På ulykkesstaden
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

«Vondt å tenkje på at vi truleg aldri får svar»

Thea Øvrebotten (19) omkom då lastebilen hennar hamna i Sognefjorden. Eitt år seinare sit foreldra framleis med spørsmål dei ikkje får svar på. Kvifor toler ikkje fartsskrivaren i store køyretøy vatn?

– Eg kan ikkje forstå kva som er årsaka til at ho kom utanfor vegbana. Dette er knapt for sving å rekne, seier Knut og peikar.

Det var her yngste dottera hans mista livet for nøyaktig eitt år sidan.

Den tørre hausten har farga bjørkelauva i fjellsida meir brune enn raude. Gradestokken syner nesten meir sommar enn haust. Solstrålane leikar sisten i verdas lengste fjord. For dei som susar forbi er det ein rein idyll. For dei som ikkje veit, er det mest uråd å tenkje seg kva dramatikk som utspann seg her for eitt år sidan.

Fylkesveg 55 snor seg langs Sognefjorden si nordside. Ei livsnerve mellom turistbygda Balestrand og industristaden Høyanger der pendlarar og tungtransport er dei hyppigaste brukarane. I vegkanten står to gravlykter og kastar lys på eit steinhjarta med inskripsjonen «saknar deg».

– Det er kjekt å sjå at nokon andre har vore her også. At dei tenkjer på henne, seier Gunhild mildt.

Gunhild og Knut legg ned roser og tenner eit lys. Ruslar i vegkanten og leitar etter svar. Tenkjer og ser. Snakkar og funderer.

Spørsmåla etter ulykka er mange. Og svara få. Kva var det som gjorde at Thea hamna utfor vegen?

8. oktober 2013: Knut er på jobb som bussjåfør i Firda Billag i Førde. Bak rattet på flybussen køyrer han morgontrøytte passasjerar som skal ta flyet til Bergen.

På barnepoliklinikken ved Førde sentralsjukehus styrer hjelpepleiaren Gunhild med kunnige hender med små pasientar. Ein stad der glede og sorg treffest ofte.

Denne morgonen har yngstedottera Thea vore på farten lenge. Allereie klokka 5 var ho på Tollpost-terminalen på Kaupanger. Den vevre 19-åringen har valt ein yrkesveg få av venninnene hennar er i nærleiken av. Ho køyrer lastebil. Denne dagen, som så mange andre, køyrer ho strekninga Kaupanger–Sogndal–Balestrand–Høyanger tur-retur. Ei strekning ho kjenner godt.

– Det var den store draumen. Alt frå ho var to år var ho oppteken av køyretøy. Den interessa auka berre på, smiler Gunhild.

Med mange i slekta med førarkort klasse CE og DE var det ikkje overraskande at den bestemde jenta i 5. klasse proklamerte høglydt at det var bak rattet på ein lastebil ho skulle ha arbeidsplassen sin. At klassekameratane erta og terga, brydde ho ikkje seg så mykje om.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thea i favorittbilen

STORT SMIL: Thea var i sitt ess då ho fekk prøvesitje den siste modellen av ein Scania 730 på ei bilmesse ho vitja saman med faren Knut. Då familien skulle velje bilete til framsida på songheftet i gravferda, fall valet naturleg på dette biletet.

Foto: privat

I foreldra si leilegheit på Vie i Førde står premiane frå symjekonkurransar på rad og rekkje. I eine hjørnet i stova står gitaren og Victoria-trekkspelet. Thea spelte begge, i tillegg til tuba i skulemusikken.

Spennvidda i musikksjanger var stor, alt frå folkemusikk til dei meir ungdommelege variantane. Og så Hellbillies.

– Dei var dei store heltane. Ho både sovna og vakna til Hellbillies, seier Gunhild, og ser på biletet av Thea mellom musikarane frå Ål i Hallingdal.

Ei blyg jente er tydeleg stolt, der ho sit mellom Hellbillies-brørne Aslak og Lars Håvard Haugen.

På eit anna bilete er Thea 16 år og fotografert på draumeplassen av alle, i førarsetet på ein raud Scania R730. Flaggskipet til den svenske lastebilprodusenten. Eit monster med V8-motor på 16,4 liter. Ungjenta strålar av stoltheit. Det er eit bilete ein blir glad av å sjå på. Heilt til blikket fell på orda under: Thea Øvrebotten 17.09.1994–08.10.2013.

