Hopp til innhold

Her er fleirtalet vandreruss: – Vil ikkje bruke kjempesummar på russetida

Å bruke millionar av kroner på russetida kan sjå ut til å bli mindre populært. I Ålesund tenker russen på økonomien, og dei fleste droppar buss og van.

Vi har høyrt det lenge: Prisane stig og alt blir dyrare.

Men russetid blir det likevel, og kanskje er det ikkje like kult å bruke titusenvis eller hundretusenvis av kroner på russetida lenger?

Eg er ikkje villig til å bruke så mykje pengar på køyretøy, slår russepresident Yoendy Røren De La Cruz fast.

Ei ny undersøking gjort for NRK viser at 61 prosent i aldersgruppa 18–29 år nettopp har tatt av sparepengane for å finansiere russetida.

I Ålesund er dei ikkje så gira på å bruke opp pengane sine på det. Derfor droppar dei buss og van, og er vandreruss.

Yoendy Carola Røren De La Cruz er russepresident ved Borgund videregående skole. Hun smiler inn i kamera, med flere medruss bak henne.

Yoendy Carola Røren De La Cruz er russepresident ved Borgund vidaregåande skole i Ålesund. Ho trur økonomien er den største årsaka til at så mange har valt å vere vandreruss.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Ein vennegjeng i Stavanger brukte 2 millionar kroner på russetida. Les saka her.

– Meir akseptert

Russepresidenten ved Borgund vgs. er klar på kvifor fleirtalet av russen har valt å vere vandreruss.

Eg trur folk har meir fokus på å spare og vere meir økonomiske, med tanke på at alt er så dyrt. Ein merkar at det ikkje er verdt det, seier De La Cruz.

Eline Flem er russepresident ved Spjelkavik videregående skole. Hun smiler inn i kamera. Bak henne står flere andre russ.

– Ein ønsker å bruke pengane på andre ting. Vi har valt å dra på ein felles jentetur og kose oss ekstra der. Behovet vårt for eit køyretøy er ikkje så stort.

Eline Flem

Russepresident ved Spjelkavik videregående skole

– Det handlar om prioriteringar, kva ein er villige til å ofre og bruke på det. Vi var einige om at vi ikkje ville bruke kjempesummar på russetida. Vi valde den billigaste løysinga, men vi kjem til å ha det gøy vi òg.

Det seier Martin Flo Alnes i russegruppa «Garrison». Han peikar også på at han trur det kan vere lettare å ta valet om å vere vandreruss no.

Det er ein aukande trend. Eg veit at det er meir vanleg no enn berre for nokre år sidan. Det har nok blitt meir akseptert å ikkje vere på buss eller van.

Til samanlikning var det 35 vanar i fjor i Ålesund, medan det er 20 i år.

Martin Flo Alnes står mellom to av guttene i russegruppa si "Garrison". De står med ryggen til og viser frem logoen på genserne sine.

Russ ved Spjelkavik vidaregåande skole, Martin Flo Alnes, meiner det å vere vandreruss er ein aukande trend.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Nedgang i antal bussar

Også i Bergen er det ein nedgang i antal bussar denne russetida. Leiar for russestyret i Vestland, Ivar Stangenes Søvig, seier at det i fjor var 14 bussar, mens det i år er åtte.

– Kva trur du er årsaka til det?

Det er vanskeleg å seie, men at økonomi spelar inn er eg sikker på.

– Blant russen generelt er det ei oppfatting om at russetida er ganske dyr, legg han til.

Han fortel at dei fleste utvilsamt er vandreruss, men at det ikkje er uvanleg i Bergen.

Vandreruss i Ålesund. Tatt med dronekamera.

Nokre av vandrerussane i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • I Nord-Norge har dei berre ein russebuss, og den blei pussa opp på dugnad. Les saka her.

Lita endring, men vil ha større

I Stavanger har dei i fleire år vore kjend for ei lang russetid med mykje rulling.

Hilde Blesvik er fagkoordinator i fylkeskommunen, og seier at dei ikkje ser ei spesiell endring i år.

