Hopp til innhold

Bergen og Ålesund kranglar om å få nasjonalakvarium

Ålesund har det største, Bergen har det best besøkte. No kjempar dei to byane om få tittelen nasjonalakvarium.

Atlanterhavsparken i Ålesund

Atlanterhavsparken i Ålesund vil no ha formell nasjonal status, og kallar seg allereie Det Norske Akvariet. Akvariet i Bergen kallar seg Det Nasjonale Akvariet. Begge meiner dei er best.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er ein søknad frå Atlanterhavsparken i Ålesund til Klima- og miljødepartementet som har sett fart på debatten mellom byane.

Å få tittelen nasjonalakvarium kan mellom anna bety løyvingar på fleire millionar kroner årleg.

Søknaden frå Ålesund har fått bergensarane til å reagere. Akvariet i Bergen har over 200. 000 besøkande årleg og opna for 60 år sidan.

– Det bør vere her i Bergen, slår bergensaren Marius Eide fast. Tysdag var han på besøk i Akvariet i Bergen med familien.

Atlanterhavsparken i Ålesund

Atlanterhavsparken i Ålesund vil satse meir på undervisning og forsking framover, og ber Klima- og miljødepartementet peike dei ut som nasjonalt akvarium.

Foto: Remi Sagen / NRK

Meiner ålesundarane er for seint ute

Og han får støtte på heimebane. Akvariet i Bergen meiner at ålesundarane er for seint ute. Leiinga i Atlanterhavsparken skriv i søknaden sin at dei mellom anna vil fokusere på kunnskapsformidling og knyte til seg dei marine forskarmiljøa i området. Og skryt av ein fantastisk natur og ei unik plassering.

– Vi trekkjer litt på smilebandet av dette. Det dei har omtalt er det vi har gjort, og det vi meiner Akvariet i Bergen har vore i nesten 60 år, seier direktør Geir Olav Melingen.

Pingviner blir matet på Akvariet i Bergen

Akvariet i Bergen har årleg over 200 000 besøkande, og meiner dei naturleg har status som det nasjonale akvariet. Initiativet frå Ålesund har dei lite sans for.

Foto: Renate Hamm

Lurer på kvifor dei kranglar

Alfred Nilsen frå Valldal i Norddal er på tur med barn og barnebarn på Atlanterhavsparken i Ålesund og syns det er kjempeflott. Men at det skal vere nødvendig å krangle om kven som skal ha status som nasjonalt akvarium, forstår han ikkje.

– Eg forstår ikkje at det kan vere begge akvaria. Det einaste som er skil dei er jo dialekta, seier han og får støtte frå Iver Øien frå Oppdal.

Iver Øien

Iver Øien frå Oppdal har ikkje sans for diskusjonen om kven som skal vere nasjonalt akvarium i Noreg. Han meiner det ikkje betyr noko for gjestene.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg skjønar ikkje poenget med å krangle om det, for meg betyr det ingen ting, seier han.

Ber departementet avgjere

Leiinga i Atlanterhavsparken sende nyleg ein 34 siders rapport til Klima- og miljødepartementet der dei argumenterer for at akvariet i Ålesund bør peikast ut som det nasjonale.

Tor Erik Standal

Dagleg leiar Tor Erik Standal i Atlanterhavsparken meiner Klima- og miljødepartementet bør peike til Ålesund og utnemne eit nasjonalt akvarium. Dei søkjer samtidig om 12 millionar kroner årleg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dagleg leiar Tor Erik Standal meiner ingenting er avgjort, og avfeiar konkurrenten sine argument om alder og besøkstal.

– Nei, vi fell ikkje ned på eit nivå der vi diskuterer alder og talet på besøkande. Det har ingenting med innhald, kvalitet, kompetanse og høve til å utvikle seg, som dette handlar om, seier Standal.

Styreleiar Erik Bøckmann ved Akvariet i Bergen seier at også dei no vil ta kontakt med departementet for å diskutere saka.

Atlanterhavsparken i Ålesund

Atlanterhavsparken i Ålesund argumenterer med at dei har ei unik geografisk plassering, og at akvariet her bør få nasjonal status. Leiinga avviser at besøkstal og alder er relevant i ein slik diskusjon.

Foto: Remi Sagen / NRK