– Ho var akkurat der ho ville vere i livet. Ho levde i draumen sin, og det er ei trøyst for oss midt oppe i det som skjedde. Det var eit naturleg val for kva bilete vi hadde lyst til å ha på framsida av songheftet til gravferda, seier Gunhild.

8. oktober 2013 kl. 11.50: Den røynde lastebilsjåføren Terje Sæle er på veg frå Høyanger til Kaupanger med full bil då han ser at mange meter autovern ligg flatt like før Nessane. Han stoggar bilen med eit rykk, ryggar tilbake og kjem seg ut av bilen i ein fart. Han ser lastebilen i fjorden og ringjer 113.

Alarmen går og ambulanse, politi og redningshelikopter set kursen mot Nessane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ei 19 år gamal kvinne omkom etter ei utforkøyring ved Nessane

ULYKKA: Lastebilen vart liggjande godt synleg i vatnet etter ulykka. Men livet til Thea stod ikkje til å redde.

Foto: Lars Jonas Pedersen / NRK

8. oktober 2013 kl. 12.00: Knut går til lunsj saman med fleire kollegaer. Normalt sett pleier ikkje smart-telefonar vere del av lunsjen, men akkurat denne dagen sit ein kollega ved nabobordet og surfar medan dei et. Han opplyser om at fleire medium melder om at ein lastebil har køyrt i Sognefjorden mellom Lånefjorden og Balestrand. Uroa breier seg rundt borda. Miljøet blant yrkessjåførar er tett. Er det nokon dei kjenner?

– Eg hugsar at eg sa lågt for meg sjølv «Eg har no ei som køyrer der inne eg og». Eg åt ferdig, så plukka eg opp min eigen telefon og såg på nettsidene. Den eine nettavisa skreiv at det var ingen i bilen, medan den andre skreiv at det var to i bilen, minnest Knut.

Han kjende angsten rive i brystet. Så samla han seg, kom seg frå lunsjrommet og gjekk ut for å ringje. Thea hadde to telefonnummer, eit privat og eit jobbnummer. Knut ringde begge. Ingen av kjøt og blod tok telefonen. Berre den irriterande trivelege dama som fortel at telefonen er avslegen eller utanfor dekning.

– Eg prøvde å roe meg sjølv med å seie at ho kanskje var i Høyangertunnelen. Der er det ikkje dekning, seier Knut.

Han gjekk på sitt eige kontor og ringde både Tollpost-terminalen på Kaupanger og firmaet Thea køyrde for. Minutta med opptekesignal verka lange. Til slutt tok nokon telefonen på terminalen.

– Eg vart spurt om eg hadde snakka med politiet. Og så sa vedkommande at Thea var sakna, seier Knut.

Han slengde på telefonrøyret, greip jakka si og sprang til bilen for å køyre dei få kilometrane bort til hovudkontoret for firmaet veslejenta hans køyrde for.

Her fann han dagleg leiar i telefonen, på febrilsk jakt etter politiet. Då ringde Knut Gunhild.

– Eg sa at ho måtte finne nokon å vere i lag med. At Thea var sakna, og at ho ikkje måtte vere åleine, seier Knut.

Idet Gunhild legg på røyret, kjenner ho intuitivt at det er Thea som er omkommen. Ho vert heilt kald og roleg.

– Thea ringde meg i 10-tida for å snakke om noko. Vi prata litt, men så måtte eg gå fordi det oppstod noko på jobb, så eg sa eg skulle ringje opp att. Men då eg prøvde, fekk eg berre opptekesignal eller beskjed om at telefonen var avslegen. Det var ubehageleg, for Thea brukte aldri å slå av, seier Gunhild, som fekk ei sterk kjensle av at noko var gale.

Ho har grunna på korleis dei siste sekunda av livet til dottera var. Forstod Thea kva som hende? Skjønte ho at ho skulle døy i det bilen gjekk kast i kast nedover fjellsida? Kjempa ho for livet medan lastebilen vart slukt av det lumske saltvatnet?

