Har du ikkje sikra formuen di med ei ektepakt? Då kan du vere ille ute!
Mange oppfattar felleseige som gjenstandar som eit ektepar eig saman, og som skal delast likt ved ei skilsmisse. Men utan ei ektepakt, gir ekteskapslova stort rom for ei ulik deling.
Rikfolket gjer det
Mange rikfolk sikrar formuen si med ei ektepakt, då slipp dei å bli overraska ved ei skilsmisse. Det bør du og gjere!
Mange land har i si ekteskapslov at dersom partane ikkje har avtalt noko anna, skal det delast på midten ved skilsmisse. Sånn var det og i Noreg før, men ikkje no lenger.
Når ein giftar seg kan ein definere ting som særeige, og alt som ikkje er særeige er felleseige.
Alltid unntak
Dette betyr at ein disponerar det saman, så lenge ein er gift. Men det seier ikkje noko om kva som skjer ved ei skilsmisse.
Då har ein krav på det ein hadde med seg inn i ekteskapet, pluss verdistiginga. Då kan det bli ei veldig ulik fordeling.
- Folk veit ikkje om dette og dei går stadig i fella. Dei må skrive ektepakter, fortel Frokost-TV sin økonomiekspert Siw Ødegaard.
Særeige må avtalast
Både særeige og felleseige er sentrale i ekteskapslova. Særeige er verdiar som berre tilhørar den eine ektefellen, og som dermed ikkje skal delast ved ei skilsmisse.
Særeige må avtalst gjennom ei ektepakt.
Felleseige skal delast
Dei fleste av oss oppfattar felleseige som det motsatte av særeige, verdiar ektefellene har i fellesskap, og som skal delast likt ved ei skilsmisse, men slik er det ikkje. Felleseige er berre felles under ekteskapet, for ved ei skilsmisse er det anledning til ei feildeling.
Ekteskapslova som trådde i kraft i 1993 innførte ordninga med ”skjevdeling”.
Ved eit brot skal ektefellene som hovudreglel behalde det dei eigde då dei gjekk inn i ekteskapet, og det dei har fått eller arva i løpet av ekteskapet. Men ikkje nok med det, ektefellene skal og ha verdistiginga og avkastinga på det dei eigde frå før. Desse verdiane inngår i felleseige, men kan bli fordelt ulikt ved skilsmisse.
Lett å bli forvirra
Då Justiskomiteen behandla ekteskapslova var dei klar over at orda særeige og felleseige kunne bidra til feilaktig oppfatting, men valte likevel å behalde dei.
Uheldig
Her skal du få eit eksempel på korleis det kan gå.
Tenk at de var sambuarar ein del år før ekteskapet blei inngått. Medan de var sambuarar kjøpte de ein bustad som gjekk opp i verdi. Bustaden sto på mannen. Då de inngjekk ekteskap blei bustaden seld, og de kjøpte ein ny.
I alle papira såg det ut som det var han sin bustad som blei seld, og at det på den måten var han sitt eigekapital som blei brukt til å kjøpe den nye bustaden.
Og sidan de hadde felleseige såg de ingen grunn til å spesifisere at pengane kom frå begge to. Etter eit par år blir det skilsmisse.
Under gjennomgang av økonomien oppdagar mannen sin advokat at det var han sin klient som i si tid betalte for bustaden, og hans klient har krav på ”skjevdeling” av bustaden.
Folk tek feil
Ei undersøking utført av kvinnesiden.no viser at 65 prosent oppfattar feleseige som noko vi eig i fellesskap og som med det skal delast likt.