Lastebiljegerane
Foto: Rune Fossum / NRK

Lastebiljegerane

LÆRDAL (NRK.no): Dei jobbar dag ut og dag inn for å luke ut livsfarlege vogntog frå norske vegar.

– Vi har nok forhindra fleire dødsulykker berre på strekningane i området her, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Han er sjef for nokre av kontrollørane som har vigd arbeidslivet sitt til å jakte på vogntog som ikkje burde vere på vegen. Det er dei som har gjort jobben kvar gong vi høyrer historier om vogntog utan bremser, eller tunge køyretøy med elendige dekk på norsk vinterføre.

I 2013 vart nesten 70.000 vogntog kontrollerte av Vegvesenet i Norge. Over 23.000 av desse vart stoppa og kontrollerte på Vestlandet, mot nesten 21.000 på Austlandet.

La oss spole tida tilbake til ein måndagsmorgon tidleg i desember.

Tormod Gausdal på Håbakken kontrollstasjon

JAKTAR FEIL: Seksjonsleiar Thormod Gausdal trur Vegvesenet sine kontrollørar har forhindra fleire dødsulykker med verksemda si.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klokka 09:00. I grålysninga låser to menn opp kontrollstasjonen på Håbakken. I løpet av vekas første natt har snøen krope godt nedover fjellsidene i Lærdalsdalen, og fjellovergangane på Vestlandet er av det utfordrande slaget.

Det er viktig at vogntoga er godt skodde. Det er avgjerande at dei er i god teknisk stand. Det er livsviktig at sjåførane får seg nok søvn og kvile.

Og det er her karane i mørk uniform kjem inn i biletet. Dei jobbar i dag ved ein av dei mest aktive kontrollstasjonane til Vegvesenet.

– Jobben vår er å plukke ut dei som ikkje har alt i orden. Det er ikkje bra om vi plukkar ut og kontrollerer fem vogntog der alt er OK, seier Frode Hålien.

Han er inspektør og jobbar ved den utegåande kontrollen til Statens vegvesen i Sogn og Fjordane. Der har kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal vore i drift i litt over fem år.

Kloss ved ligg rundkøyringa som utgjer eit knutepunkt for trafikken på Vestlandet. Her går livsnerven E16 mellom aust og vest, mellom storbyane Bergen og Oslo. Her er også riksveg 5, vegen som knyter saman Florø, Førde og Sogndal.

Kvart einaste døgn passerer det over 500 vogntog i snitt året gjennom. Til no i år har over 8000 vogntog blitt kontrollerte i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane. Bortimot 3500 av desse har blitt stoppa på Håbakken. Om lag 400 sjåførar er melde til politiet for ulike lovbrot.

Frode Hålien

DOKUMENTSJEKK: Frode Hålien sjekkar om ein vogntogsjåfør har alle papira i orden

Foto: Rune Fossum / NRK

Men førebels er det nokså avslappa på kontrollstasjonen. Stille før stormen.

– Det er ikkje éin dag som er lik den andre. Det er ein svært spennande jobb, seier kollega Bjarte Frækaland.

Etter snart 16 år i yrket er han ein av dei mest rutinerte kontrollørane. No slår han på den elektroniske tavla som viser at vogntogsjåførane må stoppe for kontroll. Dei første bilane byrjar å rulle inn på vekta rett utanfor kontrollstasjonen.

Røynde auge sjekkar dekk og dokument. Kontrollørane tek ein prat med sjåførane. Det gjeld å få gjort ei rask vurdering – er dette eit køyretøy dei må gå nærare etter i saumane?

Det er ikkje éin dag som er lik den andre. Det er ein svært spennande jobb.

Bjarte Frækaland

– Ein får høgare treffprosent jo meir rutinert ein blir. Du klarer på ein måte å kjenne att dei som kan vere problematiske, seier Hålien.

(Artikkelen held fram under videoen)

Overingeniør Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen viser fram ei bremseskive fra et vogntog, som er oppsprukket og i ferd med å smuldre opp.

