Kring eitt år er gått sidan studenten Anja Weløy Aarseth vart funnen drepen på byfjellet Aksla i Ålesund.
24 åringen som tilstod valdtekt og drap anka domen, etter at han vart dømt til 21 års forvaring med ei minstetid på 10 år.
Den dømte meinte i samråd med sin forsvarar at det var feil å døme han til forvaring i staden for fengselsstraff.
– Vi meiner vilkåra for forvaring ikkje er til stades og at fengselsstraff er det riktige. Noko meir enn det kan eg ikkje gå inn på, seier advokat Per Herman Thori-Aamot til NRK.
- LES OGSÅ: Tiltalte fikk refs av dommeren
- LES OGSÅ: Både ransforsøk, voldtekt og drap på litt over en time
Vil forklare seg
24-åringen var lite viljug til å snakke då saka gjekk i Sunnmøre tingrett i mars.
Mannen svarte lågmælt og med einstavelseord på spørsmål frå domaren om skuld. Bortsett frå å erkjenne skuld for drap og valdtekt, fekk retten ikkje høyre noko forklaring.
Når ankesaka starta 17. september, er den drapsdømde mannen klar for å snakke, ifølgje hans forsvarar.
– Utgangspunktet er at han skal forklare seg, seier Thori-Aamot.
- LES OGSÅ: Politiet: DNA var avgjørende for å oppklare Aksla-saka
- LES OGSÅ: Tiltalte ventet på Anja bak dette treet
Krev forvaring
Ankesaka går over to dagar i Frostating lagmannsrett.
Retten skal då avgjere om 24-åringen skal dømast til forvaring eller alminneleg fengselsstraff. Lengda på straffa skal også avgjerast.
– Eg kjem til å legge ned same påstand som i tingretten, altså 21 års forvaring med ei minstetid på 10 år. Det er blant anna basert på dei rettspsykiatriske sakkunnige, som meiner at det er fare for gjentaking, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.
Ho legg også situasjonen på domstidspunktet til grunn og seier at 24-åringen måtte slutte med rus dersom han skulle betre seg og at dette ikkje var tilfelle i fengsel.
– Etter mitt syn er alle vilkåra for forvaring til stades, seier statsadvokaten.
Dei som har behandla han etter at han kom i fengsel, er oppført som vitne i ankesaka.