Hopp til innhold

Fire av ti har blitt meir skeptiske til oppdrettslaks

Ei ny undersøking gjort for NRK viser at 37 prosent av nordmenn hevdar å ha blitt meir negative til oppdrettslaksen den siste tida.

Heil laks i eit kar på land

Mange nordmenn har fått eit dårlegare forhold til oppdrettslaks i det siste, men kjøper framleis om lag like mykje som før.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Mi haldning har endra seg! Eg verken kjøper eller et oppdrettslaks!

Saman med dottera og barnebarnet ruslar Elisabeth Misund Hagseth i Ålesund sentrum –
byen som likar å kalle seg fiskerihovudstad og husar fleire store selskap knytt til oppdrettsnæringa.

Kvifor et du ikkje laks lenger?

– Eg veit ikkje heilt, men det er jo noko med alle desse sjukdomane dei har hatt og maten dei gir dei. Eg er veldig skeptisk, så eg kjøper frå elv når eg kjøper laks.

Mor og datter på bytur og svarar på spørsmål om haldningar til oppdrettslaks.

Mor og dotter på bytur. Elisabeth Misund Hagseth (til venstre) og dottera Nina Hagseth har litt ulikt syn på oppdrettslaks.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Eldre mest negative

Og Hagseth er ikkje åleine.

NRK har gjennomført ei spørjeundersøking om nordmenn si haldning til oppdrettsnæringa har endra seg.

37 prosent svarar at dei har blitt meir negative til oppdrettslaks den siste tida.

Det har ikkje mangla på negative avsløringar i media om oppdrettslaksen dei siste månadene:

Laks slaktet hos Hardanger Seafood.

Laks vurdert vraka – blei i staden seld som premium­vare

8.000 kilo laks blei øydelagt fordi kvaliteten var for dårleg. Men rundt 50.000 kilo laks frå samme sending blei seld som mellom anna «superior»-laks.

Selskapa sier dei endra rutinar etter Mattilsynet sin rapport.

Her ute ved merdene ved Rinøya i Lødingen der død laks ligger med buken opp flytende i vannet.
Berit Roald / NTB

Ny rapport: Oppdrettslaksen døyr av infeksjonar og skadar

Over 70 prosent av den sjølvdauda fisken døyr av infeksjonar og skadar, viser ein fersk rapport. No etterlyser fleire strengare krav til dyrevelferd for oppdrettarane.

Død fisk i sjøoverflaten på Lerøy-anlegg på Hitra
Mattilsynet

Mattilsynet meiner sjuk og sjølvdauda laks var på veg til forbrukarane

Livløs laks flaut i vatnet og blei slakta for å bli seld som mat, ifølgje Mattilsynet. Tilsynet svarte med å stoppe slaktinga ved Lerøy Seafood sitt oppdrettsanlegg på Reitholmen.

Laks med store sår. Bilde tatt av Mattilsynet på inspeksjon.
MATTILSYNET

Varslar rekordgebyr til norsk oppdrettsgigant

Mattilsynet har varsla oppdrettsgiganten SalMar om eit rekordgebyr på grunn av dårleg fiskevelferd. Eit uanmeldt tilsyn avdekka store mengder død og alvorleg sjuk laks i merdene til verdas nest største oppdrettar.

Blant dei som svarar at dei har endra haldning til det negative, så oppgir dei fleste at det er etiske- og miljømessige årsaker som ligg bak.

Størsteparten av dei som har blitt meir negative finn vi i aldersgruppa 60–79 år. Dei yngre har i mindre grad blitt meir kritiske.

Les også Laksedød hos MOWI: – Dette er altfor høye tall!

Laks

Ikkje første gong laksen vert diskutert

Oppdrettslaksen har lenge vore omdiskutert.

Medan oppdretten gjev mange arbeidsplassar og inntekter, har naturvernarar og ernæringsekspertar stilt spørsmål heilt sidan den første merden vart sett ut i Noreg på 70-talet.

I 2004 publiserte det anerkjende forskingsmagasinet Science ein stor studie som synte at oppdrettslaks inneheldt fleire giftstoff enn villaks, og at europeisk oppdrettslaks var vesentleg meir forureina enn amerikansk.

Denne artikkelen vart mykje omdiskutert i åra som følgde, og langt få alle var einige i at funna stemte.

Uansett vart funn av giftstoff brukt som argument då Russland stoppa importen av norsk laks i 2006, men fleire meinte at dette ikkje var den ekte grunnen.

I seinare år har studiar funne at mengda miljøgifter i oppdrettslaks har gått kraftig ned, og faktisk at villaks kan ha større mengder skadelege stoff i seg enn oppdrettsfisken.

Samstundes har Noreg år etter år slått rekord etter rekord i mengda produsert og eksportert laks: I 2023 vart 1,2 millionar tonn laks til ein verdi av 122,5 milliardar kroner eksportert.

Med ein porsjonsstørrelse på ca. 300 gram snakkar ein då om fire milliardar middagar.