LIVSFARLEG: Jan Ove Bjørgum viser fram ei sprokken bremseskive frå eit vogntog. – Slike øydelagde skiver er livsfarlege, seier han.

Klokka 10:15. Overingeniørane Jan Ove Bjørgum og Torgeir Bang sluttar seg til teamet på kontrollstasjonen. No har dei dobla kapasitet.

Det skal snart komme til nytte.

I mellomtida kjem meldingar om at Sognefjellet og Vikafjellet ikkje langt unna er stengde på grunn av uvêr. Det er snø- og isdekke på E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet – begge er sentrale vegar for folket på Håbakken.

Klokka 10:44. – Han stakk!

Frode Hålien snur på hælen, røskar med seg eit nøkkelknippe og legg på dør. Ikkje lenge etter køyrer han Vegvesenet sin bil inn i Lærdalstunnelen.

Torgeir Bang pratar med sjåfør

SLÅR AV EIN PRAT: Torgeir Bang tek seg tid til ein prat med sjåførane når han vinkar dei inn til kontroll.

Foto: Rune Fossum / NRK

Eit vogntog har passert skiltet om kontroll utan å stoppe, og Hålien har teke opp jakta på syndaren. Dagen som starta så stille har brått endra karakter. For det er eit lovbrot å køyre forbi ein kontroll, og slik framferd gir dessutan kontrollørane grunn til å mistenkje at sjåføren ikkje har reint mjøl i posen.

– Vi får sjå om han klarer å hente han inn att innan fornuftig tid. Eg vil tru han får snudd han inne i tunnelen, seier Bjørgum roleg.

Det er ikkje noko som får vippa gutane i brakka av pinnen, dette.

– Vi har ikkje lov å bryte fartsgrensa, og vi har heller ikkje blålys. Det er noko eg saknar. Vi burde kunne gjere trafikale inngrep og skrive ut forenkla førelegg, seier Bang.

Inne i Lærdalstunnelen køyrer Hålien på cruisekontroll. Akkurat på fartsgrensa. Takka vere motbakkane i starten av tunnelen får han køyrt forbi vogntoget, som ikkje klarer å køyre fortare enn 60 km/t. I ein av dei store avkøyringane inne i den 24 kilometer lange tunnelen stiller han seg opp, gir signal om at sjåføren må stoppe, og så må vogntoget pent snu og returnere.

Lastebil passerer kontrollskilt

TIL KONTROLL: Eit vogntog passerer skiltet som syner at det er kontroll på Håbakken nokre hundre meter lenger framme.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ikkje lenge etter kjem kontrolløren tilbake til stasjonen og gjer seg klar til å ta imot avstikkaren. Der må tyskaren parkere vogntoget og vise fram det Hålien ber om.

Hålien går gjennom dokumenta hans, køyre- og kviletida, dekk og kjettingar. Til sist ber han også om å få sjå kva last han har med seg. Det er utstyr til bygginga av den nye ferjekaien på sambandet Lavik - Oppedal på E39.

– Han er 600 kilo for tung på drivakslingen, og må laste om før han får køyre vidare. Firmaet hans må betale eit gebyr for overlast. Og eg melder han til politiet for ikkje å ha stoppa for kontroll, fortel Hålien.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thomas Keil fiksa på hengaren til vogntoget

MÅTTE STOPPE: Thomas Keil frå Tyskland måtte snu vogntoget sitt inne i Lærdalstunnelen og returnere for kontroll.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klokka 11:30. Hålien tek med seg sjåføren inn på eit lukka rom.

– Vi tek slike samtalar under fire auge. Dei fleste sjåførar er ikkje meir kjeltringar enn oss andre. Så vi har eit eige rom for slike samtalar av respekt for dei, forklarer Jan Ove Bjørgum medan kollegaen pratar med tyskaren.

Samtalen tek ikkje lange tida, og NRK.no blir med sjåføren ut til vogntoget.

