.» skreiv Sean Combs.

Faksimile: Instagram

Det femte søksmålet kom i februar i år. Musikkprodusenten Rodney «Lil Rod» Jones Jr. skuldar Combs (og fleire i hans inste krets) for ei lang rekke brotsverk, inkludert organisert kriminalitet og seksuelle overgrep mot seg sjølv og jenter under seksuell lågalder. (Søksmålet frå Lil Rod, som er levert til retten i New York, kan du lese her.)

Ein av advokatane hans, Aaron Dyer, sa i mars i år at Combs samarbeider med myndigheitene, er uskuldig og vil fortsette å kjempe for å reinvaske namnet sitt.

Sean Combs har altså påstandar om grove kriminelle handlingar gjennom 30 år retta mot seg.

Korleis har omdømmet hans vore før?

Produsent Steve Stout hevda at han blei banka gul og blå av Sean og livvaktene hans med ein telefon, ein stol og ei champagneflaske i 1999. Grunnen til overfallet skal ha vore at Sean var sur fordi han hadde blitt krossfesta i rapparen Nas sin musikkvideo, skriv New York Times.

Combs risikerte ifølge avisa sju år i fengsel, men Staut ba politiet om å trekke siktinga etter at Combs beklaga hendinga offentleg.

I 2009 gav rapparen Mark Curry ut boka «Dancing with the Devil». Der kjem han med ei rekke skuldingar mot Sean Combs. Ifølge boka skal Sean ha brekt nasen til ex-kjærasten sin på ein yacht. Artisten skal også ha gått til angrep på ein av produsentane sine med ein stol og putta mystiske piller i drinkane til ymse kvinner.

Over mange år arrangerte Sean sine berykta «White Parties». Festane var fylt av berømte idrettsutøvarar, musikarar og internasjonale celebritetar.

Ifølge søksmålet frå musikkprodusenten Lil Rod skal Sean Combs ha montert skjulte kamera på eigedomane sine. Dei skal ifølge søksmålet ha vore nytta til å sikre inkriminerande bilde av gjestane.

Diddy, Paris Hilton og Kim Kardashian

ST. TROPEZ: Diddy på ein av dei legendariske festane sine saman med sosietetskvinnene Paris Hilton og Kim Kardashian i 2006. Denne utgåva av festen var på den franske rivieraen.

Foto: Jon Furniss / WireImage for MAC Cosmetics

Skuldingane har vore mange.

Fleire medium peiker på likskapane mellom musikkmogulen Sean Comb og filmbransjens Harvey Weinstein. Begge har hatt enorm makt. Begge har smykka seg med celebre vennar. Begge har hatt historier om tvilsam oppførsel og maktmisbruk hengande over seg gjennom heile karrieren.

Harvey Weinstein

FENGSELSFUGL: Harvey Weinstein er dømd både til 16 og 23 år i fengsel for valdtekter. Over 80 kvinner har skulda han for ulike seksuelle overgrep.

Foto: Etienne Laurent / AP

Harvey Weinstein vart til slutt dømt til 39 år i fengsel for ugjerningane sine. Vil Sean Combs følgje same skjebne eller vil han klare å tilbakevise skuldingane som er retta mot han?

Kva skjer no?

Tryggingsdepartementet skal ifølge NBC News ha funne våpen i begge villaene under ransakinga 25. mars. At dei var med på ransakinga, tyder på at saka er alvorleg.

Rapparen 50 cent (Curtis Jackson) har ytra på X at han produserer ein dokumentarfilm som vil følge opp skuldingane mot Diddy.

Fleire peikar også på likskapar med saka mot artisten R. Kelly. Han vart i 2022 dømt for mellom anna menneskehandel og seksuelle overgrep og sonar ein fengselsstraff på 30 år.

EN AV FÅ FELLELSER: Artisten R. Kelly soner en lang fengselsdom for seksuelle overgrep mot mindreårige. Her fra rettssaken i 2019.

ORANGE IS THE NEW WHITE PARTY?: Det kan bli slik kjeledress på Diddy etter kvart, dersom han blir tiltalt og funne skuldig. (R. Kelly trur ikkje på skuldingane mot kollegaen Diddy, har han uttalt frå fengsel.)

Foto: Antonio Perez / Getty Images

Sean Combs har så langt ikkje blitt tiltalt for noko og sitt ikkje i fengsel. Han er under føderal etterforsking for sex-trafficking, melder fleire amerikanske medium.

All merksemda kring søksmåla har allereie gått utover forretningsimperiet. TV-kanalen Hulu har droppa planane om ein reality med Combs-familien, den store kleskjeda Macy’s har slutta å selje klesmerket hans.

Sjølv hevdar Sean Combs at han er heilt uskuldig og eit offer for falske skuldingar.

5. april la profilen hans LOVE ut eit klipp frå musikkvideoen «Victory» på Instagram.

Bildeteksten var «Bad Boy For Life ✊🏿»

Hei!

Hei! Takk for at du las heilt hit. Meiner du noko, eller lurer på noko, eller har tips til andre saker, send oss ein e-post!