Hopp til innhold

Julestemning for generasjonar

Med Skomaker Andersen og Tøfflus laga NRK ein heilt ny programsjanger: julekalenderen, fortel medieforskar Henrik Bastiansen.

Skomaker Andersen

Jul i Skomakergata var den første julekalenderen på norsk fjernsyn.

Foto: Owesen, Paul, Paul Owesen / Scanpix

Henrik Bastiansen

Henrik Bastiansen, medieforskar ved Høgskulen i Volda, leitar fram høgdepunkta frå NRK-historia.

Foto: Gaute Hareide

– Dette var første gong NRK Fjernsynet laga ein julekalender. Fjernsynet følgjer oss i alle årstider, også i høgtidene. No er jula utan fjernsyn nesten utenkjeleg for dei fleste.

Bastiansen seier at programma får ei eiga historia, og vert ein eigen tradisjon. Eit døme på det er nettopp Jul i skomakergata.

Serien i 24 delar vart skrive av forfattar Bjørn Rønningen, og skomakar Jens Petrus Andersen vart spelt av Henki Kolstad.

– Han gjorde her ei av sine store roller, kanskje si livs rolle. Skomaker Andersen og det vesle tøydyret Tøfflus sjarmerte alle som såg på, både barn og vaksne.

Suksessen førte til fleire julekalenderar

NRK sende serien om igjen i mange år etterpå, både på 1980- og 1990-talet. Serien vart så populær at NRK laga fleire andre julekalenderar. Slik vart julekalenderen ein eigen sjanger i norsk fjernsyn, med Jul i Blåfjell, Jul i Svingen og fleire andre.

Henki Kolstad

Henki Kolstad som skomakar Andersen og Tøfflus vart ein stor suksess på NRK.

Foto: Jan Nordby / NRK

– Dei ville ikkje ha vorte laga dersom ikkje den første serien hadde vorte ein stor suksess og hadde etablert julekalenderen som ei eiga form. Og alle som har sett Henki Kolstad som skomakar Andersen kjem til å hugse det.

Fredag 20. august er det 50 år sidan startskotet for NRK Fjernsynet gjekk. Les og sjå video frå andre viktige hendingar frå historia til NRK:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.