Hopp til innhold

Sjekk dei prisane!

Veka startar godt for sunnmøringar som likar å spare litt når tanken skal fyllast. Måndag formiddag hadde så godt som alle bensinstasjonar i byen dieselprisar under ein tiar.

Bensinprisar

Mange sunnmøringar hadde merka seg dei uvanleg låge prisane måndag formiddag.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Andrea Bradly Martinez

Andrea Bradly Martinez fekk tips om at det var lurt å fylle tanken no.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Eg visste at prisane vår låge, søstera mi ringde meg og tipsa, det seier Andrea Bradly Martinez. Ho har tankar diesel i Nørvasundet i Ålesund.

Ho er ikkje aleine, medan NRK er på staden kjem fleire titals bilar innom for å fylle tanken denne morgonen. Martinez seier ho var førebudd på at ho måtte vente på tur.

-Søstera mi var her tidlegare i dag, då var det kø her, så dette var jo ikkje ille, seier ho med eit nikk mot dei andre bilane.

Lågare enn på fleire år

Med 11,20 for bensin og 9, 89 for diesel på det billigaste er det truleg fleire år sidan prisane har vore så låge i Ålesund.

Rett nok er det ikkje heilt uvanleg at drivstoffprisane går ned måndag morgon, men dette er likevel noko anna. Det stadfestar også Jan M. Kleven, som er administrerande direkteør i Bunker Oil.

– Eg kan ikkje hugse at prisane har vore under ti kroner, og eg har vore med nokre år, seier han til NRK.

Han seier det varierer litt kva for område som opplever slike svingingar, men at Ålesundsområdet har merka det særleg den siste månaden.

– Dette vekslar litt. Av og til er det Oslo, av og til Bergen, men i det siste har det vore Ålesund som har fått merke det, seier Kleven.

– Kvifor skje dette?

– Det er vanskeleg å finne gode forklaringar. Men det er ein saueflokk dette her. Seier ein sau bæ, så brekar dei andre med, for ingen vil vere dårlegast.

Set pris på låge prisar

Atle Haraldsvik

Atle Haraldsvik visste ikkje at prisane var rekordlåge då han kom til stasjonen i dag tidleg.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Eg var ikkje klar over dei låge prisane då eg kom, men dette var jo kjempehyggeleg, seier Atle Haraldsvik.

Klokka er nesten ni og han har kome fordi bilen rett og slett trengde påfyll no. Han syns det er glimrande å kunne tanke på ein sånn dag. Han trur folk no har merka seg prisane.

–Eg tankar alltid her, men det er ikkje ofte det er så mykje folk å sjå som dette, for å seie det slik, seier Haraldsvik. – Det skuldast nok at stasjonane konkurrerer seg i mellom, tenkjer eg. Men det er jo bra for oss kundar, då.

- Situasjonen er ute av kontroll

Jan M. Kleven

Forhandlar Jan. M. Kleven trur ikkje forhandlarane kan leve med så låge prisar over tid.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Men ikkje alle gler seg like mykje over dei låge prisane. For Kleven og dei andre forhandlarane betyr låge prisar store tap. No meiner han dei har nådd ei grense.

– Det har vore ein pågåande priskrig i Sunnmørsområdet, og no kulminerer dette i eit voldsamt prisfall som gjer at vi og alle våre konkurrentar taper masse pengar. Vi sel no med store tap.

Kleven seier drivstoffprisane er kjenslevare for svingingar og at dette nokre gongar får ekstreme utslag.

Han visertil at opne prisar der alle kan sjå kvarandre er bra for kundane, men at situasjonen no er heilt uhaldbar for dei som sel bensin og diesel.

– Kundane kan nok kose seg, men for oss er det slik at vi taper ubehagleg mykje. Det startar med at ein forhandlar pressar prisane og så må dei andre følgje etter til det kjem heilt ut av kontroll.

Merkar pågangen

Ogne Roald

Ogne Roald har ein travel morgon. Drivstoffsjåførane merkar godt når prisane er låge og pumpene tømmers raskare enn vanleg.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Ja, det går ein del meir enn det det gjer til vanleg, det blir jo meir å gjere for oss som. Det seier Ogne Roald.

Han køyrer tankbil og svingar inn for å fylle meir drivstoff på tankane på stasjonen. 41 kubikk diesel skal frå bilen og inn til pumpene og handleglade sunnmøringar.

Roald fortel at tankane var fylteopp fredag, men at dei fekk melding om nesten tomme tankar måndag morgon.

– Vi får melding når det nærmar seg lågt nivå i tankane, og i dag tidleg blei eg ringt opp og måtte køyre hit, seier Roald. – Så vi merkar pågangen, ja.

Han seier dei leverte 18 000 liter tidlegare på dag, men at det ikkje var nok.

– Det var for lite, det går raskt unna , seier han.

Malin Dyb Giil

Malin Dyb Giil kunne godt tenkt seg lågare prisar oftare.

Foto: Charlotte Ervik / NRK
– Har vore på jakt

Og at sunnmøringar er prisbevisste er kanskje ikkje så overraskande.

– Eg har vore på bensinjakt, seier Malin Dyb Giil.

Ho tankar på familien sin bil, men var ikkje fornøgd med prisen på den andre stasjonen ho var innom.

–Der kosta dieselen 11,29, her er prisen 9,99, så då heiv eg meg rundt, seier ho.

Ho meiner dagens prisar er langt meir likandes enn det dei er til vanleg. Men kor lenge det vil halde seg slik er likevel høgst usikkert. Frå forhandlaren er det i alle fall ikkje klare svar å hente.

–Om det vil bli låge prisar også framover, det veit eg rett og slett ikkje, seier Kleven. –Det er heilt ute av vår kontroll.

Se TV-reportasjen:

Priskrig på bensin i Møre og Romsdal

Flere nyheter på: www.nrk.no/mr