– Heime i Tyskland er det alltid ein mann med eit skilt som vinkar inn vogntog til kontroll. Så eg reagerte ikkje på skiltet som står her, seier Thomas Keil.

Dei kreative sjelene klarer å lure oss. Dei ærlege og uheldige er lettast å ta.

Torgeir Bang

Han opnar ei lasteluke på sida av trekkvogna, og får si fulle hyre med å hindre hermetikk i å ramle ut. Vogntogsjåføren har med seg det meste han måtte ha behov for i løpet av oppdraget i Norge.

– Du var også lasta feil?

– Det kan eg ikkje forstå. Sist eg var kontrollert var det OK, seier Keil og trekkjer på skuldrene før han byrjar å lukke skapet på hengaren.

Han må bli ståande til firmaet har gjort opp for seg. Det er uråd å seie kor lang tid det vil ta før han har fått lasta om, og gebyret er betalt.

Eit steinkast unna står seks andre vogntog som har fått køyreforbod. Den eine sjåføren frå Polen har stått der i fem dagar. Kontrollørane avdekte at kabelen til ABS-bremsene var avklipte.

Då NRK bankar på førarhuset for å ta ein prat, rullar ein tydeleg trøytt sjåfør ned vindauget. Ved hjelp av teiknspråk forklarar han at han ikkje anar korleis kabelen kan ha blitt klipt av. Han understrekar samstundes at han likevel har bremser på køyretøyet – at det berre er ABS-en som er ute av drift.

– Dei kreative sjelene klarer å lure oss. Dei ærlege og uheldige er lettast å ta, seier Bang.

– Har de aning om kor stort omfang det er på sjåførar som vil lure dykk?

– Det er vanskeleg å seie. Men vi stoppar ikkje så mange av det totale talet bilar – og likevel er det ein god del saker. Då kan ein jo byrje å lure på kor mykje det eigentleg er, seier overingeniøren.

I 2013 melde Statens vegvesen over 2200 sjåførar til politiet for lovbrot. Nesten 17.000 fekk bruksforbod på grunn av tekniske manglar.

Mange med ureint mjøl i posen ønskjer å unngå kontrollane. Vegvesenet er godt orientert om Facebook-sider som mellom anna varslar kontrollar for tunge køyretøy. Noko er av det gode, som til dømes diskusjonar om vêr og føre, og informasjon om kva vegar som er stengde på grunn av vogntog som står fast.

Polsk vogntogsjåfør mekkar på trekkvogna

SKRUR PÅ PLASS: Den polske sjåføren skrur på plass dei siste delane på trekkvogna, etter at han har fått hjelp til å skifte øydelagde dekk.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men noko er ikkje etter Vegvesenet sin smak.

– Det er synd at sjåførane er villige til å oppdatere Facebook i fart. Og det er synd at dei er villige til å opplyse om kontrollar, og på den måten hjelpe andre med å jukse, seier Bang.

Klokka 12:30. – Alt var i orden då eg la meg til for å sove. Så vakna eg til dette, seier ein polsk sjåfør som ikkje vil ha namnet sitt på trykk.

Han peikar bort på eit flatt dekk som ser heilt ramponert ut. Like ved har Jan Turlid frå dekkleverandøren Turlid Transport parkert varebilen sin med eit aggregat durande for full kraft.

Han er på plass for å hjelpe sjåføren med å skifte eitt sett hjul på trekkvogna.

– Dette er ille. Han har ikkje ein gong vinterdekk som stettar nordiske krav, seier Turlid.

Han finn fram ein diger muttertrekkar og koplar på trykkluft. På berre nokre minutt har han teke av og montert to hjul for sjåføren. No har polakken i det minste gode vinterdekk på den eine sida av den eine drivakslingen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Turlid skiftar hjul for polsk vogntogsjåfør

MÅ HJELPE: Jan Turlid hjelper den polske sjåføren med å få skifta hjul på vogntoget. Det er eit heilt vanleg oppdrag, og no er Turlid i gang med å etablere verksemda si like ved kontrollstasjonen på Håbakken.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tilstanden på den andre sida er ikkje like god. Men Turlid er uansett ferdig med jobben. No tek han seg tid til ein prat.