Godt og vondt på same tid

GODT OG VONDT: – Vi har ikkje vore på ulykkesstaden mange gonger, og det er ikkje ein plass vi har trong for å vitje mykje heller. Men det er heilt greitt å vere her, seier Gunhild og Knut.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det gnog meg lenge. Men Thea var ein svært habil symjar. Hadde ho vore medviten, så hadde ho gjort det ho kunne for å komme seg ut. Ho vart funnen med setebeltet på. Eg vel å tru at ho var i svime av slaga ho fekk på turen ned i vatnet, seier Gunhild.

Den som kunne på tide snu, slik at alt vart som før. Ja slik som tide før eg fekk mi tyngste bør. Eg høyrde stemma i telefon. Uforståelege ord. Du va burte no frå livet her på jord.

Hellbillies "Reise i lag med deg"

Etter kvart kom både Knut, eldstedottera og sambuaren hennar på sjukehuset. Så kom kriseteamet og sjukehuspresten.

– Det er ein heilt vanvitig situasjon. Å sitje på sjukehuset og vente på at dei skal komme inn til AMK med den omkomne dottera di, seier Knut stille.

– Eg har alltid trudd at eg kom til å bli hysterisk dersom noko skjedde med nokon av døtrene våre. Men i staden vart eg heilt roleg, fortel Gunhild.

Det var som om dei gjekk inn i eit modus med tunnelsyn. Gjorde det som måtte gjerast, blei verande fatta, skubba ting unna.

– Så byrja vi å ringje rundt til dei næraste, minnest Knut.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bergingsarbeid

VART HEIST OPP: Lastebilen vart heist opp like før midnatt same kveld som utforkøyringa skjedde.

Foto: Robert Jan Leerink

Imens gjekk redningsarbeidet for fullt på Nessane. Men det vart raskt klart at det her ikkje var snakk om nokon overlevande. Redningsdykkarar kom frå Bergen med helikopter, og etter at lastebilen var sikra, vart Thea henta opp klokka 14.34.

– I 18-tida kom ein politimann og spurte om ho hadde nokre kjenneteikn. Eg fortalde at ho hadde ein piercing i leppa, viss ho hadde den på seg. Det hadde ho. Han fortalde vidare at ho såg fin ut. Så gjekk vi ned i kapellet på sjukehuset, minnest Gunhild.

Nesten som på autopilot toga familien ned i første etasje, inn i betongklossen som husar kapellet. I den kvite kista låg veslejenta. I ulltrøye og Tollpost-genser. På ein måte så lik seg sjølv. På ein annan ikkje.

– Eg hugsar eg strauk ho over kinnet og snakka til ho, seier Gunhild stilt.

Midt oppe i kaoset har Knut ei svært klar kjensle. Han må på vegen att. I morgon den dag.

– Eg berre kjende at eg måtte bak rattet att. Men korkje politiet eller presten ville at eg skulle det, seier Knut.

Men trafikksjefen i Firda Billag gav klarsignal seint på kveld, under føresetnad at ein nær kollega og verneombod var med på ruta. Klokka 08.25 dagen etter sat Knut bak rattet på flybussen, slik han hadde gjort dagen før.

Bilberging

KREVJANDE: Arbeidet med å få heva lastebilen tok tid.

Foto: Jan Robert Leerink

– Hadde eg ikkje teke tak i det med ein gong, veit eg ikkje korleis det skulle gått. Viss eg skulle komme att etter ein månad, når alle andre hadde lagt det bak seg, trur eg det hadde vorte kleint, seier Knut.

Han var på plass klokka 07.00. Då pleier sjåførar og gjengen på verkstaden å ha ein morgonprat og litt kaffi. Knut tok ordet og bad folk om å behandle han akkurat som før. Og nettopp dét gjorde at mange torde å setje ord på ting dei kanskje aldri før hadde snakka med ein kollega om.

– Det vart ein god prat med mange. Det kom fram at det var fleire som hadde opplevd å miste fleire av sine på vonde måtar, og som hadde hatt det vanskeleg på sitt vis, seier Knut.

Også Gunhild valde å dra på jobb dagen etter, ikkje for å jobbe, men for å fortelje kva som hadde skjedd. Begge trur akkurat dét, at dei klarte å møte andre, midt i si eiga sorg, har gitt dei mykje i tida som har gått.

