Kunstmuseet Louisiana utanfor København har sett saman ei utstilling som viser påverknaden Munch hadde på pop-kunstneren Andy Warhol. Men da dei bad om å få låne bilete frå Munch-museet, var svaret negativt.
– Eg har hatt to-tre møte på Munch-museet, eg har hatt brevveksling med Munch-museet. Men eg fekk beskjed om at dei ikkje hadde dei naudsynte ressursane til å administrere eit utlån til Louisiana, seier museumsdirektør Poul Erik Tøjer ved kunstmuseet Louisiana utanfor København
Meir kostbart
Han er skuffa over at dei ikkje fekk låne bilete frå Munch-museet til utstillinga dei skal ha i sommar. Utstillinga "Warhol after Munch" viser korleis Edvard Munch påverka Andy Warhol.
Tøjer har fått lånt bilete andre stader, noko som har gjort utstillinga meir kostbar.
– Eg har løyst problemet på ein annan måte, men i prinsippet kunne eg ha lånt det heile frå Munch-museet, fordi dei har alt saman.
Ressursmangel
Munch-museet avslo å låne ut måleria på grunn av ressursmangel, sjølv om Louisiana tilbaud at dei kunne betale for ekstrakostnadene utlånet ville medføre.
– Vi har tilbode Munch-museet å betale ekstra pengar for ekstra konservatorhjelp, ved å gje tilbod om å finansiere ein ekstra konservator i samband med dette, fortel Tøjer.
Men førstekonservator Magne Bruteig ved Munch-museet avviser at avslaget berre handlar om pengar.
– Det hadde ikkje noko med økonomi å gjere, det er rett og slett eit kapasitetsproblem. Bileta kan ikkje sendast ut av museet for konservering andre stader enn her. Det vil vere for vanskeleg, og det gjer vi rett og slett ikkje. Og at det skulle kome folk hit ville også vere umogleg, fordi det er våre folk som driv med dette arbeidet, og vi har heller ikkje ekstra arbeidsplassar, seier Bruteig.
Mange førespurnader
Munch-museet syntest den danske utstillinga var svært interessant. Men det er mange som ber om å få låne bilete frå museet, og stadig fleire får no eit nei når dei spør.
– Vi får veldig mange førespurnader til ulike utstillingar, nesten kvar veke. Og mange skulle vi gjerne ha bidrege til, men nokre må vi seie nei til. Og no må vi eigentleg seie nei til litt fleire enn vi liker, fordi kapasiteten er veldig vanskeleg i samband med mellom anna flyttinga til Bjørvika.
– Kritikkverdig
Munch-museet sitt nei til Louisiana er kritikkverdig, meiner kunstkritikar Mona Pahle Bjerke.
– Det er jo slik i kunstlivet som i resten av røynda, det er særs lurt å dele. Munch sine arbeid er nokre av dei heilt unike kunstskattane vi har i norske museer som faktisk kan åpne dørene for at vi igjen kan låne stor kunst. Det er óg rart at Munchmuseet ikkje nyttar denne unike sjansen til å vise sin kunstnar saman med Andy Warhol.
Ja til Vestfold
Men eit museum som fekk ja var Haugar Vestfold Kunstmuseum. Dei er også aktuelle med ei
. Årsaka til at dei fekk ja, var at dei bad om å få låne færre bilete.Biletegalleri:
– Ikkje uvener
I København trur likevel ikkje Poul Erik Tøjer at saka vil få konsekvensar for framtidige samarbeidsprosjekt.
– Nei, vi har eit musealt samarbeid, som går frå sak til sak, med mindre ein er direkte uvener, og det trur eg ikkje vi er.
Tøjer reknar difor med at han vil møte velvilje frå Munchmusset dersom han i framtida vil lage ei Munch-utstilling på Louisiana.