Hopp til innhold

Seks mistenkelege dødsfall i Bodø på ein månad: – Noko er alvorleg gale

Politiet åtvarar om stoffet bensedin. – Eg er uroa for at det vil bli fleire dødsfall, seier seksjonsleiar i politiet.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, har grått hår, briller og politiuniform. Han snakker med en person med briller og rosa skjorte.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, fortel at rusmiljøa i norske byer har hardna til. – Før blei det brukt truslar, no blir det brukt vald.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Laurdag melder politiet i Nordland om nok eit dødsfall i Bodø.

Det er det sjette dødsfallet av unge menn i nordlandshovudstaden den siste månaden.

For berre få dagar sidan blei òg ein ung mann i slutten av tenåra funne død i Bodø.

Fleire av dei døde tilhøyrer same vennekrets, og fleire av dei har vore innom den rusfrie møteplassen «ovanpå».

– Politiet er generelt sett uroa for den utviklinga vi ser knytt til bruken av narkotika, seier Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet.

Les også Sende videoar av narkotika på Snapchat – så banka politiet på

Skjermdumper fra Snapchat som viser narkotika

Åtvarar om stoffet bensedin

Politiet fekk meldinga om det sjette mistenkelege dødsfallet i Bodø laurdag kl. 11.40.

Dei køyrde til ein adresse. Der dei fann nok ein ung mann død.

– Det er eit såkalla uavklart dødsfall. Vi har ikkje omstendigheitane klare men etterforskar saka med same type teori som dei andre sakene, seier Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet.

No går dei ut med ein klår åtvaring om eit stoff dei veit finst mykje av på marknaden.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, har grått hår, briller og politiuniform. Han snakker med en person med briller og rosa skjorte.

Politiet ventar enno på analyseprøvar som kan stadfeste at stoffet bensedin er samanhengen mellom

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / nrk

– I fem av dei seks sakene meiner vi at det kan henge saman med eit stoff som heiter bensedin.

Bensedin har inneheld diazepam. Difor har det noko av den same verknaden som valium, men er mykje sterkare.

– Det finst ikkje på resept i Noreg. Det som finst her er illegalt. Difor er det ein risiko for at det kan innehalde noko anna enn det gir seg ut for å innehalde.

– Vi ber om at folk i miljøet ikkje bruker dette stoffet.

Ifølge Rusinfo er Bensedin og Sobril begge legemiddel av typen benzodiazepiner og verker roande. Både Sobril og Bensedin er vanedannande middel. Bensedin er meir potent og har lenger verknadstid enn Sobril.

– Forferdeleg tungt

Dødsfalla pregar dei som jobbar tett opp mot miljøet.

Ved den rusfrie møteplassen «Ovenpå» i sentrum av Bodø ber dei no folk vere ekstra forsiktige.

– Det har vore forferdeleg tungt. Spesielt med tanke på at gutane som har gått bort er så unge, seier medarbeidar Victor Torrisen.

 Victor Torrisen ved møteplassen "Ovenpå" har dongeriskjorte og grått hår. Han står i et rom med hvite og grå vegger.

Medarbeidar Victor Torrisen i «Ovenpå» tenkjer på familiane til gutane som no sit i botnlaus sorg. – Det er forferdeleg fortvilande for oss som er nære og kjenner gutane.

Foto: Per Willy Larsen / NRK

Han høyrer rykte om kva som har skjedd, men veit ikkje sikkert kva som ligg bak dødsfalla. Det blir mellom anna snakka om fentanyl.

– Det er forferdeleg farleg om det er snakk om det. Det er det ingen tvil om.

Han oppfordrar folk i rusmiljøet i byen om å vere forsiktig, og vere der for kvarandre.

tillegg opplyser han om at det finst nasesprayar med motstoff mot stoffane i omløp. Det kan ein få hos Kirkens Bymisjon, og Torrisen meiner det reddar liv.

Plakat som viser åpningstider til den rusfrie møteplassen Ovenpå

Fleire av dei unge gutane var ofte på den rusfrie møteplassen «Ovenpå».

Foto: Per Willy Larsen / NRK

Møteplassen har arrangert minnestunder for fleire av dei unge gutane. Der kan ungdommane ta forvel med den døde. Torrisen oppfordrar òg folk til å bruke hjelpeinstansane som hjelpetelefonar og vegleiingssenter for pårørande.

– Dei som er ramma av sorga vil eg oppfordre til å ta kontakt. Det er god stønad å få.

Les også Avslørt av hotellansatte – dømt til flere år i fengsel

En mann og en kvinne fra Nordland er blant de syv tiltalte i en stor narkosak som starter i Östersund tingrett på mandag. Her viser bilde av narkotika og en gul sekk.

– Uroa for fleire dødsfall

Politiet ventar no på analysesvar mellom anna knytt til beslaga dei har gjort i sakene. Ifølge Holm er dei prioritert, men dei veit enno ikkje når svara vil ligge føre.

– Kva type beslag er det?

– Det kan eg ikkje kommentere, sidan det er ein stor del av etterforskinga. Det vil naturlegvis ha ein betydning for kva vi landar på til slutt, seier Holm.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, har grått hår, briller og politiuniform. I bakgrunnen er Bodø i pent vær.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet. seier at politiet har ein kontinuerleg førebyggande verksemd i politiet, mellom anna retta inn mot ruskriminalitet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Sidan det er tidleg i etterforskinga vil ikkje politiet gå nærmare inn på kva hypotesar dei jobbar ut ifrå.

Det kan òg ta fleire månadar før obduksjonsrapportane frå dødsfalla er klare.

– Er du uroa for utviklinga?

– Eg er heilt ærleg uroa for at det vil bli fleire dødsfall, seier seksjonsleiaren.

Les også Trur folk kjøper dødsdop utan å vite det: – Ein tablett kan vere livsfarleg

Politiet har beslaglagt det farlige narkotiske stoffet Metonitazin i vesterålen.

– Noko er alvorleg gale

Ordførar i Bodø kommune, Odd Emil Ingebrigtsen, er uroa for dei mange dødsfalla som har skjedd i byen den siste tida.

– Vi sitt ikkje på alle detaljar, men det er heilt klart at noko er alvorleg gale med så mange dødsfall på så kort tid. Dette må vi kome til botns i, seier ordføraren.

Odd Emil Ingebrigtsen prater med blant annet Erna Solberg ute i Bodø med hav og fjell i bakgrunnen.

Ordførar i Bodø, Odd Emil Ingebrigtsen, seier at han er uroa for dei mange dødsfalla som har vore i Bodø på kort tid.

Foto: Marius Guttormsen / NRK

Han seier at han difor har hasteinnkalla politiet og andre aktørar som arbeider i førstelinja knytt til rusmiljøet for å finne ut kva kommunen kan bidra med.

– Dette er ein stor tragedie, og eg ønsker å uttrykke min djupaste medfølelse for de som er råka. Vi har ingen å miste.

Vil laga nasjonal analyseteneste

Fleire stader i landet, mellom anna i Tromsø, vil vere med i eit pilotprosjekt for å førebyggje slike dødsfall med ein nasjonal rusanalyseteneste.

Det finst til no berre eit slikt analysetilbod. Det ligg i Oslo og er drive av Foreininga Tryggare Ruspolitikk.

Maskin som brukes til rusanalyse

Folk kan kome fysisk til Foreininga Tryggare Ruspolitikk i Oslo med ulovleg rusmiddel dei vil ha analysert. Det dei kjem med blir destruert i analyseprosessen.

Foto: Bård Nafstad / n14859

– Rusanalyse er kanskje enno viktigare i distrikta enn i byane. Det er større marknad i Oslo, då er det mindre fare for at ein kjøper ein farlegare, ukjent vare.

Det fortel Ina Spinnangr, dagleg leiar i Foreningen Tryggere Ruspolitikk Oslo.

Portrett av Ina Roll Spinnangr som er daglig leder i Foreningen Tryggere Ruspolitikk

Det er strengare krav til korleis ting skal bli gjort i det offentlege. – Eg fryktar at dette berre blir eit tilbod for dei tyngste brukarane, seier Ina Spinnangr, dagleg leiar i Foreningen Tryggere Ruspolitikk Oslo. 

Foto: Bård Nafstad

– Vi veit frå erfaring frå andre land viser at det er førebyggande. Folk ber venene sine om å kaste det, om dei veit det er farleg.

Men Bodø ville ikkje vere med i denne pilotordninga.

Ifølge ordføraren er det fordi kommunen er i ein økonomisk krevjande situasjon, og tenestane står under press.

– Eg er positiv til å vurdere dette på nytt når vi ser korleis pilotane går i dei store byene, seier han.

Førebels må dei sikre at tenestane dei allereie har kjem i første rekke.

– Miljøet har hardna til

Tidlegare har politiet åtvara om såkalla «dødsdop» i omløp i regionen.

– Kva kontroll har politiet over innføringa av narkotika til Nordland?

– Svaret er svært lite kontroll. Det er det som er sant, seier Holm.

Alf Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet, har grått hår, briller og politiuniform. I forgrunn er en person med brunt hår i en hestehale.

– Vi er nok så blinde på det mørke nettet mellom anna, i likskap med mange andre kontrollorgan. Det er ei stor utfordring, seier Gunnar Holm, seksjonsleiar for etterforsking hos politiet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I fjor skal personar frå det svenske kriminelle nettverket Foxtrot ha blitt observert i Bodø. Politiet konstaterer at dei er kjent med dette.

– Vil det seie at Bodø sitt rusmiljø har blitt tøffare?

– Det har heilt openbert blitt tøffare. Det har hardna til, seier Holm og legg til:

– Før blei det brukt truslar, no blir det brukt vald. Gjerningspersonane blir òg yngre.

Lokalet der den rusfrie møteplassen Ovenpå i Bodø ligger

Ved den rusfrie møteplassen «Ovenpå» har dei laga minnestunder for fleire av dei unge gutane som nyleg har gått bort i Bodø.

Foto: Per Willy Larsen / NRK

Og Bodø er ikkje åleine. Rusmiljøet er samanliknbart med mange andre norske byer, ifølge seksjonsleiaren. I Bodø merker dei det mellom anna ved at kriminaliteten blir grovare.

Holm trur det har samanheng med at politiet ikkje er så til stades på arenaene der narkotika er i omløp. Det gjer at risikoen for å bli oppdaga er mindre.

– Det gjer at du får eit slags frislepp på dette området.

Les også Legen skjulte rusavhengigheten sin i nesten 20 år

Eirik Nordmo ser betenkt ut

Les også Vil la politiet ta spyttprøver og beslaglegge mobil ved mistanke om rus

Linda Helen Haukland, førstekandidat Nordland KrF