– Vi har i svært lita grad opplevd at folk har skugga unna oss. Det sterkaste rådet vi kan gje nokon som opplever eit traume, er at ein klarar å møte samfunnet att, seier paret.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

MANGE TANKAR: - Berre det å kunne vere på ulykkesstaden utan å miste vitet, er ein siger, seier Knut Øvrebotten og Gunhild Falkevik. Foto/redigering: Sindre Sunde Tveit

Også då det vart arrangert minnestund i Førde kyrkje dagen etter ulykka, i regi av kriseteamet, valde dei pårørande å vere proaktive, og stilte seg i kyrkjedøra og tok kvar einaste ein som kom i handa.

– Vi kunne ikkje berre setje oss fram i kyrkja og sitje med ryggen til. Korleis ville det ha vore, seier Knut retorisk.

Frå verandaen

SER BEGGE: Frå verandaen kan Knut Øvrebotten sjå både gravplassen der Thea ligg gravlagd og byggjefeltet der eldstedottera bur saman med familien sin.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kvelden etter vart det arrangert minnestund på ulykkesstaden. I oktobermørket stod familie og vener saman i saknet og sorga, medan Sognefjorden slo mjukt mot fjellsida. Knut valde sin eigen måte å heidre dottera på.

– Eg skreiv ei siste helsing som eg la saman med ein stein i ein Scania-pose. Den stripsa eg til ein Scania-caps og hyvde den på fjorden, seier Knut rørt.

Foreldra var klare på at dei ønskte å halde tale sjølve for Thea på gravferdsdagen.

– Eg tenkte med meg at dette er min siste sjanse til å seie noko til Thea. Denne sjansen får eg ikkje att. Samtidig var det godt å ha nokre konkrete oppgåver, midt i sorga, seier Knut.

Gunhild er klar på at for å klare å gjennomføre det, måtte dei setje seg i eit visst modus.

– Elles hadde vi nok gått i knas, seier Gunhild stilt.

I dagane etter ulykka starta eine onkelen til Thea facebook-sida Stopp til minne om Thea, der det vart oppmoda om at lastebilsjåførar over heile landet stoppa opp eit kvarter på gravferdsdagen og posta bilete av det på nettsida.

Lastebilsjåførar heidra Thea

Responsen var enorm, og lastebilsjåførar over heile Norden vart med på aksjonen. I Førde køyrde meir enn 20 lastebilar i kortesje saman med gravfølgjet for å følgje Thea til siste kvile.

– Ein har mest ikkje ord for slikt. Det var overveldande. Samtidig fortalde det meg at dette er ei yrkesgruppe som har samhald. Mange har i ettertid sagt at dei tykte det var fint at dei fekk høve til å syne det, seier Gunhild.

Kortesjen med tungbilar la seg etter gravfølgjet dei to kilometrane det er frå Førde kyrkje til gravplassen på Blomereina. Kvar einaste lastebil var pynta med ei eller fleire raude roser. Sjåførane samla seg på gravplassen etter at gravferda var over, og la rosene på grava.

– Vi er utruleg takksame for at folk brydde seg. Ikkje minst at folk tok vare på bilete og film frå det som skjedde, noko vi ikkje klarte å gjere sjølve i den tida, seier Knut.

Midt oppi sorgprosessen skulle skjebnen nok ein gong leggje ut eit bananskal for den vesle familien. I slutten av november, om lag nøyaktig ein månad etter at Thea var gravlagd, kjende Gunhild noko hardt i venstre bryst.

– Vi sat inne hjå legen og ho fortalde at eg hadde fått kreft. Eg hugsar eg sa: «Eg høyrer og forstår kva du seier, men eg tek det ikkje inn, for eg har ikkje plass», minnest Gunhild.

Men kreftceller ventar ikkje, forstår ikkje og let seg ikkje pause. Og når ein knapt orkar å tenkje sjølv, er det noko trygt med eit helsevesen som gjer det for ein.

Etter operasjon, fleire rundar cellegift og ei runde stråling, vart Gunhild i august erklært kreftfri.

– Samanlikna med traumet med Thea, så var dette som eit musepiss i havet å rekne. Det at det kom midt oppi sorga med Thea vart på ein måte med på å balansere det. Vi måtte handtere to ting på ein gong, og det måtte berre gå, seier Gunhild.