– Mykje av aktiviteten vår er her. Vi har blitt store på dekk til lastebilar og bussar, seier han.

Jan Turlid er dagleg leiar i Turlid Transport, som også driv stort innanfor dekkbransjen. No har han sett spaden i jorda og starta på eit nybygg nesten vegg i vegg med kontrollstasjonen. Turlid viser fram ei gravemaskin som er i ferd med å planere tomta.

Det er god butikk i å selje dekk til utanlandske vogntog.

– I det siste har vi hatt utrykkingsjobbar her nesten kvar dag, seier Turlid.

Øydelagt dekk frå vogntog

ØYDELAGT: Slik såg dekket til den uheldige sjåføren ut.

Foto: Rune Fossum / NRK

Når det er behov for nye dekk, deler kontrollørane ut ei liste med dekkforhandlarar til sjåførane. Mange vel å ringje den nærmaste forhandlaren.

– Så no byggjer vi her. Då blir det vanskeleg å komme utanom oss, smiler den daglege leiaren.

– Eg trur det kjem til å bli eit kaos med nye reglar frå årsskiftet. Karen eg skifta hjul for no, visste ikkje om dei nye reglane. Dekka han hadde er ulovlege frå nyttår.

Frå 1. januar innfører styresmaktene eit påbod med vinterdekk på alle akslingar, inkludert løfteakslar, på alle køyretøy med tillate totalvekt på over 3500 kilo.

Turlid reknar med at det venta kaoset gradvis vil bli betre. Han meiner det er eit større problem at mange utanlandske sjåførar ikkje har røynsle med nordiske vinterforhold.

– Det er jo heilt andre forhold enn der dei jobbar til vanleg. Samstundes har mange kniven på strupen med tanke på økonomi, seier han.

Han ser bort på dei parkerte vogntoga nokre meter unna. Her står sjåførane og ventar på at firmaet i heimlandet skal betale og gjere opp for seg. Inntil då får dei ikkje flytte seg.

Turlid har sjølv hatt vogntog og sjåfør ståande hos seg på denne måten. Ein gong måtte sjåføren vente på betalingsgaranti før vogntoget kunne køyre vidare. Etter tre dagar kom han og trygla om å få mat og drikke.

– Det seier vel alt om korleis mange sjåførar blir behandla av arbeidsgjevarane, seier han.

– Eg meiner det er selskapa som er bandittane, ikkje sjåførane. Kvifor kan ikkje styresmaktene heller jobbe meir med selskapa, enn med så mange kontrollar mot oss som stort sett har alt i orden, spør Turlid.

Klokka 13:05. Torgeir Bang har stoppa slovenske Anton Beisic og ber om å få sjå på kjettingane til vogntoget hans. Sjåføren understrekar at han har sju kjettingar med seg.

Det burde vere nok til tre akslingar og eitt sett i reserve.

– Kjettingar er eit kjempeproblem. Dei er slett ikkje alltid tilpassa bilane, seier Bang medan slovenaren monterer kjettingane. Det går over all forventing. Overingeniøren er overraska over at sjåføren klarte seg såpass bra. Det er ikkje alltid dei klarer å få på kjettingane sjølve.

Men alt er likevel ikkje på stell.

– Eg skriv at kjettingane har feil dimensjon, og at han må skaffe nye. Men eg kan ikkje halde han igjen på grunn av det, seier Bang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torgeir Bang forklarer korleis kjettingane skal vere

SLIK – OG IKKJE SLIK: Torgeir Bang (t.h.) forklarer Anton Beisic korleis kjettingane skal vere monterte korrekt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mange sjåførar leiger kjettingar på grensa, og det er ikkje uvanleg at dei då får med seg feil dimensjon. I dette tilfellet var kjettingane for stort dimensjonerte. Det kan vere til skade for dekka, men også gjere at hjula ikkje får det veggrepet dei skal.