Oppdrettslaks har altso lenge vore omdiskutert, men er blant dei største eksportnæringane for Noreg og produserer enormt mykje mat.

400 millioner oppdrettslaks svømmer i norske merder. Hvor sunt er laks, og hvordan påvirker laksen miljøet? Andreas Wahl finner sannheten om rosa fisk.

400 millionar oppdrettslaks svømmer i norske merdar. Kor sunt er laks, og korleis påverkar laksen miljøet? Andreas Wahl finn sanninga om rosa fisk.

– Alt nytt er dårleg nytt

Omdømmeekspert Trond Blindheim er ikkje nådig i si vurdering av laksenæringa.

Han er dosent ved Høgskolen i Kristiania, med omdøme og merkevarebygging som ekspertområde.

Når det gjeld laksenæringa så er det slik at alt nytt er dårleg nytt. Og det har vore veldig mange negative oppslag som bidrar til å øydelegge omdømmet for laksenæringa. Men det er jo dokumentert det som kjem fram, seier Blindheim.

Sjølv har han og familien heilt slutta å ete oppdrettslaks.

– Næringa må skjerpe seg alvorleg! Dei har ein stor snuoperasjon framfor seg for å gjenopprette sitt gode namn og rykte, men det er langt dit!

Trond Blindheim

Omdømmeekspert Trond Blindheim meiner oppdrettsnæringa har ein del jobb å gjere for å snu omdømeproblemet sitt.

Foto: Høyskolen Kristiania

Jobbar for å bli betre

Vi tar folk sine bekymringar på alvor, og det er jo viktig å få fram at alle desse negative sakene som har vore det siste året særleg, er unnatak i all hovudsak.

Øyvind Andre Haram er kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg, som organiserer mange bedrifter i oppdrettsnæringa.

Han vil trekke fram at fleirtalet i undersøkinga svarar at dei ikkje har blitt meir negative til oppdrettslaksen.

Øyvind Andre Haram

– Her er det fleire av dei tinga som har blitt tatt tak i i media som er rettmessige, og det må vi bli betre på, rett og slett, seier Øyvind Andre Haram.

Foto: Sjømat Norge

Han seier at oppdrettsnæringa i all hovudsak har mykje positivt å vise til.

– Det må vi bli flinkare til å få fram!

Er du redd for omdømmet til næringa?

Folk responderer gjerne ut frå korleis dei blir fortalt om det gjennom medieoppslaga. Hadde vi hatt like mange oppslag i media om ting som er positivt, ville nok tala sett annleis ut, seier Haram.

Delte meiningar

Medan mange har blitt meir negative til oppdrettslaksen den siste tida, svarar 51 prosent at haldningane er uendra.

3 prosent seier dei har blitt meir positive.

Og gatelangs i Ålesund er det ulike meiningar:

Dame ved hamna i Ålesund

– Eg et laks. Det er kanskje den fisken eg et mest av.

Trine Lise Bakke-Hareide

Iver Kolvik Urke på kaia i Ålesund.

– Eg et det når eg vil og eg synest laks er godt.

Iver Kolvik Urke

Dame i gatebildet i Ålesund

– Eg har blitt meir skeptisk på grunn av det som kjem fram i nyheitsbilde og eigne erfaringar med varer eg har kjøpt.

Bente Myrseth

Handlar laks som før

Trass i haldningsendringar, viser dette ikkje tydeleg igjen i kva folk kjøper på butikken.

I desember i fjor viste tala for enkelte aktørar at salet faktisk hadde auka.

Rema 1000 svarar likevel at deira tal frå i år viser ein nedgang i salet av laks den siste tida, samanlikna med same tid i fjor.

Det kan nok skuldast at vi starta 2023 med to store kampanjar på fisk, noko som førte til ein stor auke i salet. Vi ser difor ikkje ein tydeleg trend utover normale svingingar i marknaden. Det seier Kategori- og innkjøpsdirektør, Line Aarnes.

Norgesgruppen opplyser at salsutviklinga på laks er stabil, medan Coop har opplevd ein liten nedgang. Men dei meiner det handlar meir om prisen enn om omdømmet til fisken.

Yngre er minst skeptisk

Elisabeth Hagseth trillar vidare med barnebarnet i vogna.

Og som undersøkinga til NRK viser, så er den yngre generasjonen mindre skeptisk til oppdrettslaksen enn dei eldre – sjølv innanfor familiar.

Dottera til Elisabeth, Nina Hagseth, har ikkje endra sine haldningar i det siste.

Nina Hagseth på trilletur i byen. Svarar på spørsmål om ho har endra haldning til norsk oppdrettslaks.

Nina Hagseth her ikkje endra haldning til oppdrettslaks og et det som før.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Nei, absolutt ikkje. No er eg ikkje ein person som et så mykje laks, så det har eg ikkje tatt noko standpunkt til.

Du et det som før?

– Ja, det er ikkje noko eg går og tenkjer over når eg kjøper laks, seier den yngre Hagseth.