Hopp til innhold

Politiet: – Offeret mangla fleire kroppsdelar

Ein mann i 20-åra er sikta for drapet på ein mann i Hareid på Sunnmøre fredag.

Ein mann i 20-åra er sikta for drapet på ein mann i Hareid på Sunnmøre fredag.

SJÅ PRESSEKONFERANSEN I OPPTAK HER: Lensmann Odd Kulø og fungerande politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Ingar Bøen, informerte om drapet i Hareid under ein pressekonferanse laurdag føremiddag.

– Den døde var ille tilreidd og mangla fleire kroppsdelar. Det var grunnen til at det er vanskeleg å identifisere vedkomande, seier fungerande politimeister Ingar Bøen under ein pressekonferanse i Ulstein laurdag føremiddag.

Ikkje gjennomført avhøyr

Politiet vil foreløpig ikkje gå ut med kva for kroppsdelar som manglar. Årsaka til dette er at dei ikkje er ferdige med avhøyra av den moglege gjerningsmannen og vitne.

Den sikta, ein mann i 20-åra, er ein etnisk norsk statsborgar som er busett på Sunnmøre, men ikkje i Ulstein/Hareid-regionen. Han er enno ikkje avhøyrt.

– Mannen blir framsett for fengsling på måndag, opplyser politimeisteren. Den sikta får oppnemnd forsvarsadvokat.

Politiet har ingen teoriar, og kjenner heller ikkje noko motiv for drapet.

Manglar identifikasjon

Politiet står utanfor bustaden der eit mistenkeleg dødsfall fann

Politi utanfor huset på Bigset i Hareid der ein mann vart drepen fredag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Drapet vart først skildra som eit «mistenkeleg dødsfall», men under pressekonferansen kom det fram at det no dreier seg om eit drap. Politiet har enno ikkje fått bekrefta identiteten til den avdøde, som skal vere i 20-åra.

– For å få sikker identifisering må vi ha anten DNA, fingeravtrykk eller informasjon frå tennene, seier Bøen og legg til at dette foreløpig ikkje er på plass.

Etterforskinga til no har like fullt gitt eit godt grunnlag for å ha ei meining om kven den døde kan vere, seier han. Det er i tilfelle snakk om ein mann ifrå Hareid/Ulstein.

Dei pårørande har nett blitt varsla.

Bistand frå Kripos

Det har blitt sett inn store ressursar i etterforskinga av dødsfallet som nå vert er bekrefta som eit drap. Det vart bede om bistand frå ni spesialistar frå Kripos få timar etter at dødsfallet vart kjend. 25 personar frå Sunnmøre politidistrikt tek også del i etterforskinga.

Granskinga har begynt på åstaden og det har blitt brukt politihundar til søk i området.

– Eit mistenkeleg dødsfall

Det var fredag klokka 13.30 at politiet fekk melding om at det hadde blitt funnen ein død person i ein bustad på Bigset i Hareid kommune.

– Dei første undersøkingane på staden, og skadar på personen, gjer at vi ser på dette som eit mistenkeleg dødsfall, opplyste fungerande politimeister Ingar Bøen under ein pressekonferanse fredag kveld.

Kripos og politi på åstaden i Hareid

Ni spesialistar frå Kripos vart raskt kopla inn i saka, også før det vart offisielt bekrefta som eit drap.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no