Når ein leiger kjettingar kjem dei dessutan i lukka og plomberte posar. Så snart plomberinga er brote, må sjåførane betale meir når dei leverer dei tilbake. Det kan føre til at mange ikkje vil sjekke om kjettingane er i orden – eller at dei ikkje legg dei på før dei er heilt nøydde.

Slovenske Beisic har køyrd vogntog på vintervegar i Norge og Sverige i to-tre år.

– Eg synest det er heilt greitt å køyre her. Det er fin natur. Og ekstra fint når det er snø, seier han.

Studerer skive frå fartsskrivar

STUDERER NØYE: Frode Hålien (t.v.) og Torgeir Bang samarbeider for å finne ut kva vogntogsjåføren har teke seg til dei siste døgna. Å studere skivene frå fartsskrivarane kan vere eit utfordrande arbeid.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Kva synest du om kontrollørane?

– Kjekke folk, smiler Beisic og gjer seg klar til å reise vidare.

Inne på stasjon har Frode Hålien nok å gjere med etterarbeid etter den tyske sjåføren som stakk av frå kontrollen. Slike saker medfører ein del papirarbeid.

No studerer han køyre- og kviletida på gammaldagse papirskiver.

– Det verste tilfellet eg har sett, var ein norsk bil med svensk sjåfør som hadde 55 timar utan godkjend kviletid. Det er rett og slett trafikkfarleg. Og du kan jo spørje deg sjølv om han gjekk på noko for å klare det, seier inspektøren.

– Skiva hans viste dessutan at det var slik han dreiv på. Det var nesten sett i system. Heftige greier, seier Hålien.

Dei aller fleste vogntog er no utstyrte med digitale fartsskrivarar. Sjåførane har personlege kort dei set inn i lesaren på bilen. Dei gjer det vanskelegare å spekulere i juks.

Men heller ikkje desse er heilt sikre.

Torgeir Bang plukkar fram ein liten, men svært kraftig magnet.

– Denne kan du montere på målaren, og då vil magnetismen setje fartsskrivaren ut av spel. Det har vi sett fleire eksempel på at sjåførar har gjort, seier han.

Det er lenge sidan kontrollørane let seg skremme av det dei ser under kontrollar. For kort tid sidan stoppa dei eit vogntog utan bremsar på hengaren. Dei har sett vogntog heilt utan clutch og bremser – der sjåføren har fått beskjed av arbeidsgjevar om å komme seg til Oslo for å reparere.

Andre har køyrt rundt med heile metallet på bremseskiva borte.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Bjørgum stoppa nyleg eit vogntog med sprokne bremseskiver. Det er andre gongen han opplever det. Han viser fram dei to bremseskivene for NRK.

Hylle med papir til køyreforbod

HOPAR SEG OPP: Papirbunken med rapportar og meldingar hopar seg opp i løpet av dagen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Du ser skiva er sprokke heilt inn til sentrum. Det er like før heile biten fell ut, og då kan sjåføren få full låsing. Då køyrer han anten rett i skogen eller i eit møtande køyretøy.

– Ser du mykje av dette?

– Vi har plukka ein del bremseskiver. Det er varierande kor graverande det er, men det er nok ein del køyretøy som køyrer rundt med slike bremser, seier Bjørgum.

– Det er vanvittig skummelt å tenkje på. Russisk rulett, meiner Torgeir Bang.

Klokka 13:30. Dei første kontrollørane har teke seg tid til ein kjapp matbit, medan dei sit over datamaskinene og skriv rapportar.

På oppstillingsplassen bak stasjonen byrjar det å bli fullt av vogntog.

