Hopp til innhold

«Livlause kroppar» i vegbanen

Alle naudetatane rykka ut til Vigra då dei fekk melding om livlause personar i vegen. Heldigvis viste det seg at ein trafikkskule hadde mørkekøyring for elevane sine - og dei livlause kroppane var berre dukker. Køyreskulen fekk beskjed om å seie frå til politiet neste gong dei skal ha ei slik øving.