Hopp til innhold

Meteorologar åtvarar: Skredfaren aukar i helga på grunn av regn

RAUMA (NRK): Det er varsla store nedbørsmengder i Rauma frå og med søndag. Det aukar skredfaren ved «Mannen».

Mannen - kritisk punkt

SJÅ DIREKTE: Biletet av den øvre delen av Mannen med omtrentleg nedre avgrensing av fjellpartiet i bevegelse. Det er også indikert dei to ulike vegbanane skredet kan ta. Pila til høgre viser skredbana i retning Rønningen. Det er også eit bratt parti som ser ut som pinaklar frå nedsida som stenger for dei øvre massane.OBS. NRK har små tekniske problem, så det kan hende du får problem med videoavspelinga i ein liten periode.

Geir Ottar Fagerlid

NEDBØR: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid fortel at det er venta store nedbørsmengder frå søndag.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Det er snakk om mykje nedbør i løpet av eit døgn. Då er det spesielt stor fare for skred, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Ifølgje Fagerlid er det venta opp imot 30 til 50 mm nedbør i Møre og Romsdal.

Også temperaturendringane som er venta i den komande veka kan påverke utviklinga i «Mannen».

– Vi får også meir nordvestleg og vestleg vindretning neste veke. I tillegg vil temperaturane falle, og ein kan ikkje sjå vekk frå at det kjem snø i fjellet neste veke. Også det vil spele inn, seier Fagerlid.

Nedbør gjer utslaget

Ein heil kommune blei onsdag sett i full beredskap etter at Åknes/Tafjord Beredskap IKS varsla skredalarm ved fjellet «Mannen» i Rauma kommune.

Tidlegare har det blitt estimert at mellom 10-40.000 kubikk med stein kan rase ut. I den nyaste statusrapporten frå beredskapssenteret kjem det derimot fram at heile 120.000 kubikk med stein – altså tredobbel mengde – kan rase.

Lars Harald Blikra

RAS: Lars Harald Blikra følgjer utviklinga ved «Mannen».

Foto: Terje Reite

Sjefsgeolog Lars Harald Blikra i Åknes/Tafjord Beredskap IKS seier det har vore stabil utvikling i bevegelsane i «Mannen» dei siste dagane.

Blikra fortel at nedbørsmengdene blir utslagsgivande for når Mannen-skredet blir løyst ut.

– Det er umogleg å seie eksakt når skredet kjem, men fjellpartiet er såpass ustabilt at dersom det kjem mykje nedbør så kan det rase i løpet av dei komande dagane, seier han.

Blikra fortel at det er vanskeleg å avgjere når fjellet vil rase så lenge farta på bevegelsane i fjellet er jamn.

– Dersom vi ser at det byrjar å bevege seg raskare for kvar dag og for kvar time så kan vi vurdere tidspunktet for nærare, seier han.

Saka held fram etter biletet.

Nedbørsvarsel for mannen søndag

Nedbørsvarsel for 'Mannen' søndag.

Foto: Meteorologisk institutt

Følgjer nøye med

«Mannen» i Rauma er eit av dei mest overvaka fjellpartia i landet. Radar og anna måleutstyr er permanent plassert i fjellsida for å varsle om nye bevegelsar.

Allereie i starten av oktober blei det varsla om fare for skred. Blikra er sjølv på veg til Rauma for å delta i undersøkingane rundt «Mannen». Geologane på staden følgjer nøye med på utviklinga i fjellsida, og vil i dag gjere ei ny synfaring i området.

– I dag skal vi opp i helikopter for å utforske området der det er mest bevegelsar, seier Blikra.

– I tillegg blir det grundig kontroll av alt utstyr og instrumenta for å kontrollere at alt fungerer som det skal, held han fram.

Framleis evakuerte

Sjølv om det har vore lite nedbør i natt og opplett i morgontimane, kan dei evakuerte slett ikkje dra heim til husa sine. I natt har dei fleste som bur i nærleiken av fjellet budd hos slektningar. Ein bonde har valt å vere att på garden saman med rundt 200 sauer og fleire andre dyr.

Lensmann Andreas Hustad i Rauma

KONTROLL: Lensmann Andreas Hustad meiner dei har kontroll på evakueringa rundt 'Mannen'.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad seier at dei hjelper til med å omplassere dyra.

– Landbruksavdelinga oppretta i går kveld kontakt med gardeigarane og vil utover dagen prøve å finne løysingar, seier Hustad.

Ein person er framleis innafor sperringane. I dag møttest krisegruppa i kommunen for å diskutere situasjonen. Lensmann Andreas Hustad meiner dei har kontroll.

– Det kan bli aktuelt med tvangsevakuering dersom forholda ved det skredfarlege området blir meir trugande, seier Andreas Hustad.