– Dette blir først og fremst ei anledning for alle som føler seg råka av det tragiske som har skjedd, seier prost Leif Endre Grutle.
I Ålvundeid kyrkje samlast pårørande, folk i bygda og fleire andre etter skredulukka som tok fire menneskeliv denne veka.
I kyrkja samla folk seg for å minnast dei fire mennene, tenne lys og dele sorga.
Det fire omkomne var:
- Ola Inge Drøpping (27) frå Ålvundfjord i Sunndal kommune
- Yngve Dalquist (37) frå Trondheim
- Øyvind Slørdahl (36) busett i Oslo, opphavleg frå Trondheim
- Ole Simensen (28) frå Os i Hedmark
Dei fire var på skitur ved den 1.552 meter høge fjelltoppen Litlskjorta i Sunndalsfjella då dei blei meldt sakna måndag ettermiddag. Det var dei fire sine to turkameratar, som hadde forlate fjellet tidlegare, som melde dei sakna.
- Les også:
- Les også:
Saka held fram under bildet.
Profesjonell hjelp til stades
Dei fire blei funne omkomne i Kannsdalen mellom fjella Litlskjorta og Glennfjellet onsdag. Om formiddagen blei dei henta ut.
– Sånne hendingar sett i gang veldig store kjensler. Sjokk, vantru, sorg og fortviling, seier prost Grutle til NRK.
Han meiner det no er viktig å møte kvar enkelt si sorg.
– For kvar sorg er individuell. I ei fellessamling blir det anledning til å vere saman, der den enkelte kan setje ord på det ein føler.
– Og kanskje finne starten på ei trøst gjennom det, avsluttar Leif Endre Grutle.
I Ålvundeid kyrkje har både kyrkja og det kommunale beredskapsarbeidet folk til stades dersom nokon ønskjer å prate med profesjonelle, informerer prosten.