Ifølgje rapporten til ulykkesgruppa til Statens vegvesen har lastebilen til Thea komme utfor vegbana på høgre sida, for deretter å ha komme inn att i vegen, kryssa denne og køyrt ut på venstre side. Lastebilen trefte vegrekkverket, køyrde utfor den 15 meter høge skråninga og gjekk i vatnet.

– Berre å kunne vere her utan å miste forstanden, å kunne gå herifrå med vitet i behald, det er ein siger, seier Knut, og ser ned i Sognefjorden.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

PÅ JOBB: Tre elevar ved Mo og Jølster vidaregåande skule laga denne filmen om Thea, som var med i filmkonkurransen Q-film i 2012. - Det er vemodig, men samtidig godt å kunne sjå på filmen av Thea, seier foreldra. Idé/foto/redigering: Helene Solheim, Mariell Midtbø Bøyum og Mari Standal.

Yrkessjåføren har brukt mykje tid på å fundere på kva som skjedde. Har brukt all si røynsle på å forstå og finne svar. Sett for seg Thea i Renault-lastebilen frå 2012 komme køyrande. Så skjer noko som gjer at ho misser kontroll over bilen. Og ender rett i fjorden. Men kva?

– Tenk om ho ikkje hadde vridd på rattet då bilen kom utfor vegkanten, men i staden hadde stoppa i fjellhammaren her, seier Knut, vel vitande om at dei fleste på rein refleks vil freiste å hindre at køyretøyet dei fører, treffer fjellveggen.

Han skulle så gjerne visst kva fartsskrivaren i lastebilen synte om dei siste rørslene til bil og sjåfør. Men det får dei truleg aldri vite.

Alle bussar og lastebilar registrert i Norge etter 9. desember 2006 skal vere utstyrte med digital fartsskrivar. Før dette hadde ein analoge fartsskrivarar, med runde diagramskiver av papir i.

Den digitale fartsskrivaren er ei lita datamaskin som gir informasjon om sjåførens aktivitet og korleis køyretøyet vert brukt. Målet med fartsskrivaren er at ein ved betra kontrollmoglegheiter kan betre sjåførens arbeidsmiljø og auke trafikktryggleiken.

Men digitale fartsskrivarar har ein akilleshæl.

Dei toler ikkje vatn.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Digital fartsskrivar» i nytt vindu

– Fartsskrivaren ville synt nøyaktig når ulykka skjedde og om Thea bremsa kraftig før ulykka. Det ville hjelpt oss mykje, seier Knut.

Dei pårørande har fått vite at skrivaren og sjåførkortet kunne vore sende til eit laboratorium i Tyskland som har kompetanse på å hente ut data, sjølv om skrivaren har fått hard medfart.

– Vi fekk berre beskjed frå politiet om at det ikkje kom til å bli gjort, seier Knut.

– Ein undrast om det ikkje betyr så mykje når det berre er eitt menneske som døyr. Kva om Thea hadde kollidert med ein buss og drege denne med seg i ulykka? Hadde ein valt å ikkje sende fartsskrivaren til Tyskland då? Eller hadde det vore meir viktig sidan kanskje fleire hadde vorte ramma, spør Gunhild.

Foreldra understrekar at det ikkje handlar om å plassere skuld, men å få vite alt som er mogleg.

– Når dei ikkje gjer alt som er mogleg for å finne svar, så er det vondt. Og det kjenner eg stikk innimellom, seier mamma Gunhild.

– Viss det så skulle vere at dei ikkje hadde funne noko, så hadde eg visst at slik var det. Så kunne eg sett to strek under svaret, seier Knut.

Politijurist i Sogn og Fjordane politidistrikt, Katrine Trønsdal, stadfestar at politiet kjende til moglegheita for å sende sjåførkort og fartsskrivar til Tyskland, og at det var ei medvita avgjerd å ikkje gjere det.

– Ut frå dei opplysningane vi sat att med, fann vi at det ikkje førte oss nærare den konkrete årsaka til uhellet. Ein vurderte det slik at fartsskrivaren ikkje ville gje oss noko nærare svar, seier Trønsdal.

Politiet såg på det samla bevisbiletet dei sat med. Vurdert opp mot dei kostnadar som ville komme ved å sende fartsskrivaren til Tyskland, vart det vurdert slik at det ikkje let seg forsvare. Kor mykje det ville kosta å sende utstyret til Tyskland, kjenner ho ikkje til konkret.