For nokre år sidan hadde Vegvesenet køyretøykontroll saman med ein promillekontroll i lag med politiet. Då var 128 vogntog innom stasjonen i løpet av nokre timar. I underkant av 20 av dei vart plukka ut til kontroll.

– Blant desse gjorde vi nokre treff. Det betyr jo at mange køyretøy er bra, og at mange driv bra og fornuftig. Men så er det litt «rock and roll» i tillegg. Uansett behandlar vi alle med respekt. Sjåførane vil berre tene til livets opphald, som oss, seier Bang.

Kontrollørane er samde om at dei har meiningsfulle jobbar, og at dei ikkje opplever like dagar i dette yrket.

Dei let seg motivere av å jobbe for trafikktryggleik og like konkurransevilkår.

– No stoppa eg ein sjåfør som køyrde kabotasje. Han blir ståande her til firmaet har betalt førelegget, seier Bang idet han kjem inn døra.

Det nærmar seg slutt på arbeidsdagen, og alle mann har hendene fulle med å skrive rapportar. Brytarane som styrer skilta ute på vegen er slegne av. No har dei ikkje kapasitet til fleire kontrollar.

Karane er samde om at tilstanden på vogntoga har blitt betre med åra. Bjarte Frækaland byrja i jobben heilt tilbake i 1999, og har sett utviklinga med eigne auge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarte Frækaland (t.h.), Torgeir Bang og Jan Ove Bjørgum

PAPIRARBEID: Bjarte Frækaland (nærast), Torgeir Bang og Jan Ove Bjørgum i djup konsentrasjon og med mykje papirarbeid etter utførte kontrollar av vogntog.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Når vi stoppa ein utlending, særleg frå Aust-Europa, så kunne du setje av resten av dagen til han. Det var så godt som alltid feil å finne. Og då var det mykje. No har det komme seg veldig, meiner han.

Han legg til:

– Men det er klart det er farlege køyretøy blant oss no også.

– Det er slikt som går opp og ned med den økonomiske tilstanden i bransjen, skyt Bjørgum inn.

– Eg trur det er betre tider i bransjen i Europa no. Det er mykje bra – og mykje nytt, seier Frækaland.

Vegvesenet sine eigne tal syner at inntrykka til kontrollørane ikkje er heilt på viddene. For det er rimeleg god standard på køyretøya. Samstundes er det stor slitasje på bilar som kanskje køyrer bortimot 120.000 kilometer på eitt år.

– I år som tidlegare år ser vi nokre grove feil. Det er noko av det vi ser ei negativ utvikling på, seier Thormod Gausdal.

Tavle for styring av stoppskilt

FULL KONTROLL: Slik ser styringstavla inne på kontrollstasjonen ut. Her kan kontrollørane styre kva retning og veg dei vil vinke inn vogntoga frå.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Så tilstanden er jamt over god , men når det først er manglar, så er dei meir graverande enn før?

– Vi ser tendensar til noko sånt, ja.

No er det flest brot på køyre- og kviletidsreglane. Det er det som gir mest gevinst for transportørane. Det er difor kontrollørane er opptekne av like konkurransevilkår. Ein skal ikkje jukse seg til fortrinn framfor andre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontrollerte vogntog ventar på å få reise

MÅ VENTE: Vogntoga som har fått bruksforbod må stå parkerte utanfor kontrollstasjonen til dei har utbetra feil og manglar og betalt gebyr før dei får reise vidare. Nokon blir ståande i dages- og vekevis.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klokka 14:10. Frode Hålien er i ferd med å få kontroll på papira etter tyskaren som stakk av. No har han gitt Thomas Keil beskjed om å flytte bilen til oppstillingsplassen.

Endeleg kan han sjølv setje seg ned med ein matbit.

I løpet av denne heilt vanlege måndagen har karane meldt to sjåførar til politiet. Éin for kabotasje. Og éin for å ha stukke av. I tillegg har dei skrive ut to gebyr for overlast, pluss stoppa to vogntog med for få kjettingar.

