Hopp til innhold

Ferske jordbær i september

Ei gladmelding for jordbærelskarar midt i vinterkulden; det kan bli ferske bær å frå Valldal heilt fram til september!

jordbærplante

I det nye året kan det bli plukking av solmodne jordbær frå Valldal like til september. Det blir første gong det kan bli avlingar så seint på året.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I ei av dei største jordbærklyngene i landet, vurderer no enkelte jordbærdyrkarar å ta inn planter frå utlandet for å kunne tilby ferske jordbær mykje lengre utover året enn vanleg.

Cluet er å kjøpe eittårige jordbærplanter i utlandet som gir avling alt få månader etter at dei kjem i jorda.

Harald Valle

Harald Valle er dagleg leiar i Valldal Grønt.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Til no har alle jordbæra frå Valldal vore basert på stiklingar som er sett ut i åkrane i om hausten eller tidleg på forsommaren. Sjølve bær-sesongen blir dermed forholdsvis kort. Import av planteferdige jordbærplanter kan gjer at fersk jordbær blir tilgjengeleg lenger utover ettersommaren.

– Det vil kunne bety at vi får plante og hauste same sesong. Vi får dra nytte av haustane på våre kantar. Den tida byr jo ofte på å finever og gode forhold i åkrane. Det kan også bety fersk bær heilt fram til byrjinga av september, seier Harald Valle, dagleg leiar ved Valldal Grønt.

Viken Gartneri, Fjørå

200 jordbærplanter fekk plass i drivhuset i Fjørå.

Foto: Ole Henrik Uri

Jordbær i oktober

Ole Henrik Uri og Kåre Strøm ved Vika Gartneri i Fjørå er truleg einaste bærdyrkarane på Sunnmøre som har prøvd importerte jordbærplanter. I fjor kjøpte dei planter frå Nederland og planta dei ut i drivhuset, ikkje på open åker.

– Erfaringa er positive. Vi hadde mogne bær til oktober, og bæra smakte godt. Men ho kunne ikkje heilt matche valldalsbær frå åkrane i bygda, det er jo verdas beste jordbær, meiner Uri.

Ole Henrik Uri

Ole Henrik Uri har gode erfaringar etter første sesongen med importerte jordbærplanter.

Foto: Privat

Han presiserer at dei ikkje prøver å konkurrere med den vanlege valldalsbæra, men ser import som ei moglegheit til å styre sesongen, forlenge den og få fleire avlingar same året.

– Vi har lyst å prøve det ut, og syntest dette er spanande. Økonomisk er det også ein fordel å kunne forlenge sesongen i begge endar, seier Uri.

Heitt tema

Import av jordbærplanter, er eit heitt tema hos jordbærdyrkarane i heile landet. Det er særleg produsentar i Rogaland og Austlandet som har ivra for det, medan miljøet i Valldal har vore meir tilbakehaldande.

Frå 1986 og fram til førre årsskiftet var det forbode å importere jordbærplanter til Noreg. Fare for smitte av plantesjukdomar over landegrensene, var årsaka til den restriktive lovgivinga.

Jordbær

Valldalbær er vide kjend, og no kan jordbærsesongen bli utvida.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Men når regjeringa frå januar 2015 endra regelverket, betyr det skjerpa kontroll for å hindre introduksjon og spreiing av insekt, soppsjukdomar og anna som kan skade avlingane.

– Det er alltid ein risiko ved planteimport. Smittefaren må ein vere obs på. Det er berre aktuelt å kjøpe planter som er godt kontrollerte, seier Harald Valle.

Ifølgje Valle har enno ingen bestemt seg for å prøve importerte planter som kan setjast rett i åkrane i Valldal, men fleire bærdyrkarar har det til vurdering.

Skeptisk

Audun Skjervøy er mellom bærdyrkarane i Valldal som ikkje hoppar i taket av begeistring over import av jordbærplanter. Han er uroa over at dette skal føre til nye og ukjente plantesjukdomar i Noreg. Importert planter bør berre brukast i drivhus, for det avgrensar eventuelle sjukdomar og smittespreiing, meiner han. Slike planter i åkrar, er han svært skeptisk til.

Audun Skjervøy

Audun Skjervøy er skeptisk til å prøve planteimport fordi han fryktar slike planter kan ha med sjukdom som ein vil unngå i åkrane.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det er ikkje spørsmål om vi får nye sjukdomar, men når dei kjem. Særleg vil ulike soppsjukdomar vere eit alvorleg anslag mot jordbærproduksjonen i Valldal. Her ligg åkrane tett og sjukdomar kan lett smitte frå eine åkeren til den andre, meiner han.

Skjervøy fryktar særleg soppsjukdomar i rot-systemet til plantene. Då må åkrane i karantene, og det kan går årevis før dei kan takast i bruk att.

– No har både Mattilsynet og regjeringa innført sterkt kontroll, er ikkje det god nok forsikring?
– Kontrollsystemet klarer å ta ein del. Men erfaring frå andre planteproduksjonar, til dømes frukt, viser at det er uråd å gardere seg 100 prosent.

Plantene i drivhuset i Fjørå har vore friske og fine, utan sjukdom, seier dyrkarane der. Dei besøkt både planteprodusenten i Nederland og den norske importøren, før dei bestemte seg for import.

Importerte jordbærplanter i drivhus

Importerte jordbærplanter frå Nederland i drivhuset i Fjørå.

Foto: Ole Henrik Uri

– Drivhug gir ikkje dei same store utfordringane som å ha desse plantene ute på åkrane. Vi føler oss ganske så trygge, og har ikkje opplevd sjukdom av noko slag. At bæra blir driven fram i drivhus gir også ei fysisk avgrensing for eventuell smitte, seier Ole Henrik Uri.

Medan fleire vurderer om dei skal prøve importerte jordbærplanter i åkrane, og plantene deira ligg i dvale i åkerlandet Valldal , har jordbærplantene i gartneriet i Fjørå stått i potter heile vinteren.

– Håpet er at dei blomstrar tidleg og at dei første bæra er klar alt i mai, seier Ole Henrik Uri.