– Men det er fort snakk om mange tusen kroner, seier Trønsdal.

Seksjonsleiar for trafikk i Statens vegvesen, Tormod Gausdal, stadfestar at fartsskrivarar ikkje toler vatn.

– Dette er eit elektronisk instrument som ikkje toler vatn. Hamnar det i vatn, står vi på bar bakke med tanke på å hente ut noko som helst, seier Gausdal.

Han understrekar at ein fartsskrivar, i tillegg til å registrere køyre- og kviletid, også registrerer hastigheit.

– I samband med etterforsking av ulykker ville det kunne gitt oss ein del opplysningar som kanskje kunne gitt svar på noko, seier Gausdal.

Han peikar på at den jobben er noko politiet ber Vegvesenet om hjelp til, når dei treng hjelp til etterforskinga.

– Vi har moglegheit til å plukke ut farten sekund for sekund. Det seier noko om køyreåtferda. Vi kan også plukke ut avbremsing over tid, i samband med kraftig oppbremsing eller ulykker, seier Gausdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dei mange minna

TAKKSAME: – Vi har mykje å vere glade for og leve for. Vi har framleis ei flott dotter og fantastiske barnebarn. Og så har vi uendeleg mange gode minne om Thea, seier Gunhild og Knut.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Knut Øvrebotten etterlyser eit betre system for å gje svar på kva som skjer når ei trafikkulykke med store køyretøy inntreffer.

– For det første meiner eg det er feil at Statens havarikommisjon for transport kan velje kva dødsulykker på veg dei vel å sjå på. Dei burde sjå på alle ulykker med tunge køyretøy, seier Knut.

Dessutan meiner han fartsskrivaren burde vere like sikker som dei «svarte boksane» ein har om bord i fly.

– I dette tilfellet er Thea død, og då er det berre snakk om svar som vi ønskjer for å få ro. Men kva som dette var ei ulykke med fleire partar, der sjåføren av lastebilen overlevde? Kva skulle då ha bygd opp under historia til den som sit att? Kva rettsvern ville ein då hatt, spør Knut.

Avdelingsdirektør i vegavdelinga hjå Statens havarikommisjon for transport, Rolf Mellum, har forståing for at pårørande ønskjer så mange svar som råd når dødsulykker skjer.

– Ressursane våre tillèt ikkje at vi kan gå inn i alle dødsulykker. Eg er heller ikkje sikker på om det er naudsynt for å fylle vår funksjon. Vi må gjere eit utval ut ifrå dei varsla vi får, seier Mellum.

Statens havarikommisjon for vegtrafikk vert varsla om alle ulykker der bussar og tunge køyretøy er involvert, samt tunnelulykker og der farleg gods er inne i biletet. Politiet og Statens vegvesen har lovfesta plikt til å varsle.

– Vi får om lag 150 varsel i året, og så må vi gjere eit stramt utval. Det er ei krevjande øving, men vi tek dei sakene vi meiner det er naturleg å ta, etter nokre få føringar i forskrift. Alvorsgrad veg tungt, og i tillegg prøver vi å velje saker som vi av røynsle meiner kan ha eit læringspotensial, seier Mellum.

Han legg til at det også kan skje at ein i ettertid ser at ein kunne valt annleis.

– Vi har eksempel på det. Og det er ikkje noko i vegen for at vi kan ta opp att ei undersøking i ettertid. Men det skjer heile tida noko nytt, og går det for lenge, må vi sjå på om vi kan sjå på det som informasjon til liknande problemstillingar i andre ulykker. Men vi må også av og til leggje ting bak oss, seier Mellum.

Mellum trur ikkje det er realistisk at SHT skal undersøkje alle dødsulykker på vegane i Norge der tunge køyretøy er involverte.

– Det trur eg ikkje, både fordi det skjer mange ulykker, men også fordi det er svært arbeidskrevjande, både fagleg og når det gjeld forvaltning å gjennomføre undersøkingar av einskildulykker, seier Mellum.

Han legg til at det er mange omsyn som skal takast, i tillegg til at det er svært høge krav til både kvalitet og truverd.

– Det vil nok ikkje vere realistisk. Men det kan vere aktuelt å sjå på typen ulykker og eventuelt gjere avgrensingar som vi til no ikkje har gjort. Det er ei moglegheit, seier Mellum.