Alle tilfella har vore med utanlandske sjåførar. Med dei språklege utfordringane det har medført. Og slik er det gjerne. Ikkje mange sjåførar frå Romania, Polen eller Tyrkia er veldig stødige i engelsk. Eller tysk.

Som den gongen dei stoppa ein kinesisk sjåfør i minibuss. Kontrollørane gjorde sitt beste for å prate med han. Det enda med nokre kreative grep.

Det er vanvittig skummelt å tenkje på. Russisk rulett.

Torgeir Bang

– Vi laga oss to kort. Eitt for «ja» og eitt for «nei». Så viste vi først fram eit sjåførkort – og sjåføren peikte på «ja». Slik heldt vi fram til vi hadde fått dei svara vi ville ha, ler Bang.

Klokka 14:43. Vegtrafikksentralen ringjer. Eit vogntog skal ha køyrt seg fast på Maristova, ein kort køyretur på E16 opp mot Filefjell frå Håbakken.

To av karane bestemmer seg for å ta turen.

– Vi opplever stadig at sjåførane ikkje vil ha hjelp, og heller vil bli ståande fordi det er så dyrt med bilberging. Men vi har autoritet til å pålegge dei bilberging, seier Bang idet han set seg inn i bilen.

Han bles i alkolåsen, tek på bilbelte og startar bilen. Då Jan Ove Bjørgum set seg inn, legg dei i veg mot fjellet. På fartsgrensa. Med cruisekontroll.

– Kva seier de til folk som meiner utanlandske sjåførar er dumme?

– Ein kan jo lure nokre gongar. Men om du hadde sete nede i Europa, og visst at du skulle køyre hovudvegane i Norge – korleis skulle du då ha lukta at det er snø i låglandet til langt utpå våren, spør Bang retorisk.

Han legg til:

– Hovudproblemet er at mange ikkje kan å køyre på norsk vinterføre.

– Det går på ting som det å finne rett fart inn i ein bakke, slik at ein kjem seg opp i rett gir – utan å bli ståande og sperre vegen, seier Bjørgum.

Overingeniørane kikkar rundt seg. På den flunkande nye E16 oppover Lærdalsdalen er kong vinter i ferd med å få overtaket. Det er den første turen av sitt slag for vinteren. Erfaring frå tidlegare år tyder på at det langt ifrå blir den einaste.

Ein halv time seinare snur den uniformerte bilen frå Vegvesenet ovanfor Maristova. Det viste seg at det vart ein bomtur. Ifølgje Vegtrafikksentralen var det to vogntog som hadde køyrt seg fast, men begge har komme seg vidare.

Håbakken kontrollstasjon

MANGE KONTROLLAR: Her ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal har over 3500 vogntog blitt kontrollerte til no i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tilbake på kontrollstasjonen er det på tide å låse og lukke sjappa. Ute er det igjen i ferd med å bli mørkt. Karane har også i dag luka bort vogntog som er farlege for oss andre trafikantar.

– Kor stor er sjansen for at vogntog med graverande feil har passert utan å bli stoppa i dag?

– Sjansen er der. Og sjansen er ganske stor også. Vi kontrollerer jo berre ein liten prosent av alle køyretøya, seier Bjørgum.

Han er på linje med seksjonsleiaren for Region vest. Thormod Gausdal viser til at Vegvesenet no vurderer eit nytt utstyr som kan skanne og registrere køyretøy med skeive bremser og manglar frå tidlegare kontrollar.

Det er nok eit ledd i kampen for å bli kvitt farlege køyretøy frå norske vegar.

– Dersom eit køyretøy på 50 tonn kjem på ville vegar, så er det vel dei færraste som vil møte det. Så jobben vår er trafikktryggleik i praksis.

– Vi har eit sterkt ønske om å gjere livet på vegane tryggare. Mange av oss jobbar også med dødsulykker og ser konsekvensane av det. Det er ei sterk drivkraft. Så mange av oss ofrar også mykje fritid for dette, seier Gausdal.