Hopp til innhold

Rasa mot publikum etter «homofobiske gloser»: – Bør ikkje aksepterast

Bodø/Glimt-profil Patrick Berg rasa etter det han beskreiv som «homofobiske tilrop» frå tribunen. Tilskodar risikerer ei årelang pause frå stadion.

Eliteserien i fotball 2024: Kristiansund - Bodø/Glimt

TILROP: Patrick Berg kjefta opp på tribunen i Kristiansund.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

I det 88. minutt var det scener ein sjeldan ser på ein fotballbane:

Bodø/Glimt ved Jens Petter Hauge scora 3–2 borte mot Kristiansund, men feira ikkje målet. I staden sto fleire av spelarane i munnhoggeri med KBK-fansen.

Patrick Berg var kanskje den mest aktive i tumultane.

– Ja, det var ein som ropte skjellsord som ikkje bør aksepterast nokon plass i vårt samfunn. Så når ingen rundt seier ifrå, føler eg nokon må seie ifrå, seier Berg.

– Vil du seie kva som blei sagt?

– Ja, vi kan seie det var homofobiske gloser, fortel midtbanegeneralen frå Bodø.

– Er det noko du tenker Kristiansund bør ta affære på?

– Ja, absolutt. Slik kan me ikkje ha det, verken på fotballstadion eller elles i samfunnet.

Ein video NRK har fått viser at det blir ropt «jævla homoer»:

Skal gå gjennom video

Kristiansund BK tek avstand frå tilropa. Dei skal no gå gjennom video dei har blitt tilsendt.

– Det finnast visstnok ein video av ein person som kan identifiserast. Da blir sjølvsagt personen utestengt i eit visst antal kampar, ut frå reglementet me følger, fortel KBKs arrangementsansvarleg, Truls Skar Helland til NRK.

Han viser til sanksjonsreglane som ligg på nettsida til klubben. Der står det tydeleg om «alle formar for rasisme, sjikane og hatefulle ytringar»:

Inntil 35 kampar utestenging og ikkje tilgang til arena før ein har gjennomført eit haldningsendringsprogram.

Med 15 heimekampar i ligaen, og ute av cupen, kan det altså ta eit par år før tilskodaren kjem seg på kamp igjen.

Klubben skal behandle saka så snart som råd.

– Dette er utruleg kjedeleg, og ein kultur som ikkje skal vere på vår stadion. Det tek også fokuset bort frå ein fantastisk dag med ein fantastisk fotballkamp, seier Helland.

Kristiansund 20240512. Bodø/Glimts Jens Petter Hauge under eliteseriekampen i fotball mellom Kristiansund og Bodø/Glimt på Nordmøre Stadion. Foto: / NTB

Jens Petter Hauge har nettopp scora 3–2.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Meistertakter

I kampen i Kristiansund viste Bodø/Glimt seg fram som den største favoritten til å vinne Eliteserien. Nyopprykte KBK kom tilbake to gonger og utlikna, men to minutt før full tid og to minutt på overtid scora dei regjerande meistrane to mål.

Dermed blei det 2–4 og soleklar serieleiing for dei gule frå nord.

– Ja, eg vil seie det er meistertakter. Eg er veldig stolt over korleis me responderte etter 2–2 seint i kampen, og veldig nøgd med slutten av kampen, seier Patrick Berg.

Kristiansund 20240512. Bodø/Glimts Albert Grønbæk scorer mål under eliteseriekampen i fotball mellom Kristiansund og Bodø/Glimt på Nordmøre Stadion. Foto: / NTB

20 minutt tidlegare scora Albert Grønbæk 2-1, og tok imot andre meldingar frå KBK-fansen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Vald i Molde

Den ufine oppførselen frå tribunen følgde opp ei bråkete fotballhelg i Møre og Romsdal.

Før det såkalla «hatoppgjeret» mellom Molde og Rosenborg i går var det fleire stygge valdshendingar. NRK har fått tilsendt videoar der ein supporter blir sparka ned i bakfrå, av ein visstnok bortesupportar.

RBK supportere går i tog gjennom Molde

– Kven går med finlandshette på kamp? spør ein fotballglad far.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Det er også videoar av fleire maskerte bortesupportarar som bryt ut av politiets oppsette rute og bråkar med heimefansen.

Ein Molde-supporter me har snakka med blei sendt til legevakta etter å ha blitt slått til rett før kampen.

– Eg stod der med ein gut på 12 som fekk dagen øydelagd, fortalde ein far som var vitne til tumultane i Molde sentrum.

– Kven går med finlandshette på kamp?, legg han til.

Les også Russ avskilta RBK-buss

RBK-bussen Russ og buss