At dagens fartsskrivarar ikkje toler vatn, skulle Mellum gjerne sett annleis, då også SHT har stor nytte av den informasjon dei får frå desse.

Thea Øvrebotten

ER MED:– Thea er med oss i kvardagen, seier Gunhild Falkevik.

Foto: privat

– Det er ei viktig kjelde til faktainformasjon som vi nyttar i dei tilfella vi kan det. Når den manglar, vert det uvisse i faktagrunnlaget. Det vil også kunne prege kvaliteten og fundamentet for undersøkinga, seier Mellum.

Egil Hervik er produktsjef i a.s. Fartskriver, eit selskap som mellom anna forhandlar fartsskrivarar i Norge, Finland, Danmark og Estland. Han forstår fortvilinga til familien Øvrebotten, men meiner det ikkje hadde vore råd å hente ut data frå fartsskrivaren, uansett kompetanse.

– Det ville ikkje hjelpt å sende fartsskrivaren til Tyskland. Når den treffer vatn, kortsluttar han. Då er han død, og då forsvinn alt, seier Hervik.

Han har heller ikkje tru på at det på sikt kjem til å komme vasstette fartsskrivarar.

– Det tvilar eg sterkt på. Det at ein fartsskrivar vert øydelagd av vatn, skjer sjeldan. Sjølv om fartsskrivaren vert svært øydelagd i ein kollisjon, klarar dei ofte likevel å hente ut data i Tyskland, seier Hervik.

I rapporten frå ulykkesgruppa står det at Thea snakka i telefon ei stund før ulykka. Knut er glad for at utskrifter frå telefonloggen hennar ikkje syner noko aktivitet i tidsrommet ulykka skal ha skjedd.

– Akkurat dét er godt å vite, seier Knut.

Bestekompisen Scully

SAKN: – Scully og Thea var bestevenner. Scully merka fort at noko var gale etter ulykka, fortel Gunhild Falkevik.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

No håpar familien at det kan takast grep for å hindre at andre pårørande etter ulykker sit att med same spørsmåla som dei.

– Viss det at vi mista Thea kan føre til at andre slepp dei spørsmåla som vi går og ber på, så har det i det minste komme noko godt ut av det, seier Knut.

Familien har stifta «Theas minnefond for transportlærlingar», og gjevargleda har vore stor.

Eg vilde helst fålgji med. Vilde reise i lag med deg. Eg kunne gjort alt for å få're te. Då skull me ut i regnet gå. Og vaska sorga eg kjenne tå. og med skull sjå sole gå ned i det blå.

Hellbillies "Reise i lag med deg"

– Vi har framleis ikkje bestemt korleis vi skal nytte pengane på best mogleg vis. No er det på tide å sjå framover og tenkje, seier Gunhild.

Frå leilegheita si på Vie i Førde har dei utsikt både til Blomereina gravplass der Thea ligg, og til byggjefeltet Slåttebakkane, der eldstedottera bur saman med familien sin. Hunden Scully er klar for tur. Bestekompisen som alltid var der for Thea, uansett humør eller tunge tankar.

– Thea var som ungdommar flest. På dårlege dagar kunne ho blåse ut og seie at ho hadde ingen venner. Tenk, det kom 730 i gravferda, seier Knut, og vert blank i auga.

– Det tok nokre dagar før eg reflekterte over talet. Men klart det måtte vere 730. Det var jo draumebilen hennar, det. Nokon gonger kan ein lure på om det er noko meir som styrer, seier Knut, og stryk vekk tunge tankar med ei røynd sjåførhand.

– Grava er i grunnen ein god stad å vere. Det er godt å sjå at det stadig vekk er folk som har vore her og lagt att blomar, lys og hjarte. Det varmar veldig, seier Gunhild.

På korset har nokon hendt opp eit lite banner med «Scania driver» på.

– Det er fullstendig meiningslaust at Thea ligg her og ikkje er blant oss lenger. Men eg håpar det vi jobbar med i etterkant skal gje meining for andre som hamnar i liknande situasjonar, seier Knut.

Blomane på grava

RØRANDE: – Det varmar å sjå at mange vitjar grava til Thea og hugsar på henne, seier foreldra Gunhild og Knut. Biletet er teke dagen etter at Thea skulle fylt 20 år.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK