Hopp til innhold

Padde voldtok fisk

Ja, du leste riktig.

Padde voldtar fisk
Foto: Heidi Kristiansen/Privat

Heidi Kristiansen i Fredrikstad fekk nesten sjokk då ho gjekk ut til dammen i hagen.

- Ser eg riktig!? Eg må hente kamera! Det var det første Heidi tenkte med ein gong ho såg kva som skjedde i dammen sin.

Stor dam

I dammen til Heidi er det heile 80 fisk og kanskje opptil 100 padde, men noko slikt hadde ho ikkje sett før.

- Sidan eg var heime aleine måtte eg ta bilde av det, for dette ville nok ingen tru på!

Padde voldtar fisk
Foto: Heidi Kristiansen/Privat

Redningsaksjon

Det var ganske lenge at padda holdt på oppe på fisken.

- Den holdt på i 30 minutt! Den stakkars fisken klarte ikkje å kome seg unna. Den svømte opp og ned.

Men heldigvis for fisken kom Heidi den til unnsetting.

- Eg måtte ta den opp med håv. Og då slapp padda taket.

Nett-TV: Se padde voldta menneskehand

Nett-TV: Ho-padda får mange menn... alt for mange menn

Voldtekt

- Dette er voldtekt, men utan penetrering, fortel zoolog Petter Bøckmann.

Då NRK ga han bildet sa han med ein gong at dette ofte kan skje, kanskje ikkje med ein fisk, men med andre gjenstandar som barkebitar, andre han-padder eller om du er veldig uheldig så kan denne hoppe på fingeren din.

- Dette er som eit diskotek rett før stengetid, fortel Bøckmann.

Rett før stengetid

Ho-paddene døyr oftare enn han-paddene og det blir då eit problem når det blir veldig mange fleire menn enn damer.

- Dei blir desperate.

Bøckmann meiner mange damer kanskje vil kjenne seg igjen i fisken sin situasjon.

- Du kan samanlikne padda med den klengete fyren rett før stengetid på utestaden.

Heidi Kristiansen

Heidi Kristiansen ved dammen sin.

Drepte han nesten

Heidi redda kanskje fisken, for padda holdt nesten på å drepe den.

- Fisken syns nok ikkje dette var gøy. Den slit med å puste for padda klemmar på gjellene slik at han ikkje får puste.

Har du rare bilder på lur?

Er det noko du lurar på? Frokost-TV kan hjelpe deg med å finne svar på ting du lurar på. Send oss tips om alt du måtte lure på, for eksempel som video eller bilder på e-post

Kulturstrøm