Grovbrød

Denne oppskrifta blir til tre runde grovbrød.

Foto: Gro Narvestad / NRK

Grovbrød

Kari Strøfringsdal gjer deg oppskrifta på tre gode grovbrød, som skal ha lang tid å heve.

Slik gjør du

Bland saman grovbakst og kli. Smelt smøret saman med sirupen. Rør gjæra ut i litt lunka vatn. Elt alt saman til ei god deig, og bruk kveitemjølet til å regulere med om deigen er for laus.

Med så lite gjær set ein deiga om kvelden, om ein skal bake om morgonen, eller om morgonen, om ein skal bake om kvelden. Dekk deiga med plast og eit klede før ein set den kjølig.

To timar før utbaking set ein deigen i romtemperatur.

Del deigen i tre, og elt ut runde brød som du set på plate. Dekk med plast, og set dei til etterhev i 40 minutt på ein lun stad. Pensl brøda med vatn og snitt dei før ein set dei i omnen. Steik dei på 200 grader i cirka 50 minutt.

Tips

Meir baking? Prøv tebriks frå Kari Støfringsdal.

Kilde: Kari Støfringsdal i lokalsendinga til NRK Sogn og Fjordane