Hopp til innhold

Heimbyen fylgde Malala på storskjerm

Det var strenge tryggingstiltak då fleire hundre tilhengjarar av nobelprisvinnaren Malala Yousafzai samla seg i heimbyen hennar i Swatdalen i Pakistan for å feire og følgje fjernsynssendinga på storskjerm.

Malala-feiring i Mingora.

Tilhengjarar av Malala samla seg i ein skuleaula for å følgje nobelprissendinga frå Oslo på storskjerm.

Foto: A Majeed / Afp

Soldatar og politi patruljerte gatene, og alle som skulle inn for å følgje fjernsynssendinga frå Oslo vart grundig undersøkte. For det er ikkje alle i Swatdalen som er like glade i fredsprisvinnaren.

Taliban, som prøvde å ta livet av henne for to år sidan, har igjen kome med truslar mot henne. Mange konservative pakistanarar synest tankane hennar er altfor vestlege, så det var langt frå alle som såg med blide auge på feiringa i byen Mingora i dag.

– Mange er redde

Feiring av Malala i Mingora.

Dei fleste skulane i området starta dagen med ei bøn for fredsprisvinnaren Malala Yousafzai.

Foto: A Majeed / Afp

Studentar, skuleelevar og lærarar samla seg i ein skuleaula i Mingora for å følgje seremonien frå Oslo Rådhus.

Under seremonien spanderte deltakarane søtsaker på kvarandre, noko som er vanleg under feiringar her. Store banner på veggane hadde tekstar som «Pakistan er stolt av deg» og «Gratulerer til nobelprisvinnaren Malala Yousafzai».

Ein av initiativtakarane til feiringa, Ahmad Shah, seier til nyheitsbyrået AFP at han hadde håpa på eit endå større frammøte til feiringa, men at mange var skremde frå å ta del etter at ein del innbyggjarar hadde «teikna eit dårleg bilete» av Malala.

– Vi veit at den tause majoriteten støttar henne, men at mange ikkje torer å vise det offentleg, seier Shah.

Likevel så byrja dei fleste skulane i området dagen i dag med bøn og gode ynskjer for Malala.

LES OGSÅ: – De mener at Malala har brakt skam på Pakistan

LES OGSÅ: Mener Malala blir utnyttet

Malala-feiring i Swatdalen.

Deling av søtsaker er ein viktig del av feiringar i Swatdalen i Pakistan.

Foto: A Majeed / Afp

– Inspirert av Malala

11-åringen Adina Ali seier til AFP at ho er inspirert av Malalas kamp.

– Malala snakka om utdanning på eit tidspunkt då utdanning for jenter var forbode. Men fordi Malala fekk ei kule i hovudet, så får jentene i Swatdalen no gå på skule, seier ho.

På den tida då fredsprisvinnaren først stakk hovudet sitt fram var det Taliban som hadde makta i denne delen av Pakistan. Dei raserte jenteskular, dans og musikk var forbode og dei som prøvde å utfordre makthavarane, vart offentleg avretta i hovudgata i Mingora.

LES OGSÅ: Malala Yousafzais nobeltale

LES OGSÅ: – Vi må lytte til barna – det er deres verden som ødelegges

Malala-feiring i Mingora.

Fleire hundre deltok i markeringa i Mingora, men arrangøren seier at langt frå alle som støttar Malala tok sjansen på å møte fram.

Foto: A Majeed / Afp

Skoten i hovudet

Dette var i perioden 2007 og 2009 pakistansk Taliban kontrollerte Swatdalen, og det var då Malala byrja å skrive ein blogg på Internett, der ho tok eit oppgjer med den islamistiske organisasjonen og kravde at alle jenter skulle få gå på skule.

Det var altså etter at Taliban hadde mist kontrollen over området at ho vart skoten og berre så vidt overlevde.

Ein organisasjon som kjempar for retten til utdanning, Alif Ailaan, opplyser a25 millionar born mellom fem og 16 år i Pakistan ikkje går på skule, og at 14 millionar av desse er jenter.

LES OGSÅ: Møt Malalas jentehær i kampen for utdanning