Vi har ikkje tal på det. Vi har ei kjensle av at det er eit par-tre bussar mindre, og at det er mindre fokus på dei, seier Blesvik.

Ho seier dei skal kartlegge russekulturen nærare til hausten for dei kommande kulla, og håpar å sjå ei større endring i framtida.

Blesvik seier dei vil at russefeiringa skal skje etter eksamen, og at feiringa blir utan russebussar og meir som ein festival.

Les også Regjeringen advarer russen: Ville ikke inngått busskontrakt nå

Linde Cesilie Lannem, russepresident i Sandvika

Russebussane står framleis sterkt

Særleg bærumsrussen er titt og ofte i media, og visar stolt fram sine bussar til fleire millionar kroner.

Og dei står framleis sterkt, fortel Simen Preus Dovland, som er kommunikasjonssjef i Russens Hovudstyre.

Ein ser ikkje nokon stor endring frå tidlegare år til i år. Det varierer på skulane kven som har bussar og ikkje, og det er ikkje ei markant endring på enkelte av skulane i år.

Han trur det kan hende ein kan sjå ei endring etter kvart, men det synest ikkje enno.

Vandreruss i Ålesund

Russen i Ålesund seier ein samlingsstad gjer det lettare å droppe buss og van.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Eigen stad i russetida

I Agder er russen frustrert over at dei ikkje har ein stad å vare under russetida. Dei fryktar for både ei meir ekskluderande russetid og for tryggleiken sin.

I Ålesund kommune har dei nettopp teke det på alvor. Dei har funne ein samlingsstad for russen der alle kan vere:

Ein diger parkeringsplass der det skal komme gjerde rundt, og bli sett opp toalett. Røde Kors skal også vere i området, og foreldrevakter skal vere utanfor området.

Russen skildrar det som eit type festivalområde, og meiner samlingsplassen gjer valet med å droppe buss og van lettare og ikkje minst skaper inkludering.

Då er ein meir i fellesskap, enn at kvar gruppe sit i kvar sin russebil, seier Alnes.

Minda Myklebust er SLT-koordinator i Ålesund kommune - og russekontakt i kommunen. Hun smiler inn i kamera, og bak henne står flere russ.

Minda Myklebust er SLT-koordinator og russekontakt i Ålesund kommune. Ho seier dei over tid har jobba for ei meir inkluderande russetid.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Minda Myklebust er russekontakt i Ålesund kommune, og seier dei over lang tid har hatt eit fokus på å få fleire til å bli vandreruss, og skape meir inkludering.

Vi har sett over fleire år at det har blitt dyrare og dyrare å vere russ, og vi ser ei uheldig utvikling rundt utanforskap.

Ho meiner det er svært positivt at rekordmange i Ålesund no vel å vere vandreruss.

Ved å vere vandreruss slepp du også ein kontrakt på ein vennskap.

  • Ei russegruppe betaler 2,5 millionar kroner for å leige ein buss frå 1984. Trygg Trafikk meiner han er livsfarleg. Les saka her.

Meiner russebussar har ein usunn kultur

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) blir glad når ho høyrer at fleire vel å droppe buss og van. Også ho meiner det kan bidra til ei meir inkluderande russetid.

Det er viktig at ein ikkje har dei fysiske avgrensingar som ein buss vil ha, med tanke på kven som er med og kven som er utanfor. Ikkje minst blir den økonomiske terskelen for å delta lågare. Det er veldig viktig, og ei god utvikling.

Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister, fotografert i Vandrehallen på Stortinget.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun meiner russebussane har ein usunn kultur som er urovekkande.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

For det har vore mange debattar knytt opp mot russetida, særleg den siste tida. Nyleg gjekk statsministeren ut og sa at han ville endre russetida.

Nordtun meiner eksempelet frå Ålesund der russen har ein eigen samlingsplass er veldig positivt. Særleg fordi det kan trekke russen vekk frå bussane.

Vi ser at det i bussane er ein usunn kultur, både økonomisk – men at det også er ulovlege rusmiddel som blir inntatte. Det er urovekkande. Det er vi nøydde å få gjort noko med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL