Hopp til innhold

Fleire verneverdige hus brann ned til grunnen

Eit verneverdig hus og to sjøbuer på Torvholmen i Herøy er fullstendig nedbrende.

Brann i sjøbuer på Torvholmen i Herøy

Brannvesenet kjempar mot flammane, og røyken ligg tett nordover fjorden. Det skal ikkje vere fare for resten av husa på øya.

Foto: Steinar Dimmen

Brann i sjøbuer i Herøy

– Det har tatt skikkeleg fyr i hovudhuset, seier vaktoperatøren ved 110-sentralen til NRK Møre og Romsdal klokka 20

Foto: Arthur Sævik

Like før halv ti tysdag kveld fortalde Steinar Sandvik ved 110-sentralen at alle tre bygningane er nedbrende.

– Husa stod ikkje til å redde, og brannvesenet måtte difor la dei brenne ned kontrollert. Dei vil halde fram med ettersløkking utover kvelden og natta, fortel Sandvik.

Sleit lenge med sløkking

Brannvesenet sleit med å få sløkt brannen i hovudhuset på Torvholmen ved Flåvær. Ifølgje 110-sentralen er dei gamle bygningane på Torvholmen i Herøy knusktørre, og det skaper problem. Vêret og vinden var heller ikkje på deira lag.

– Det har tatt skikkeleg fyr i hovudhuset, seier vaktoperatøren ved 110-sentralen til NRK Møre og Romsdal klokka 20. Han seier brannfolka kjempar mot flammane, og at det ikkje er fleire på veg.

– Dei slit ein del, seier han.

Taket på hovudhuset ramla ned

Steinar Dimmen er styrmann på redningsskøyta Emmy Dyvi. Då dei kom fram stod dei to sjøbuene i full fyr, og dei klarte ikkje å kome inntil hovudhuset med det same. Like etter klokka 21 fortel han at taket på hovudhuset har falt ned.

– Det går ikkje an å redde hovudhuset lenger. Det brenn over alt, og hittil har halve taket rasa av huset, fortel Dimmen.

– Trist at ein slik plass forsvinn

Tor Sindre Steinsvik

Varaordførar Tor Sindre Steinsvik syns at det er trist at sjøbuene har brunne ned.

Foto: May Britt Haukås

Varaordførar Tor Sindre Steinsvik har sjølv vore i selskap ute på Torvholmen fleire gongar, og syns brannen er svært trist. Husa er privateigde, og blei først og fremst bygd som feriehus. Men vert også brukt som selskapslokale.

– Det er trist at ein slik flott stad skal forsvinne. No kan kanskje eigaren byggje opp igjen, men uansett blir det ikkje som før, seier Steinsvik til NRK Møre og Romsdal klokka 20.30.

– Godt med røyk

Arthur Sævik bur på fastlandet på Bergsøya, og seier røyken no rullar nordover fjorden mellom Bergsøya og Moltustranda.

– Det er godt med røyk. Huset er overtent, og for ein amatør ser det ut som brannen er komen så langt at bygningane er totalskadde, seier Sævik.

Politiet har ikkje reist ut på øya

Politiet har førebels ikkje reist ut på øya, men står med ein patrulje på Eggesbønes.

– Vi får ikkje undersøkt åstaden før branntomta er kald, så det er ikkje noko poeng å reise ut no, seier operasjonsleiar Arild Reite. Han opplyser at ingen bur fast på øya.

To sjøbuer totalskadde

Rundt halv seks tysdag kveld fekk brannvesenet melding om brann to mindre bygningar på Torvholmen i Herøy kommune.

Blussa opp igjen

Brannen spreidde seg over til hovudhuset som ligg rett bak sjøbuene – og redningsskøyta klarte først å dempe dei flammane. Men brannen blussa raskt opp igjen, og hovudhuset tok fyr, opplyser brannvakta rundt klokka 19. Brannvesenet samarbeider med redningsskøyta «Emmy Dyvi».

– Liten fare for spreiing

Bjerknes trur at faren for at brannen skal spreie seg enda meir er liten. Det er utfordrande å kome seg ut til Torvholmen, som ligg midt mellom Gurskøy og Bergsøya. Politiet er ikkje på staden, men seks mann frå brannvesenet kom seg ut i småbåtar.

Torvholmen

Tussa reiste ut på øya for å ta straumen på hovudbygget, for å lette sløkkingsarbeidet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL