Hopp til innhold

Mann funnen død etter leiteaksjon i Rauma

Ein mann i 70-åra blei funnen omkomen etter ein leiteaksjon i Rauma natt til tysdag. Mannen blei meldt sakna då han ikkje kom tilbake frå ein tur.

Leiteaksjon i Eidsfjord i Rauma

LEITEAKSJON: Både frivillige, Røde Kors, Norske Redningshundar og politiet deltok i søket etter mannen.

Foto: Ottar Rydjord

Dei pårørande er varsla, melder politiet i Møre og Romsdal.

Mannen i 70-åra blei meldt sakna klokka 21.50 av familien sin då han ikkje dukka opp igjen frå ein tur.

– Han gjekk heimafrå klokka 16.30 og skulle på tur. Familien hans leita først, men tok etter kvart kontakt med politiet då dei ikkje fann han, seier Jens Dahl, operasjonsleiar i politiet.

Funnen av drone

Det blei så sett i gang ein leiteaksjon i Eidsbygda i Rauma. Det blei mellom anna brukt eit Sar Queen-helikopter til å leite etter mannen.

Jens Dahl, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Jens Dahl er operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

– Norske Redningshundar, Raude Kors, politiet og frivillige lokalkjende deltok også i søket, seier Dahl.

Like etter 02.30 blei det gjort funn av den sakna mannen og han blei bekrefta omkomen.

Ifølge politiet blei mannen funnen i område der han skulle gå på tur. Han skal ha vore kjent i dette område.

– Han blei funnen i det området der Sar Queen-helikopteret hadde peila telefonen hans. Og så var det ei drone som gjorde ein observasjon av han. Så han blei funnen ved hjelp av ei politidrone og ein hundeførar frå politiet, seier Dahl.

Ikkje mistanke om noko kriminelt

Operasjonsleiaren fortel at det ikkje er mistanke om noko kriminelt.

– Vi har oppretta ei undersøkingssak. Håpet er at vi kan finne ut kva det er som har skjedd, seier Dahl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL